Verdidebatt

Å ta livet av eit språk – og å godta det.

Du kan kanskje sangen om «Den siste mohikaner». Det er kanskje ikkje så lenge til eg har gravferd for «Den siste sørsame».

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

(Tankar kring nedleggjinga av Sameskolen i Midt-Norge.)

Eg er prest i sørsamisk område, og no gjer eg som prestar ofte gjer. Eg sit og førebur gravferd. «Då må du vel snakka samisk,» seier folk. Og svaret er – tja.

Det er eit eldre menneske som har gått bort. Skulle eg snakka til ho kunne eg nok ha brukt samisk, i alle fall då ho var ung. Men det er folka i kyrkjebenkene eg skal snakka til. Dei er naboar og kjenningar og lærte seg aldri språket hennar, sjølv om dei budde der ho og hennar slekt har halde til i uminnelege tider. Og då tilpassar ein sjølvsagt. Ein vil at alle skal skjøna det som blir sagt. Så er det barna hennar. Dei lærde heller ikkje mor sitt morsmål. Det var ingen morsmålundervisning, verken på skulen og heller ikkje heime. Kvifor ikkje det?

Det er slik det ofte er i sørsamisk område. Då generasjonen som no er vel 70 år starta på skulen fekk dei ikkje lov til å tala sitt morsmål. Barna skulle bli norske og det samiske skulle plukkast av dei. Det var politikken frå styremaktene. Barna lærte då fort at det dei hadde fått med seg heime var ubrukeleg, utan verdi, ja kanskje òg reint av djevelen. Så då var det å streva seg inn i eit nytt språk – norsk – som er like framand for ein samisktalande som samisk er for ein norsktalande. Det slitet og den nedverdigelsen ville dei sjølvsagt ikkje utsetja sine barn for då dei sjølve vart foreldre. Så då var det norsk som gjaldt heime. Berre foreldre og besteforeldre snakka samisk med kvarandre. Barna fekk ikkje læra noko av språket heime, og langt mindre på skulen. Kanskje var det ikkje lenger forbod mot å bruka språket på skulen, men du hadde ingen nytte av det og risikerte vel helst å bli sett på som ein raring, utanfor det gode fellesskap.

Lovene i landet vårt han endra seg. Ein har sett og skjøna at det ikkje var bra det som ein gjorde for eit par generasjonar sidan. Samisk opplæring, både på og i språket, er i utvikling. Barnebarna til dei eldre som no går bort har både rett til og ønskje om å læra språket besteforeldra hadde, og dei har full støtte frå sine foreldre. Men det er sårbart. I den generasjonen er dei ikkje mange på kvar stad. Dei er fortsatt litt rare, sjølv om det no ofte (men ikkje alltid) blir sett på som positivt både av lærarar og medelevar. Det er ei tung bør for eit barn og ein ungdom å bera eit språk vidare utan å ha høve til å praktisera det med morsmålstalarar i heimen eller venekrinsen. Men dei unge vil og ønskjer det. Det er slekta sitt språk. Knekt av norske styremakter over tiår, men dei vil ta det tilbake – om dei får høve til det. Norske og folkerettslege lover seier dei har rett til det. Ingen går imot det. Men når regjeringa med støtte i Stortinget vel å legga ned den institusjonen som gir opplæring til dei fleste av elevane – utan å ha eit betre tilbod klart, ja utan å ei klart eit tilbod i det heile! – då er det klart at mange misser språket. Dei har retten på si side, men det er ingen som kan gje dei det dei har krav på. Det er som å fjerna maten frå bordet og sei «Vær så god, et!».

Eg skal altså ha gravferd til ho som snakka samisk heime som barn, hennar første og beste språk. Generasjonen etter fekk aldri det språket. Mange i neste generasjon igjen er no i ferd med å bli fråteken høvet til å ta det tilbake. Vi er altså i ferd med å mista eit språk som har vore her lenge før landet vart til. Kor mykje anna av kultur og historie lar vi døy bort utan å bry oss?
Du kan kanskje sangen om «Den siste mohikaner». Det er kanskje ikkje så lenge til eg har gravferd for «Den siste sørsame».
I gravferda blir det mest norsk og litt samisk – så familie og forsamling kan kjenna igjen at «Ja, det var språket hennar.».

Herren Jesus seier: «Alt de (ikkje) gjorde mot ein av desse minste, det har de (heller ikkje) gjort mot meg.» Så kva gjer vi?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt