Verdidebatt

Doble signal til kristne landssvikarar

Biskopane nekta under krigen for at kristne NS-medlemer blei støytte ut av kyrkja. Men etter krigen forsvarte biskop Eivind Berggrav at dei faktisk blei frosne ut.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Tidleg under andre verdskrigen klaga den nasjonalsosialistiske regjeringa over at kristne NS-medlemer blei støytte ut av kyrkja. Biskopane nekta for at det skjedde.

Men etter krigen og før rettsoppgjeret vart det gitt ei prinsipiell grunngjeving for at slik utfrysing var rett. Korleis skal vi forstå denne påfallande inkonsistensen i kyrkja si haldning? Hadde biskop Eivind Berggrav, kyrkja sin svært skriveføre ideolog, og den re-etablerte statskyrkja etter krigen, ein berekraftig teologi for kven som ikkje høyrde heime i det kristne fellesskapet?

I praksis fann nemleg utfrysing stad. Men ikkje i prinsippet. Ikkje i starten.
Det vil alltid vera ei viss utøving­ av læretukt i den ordi­nære forkynninga, med ein allmenn adressat. Det er annleis med kyrkjetukta. Den er ein sanksjon mot menneske som ikkje lenger er velkomne i det kristne fellesskapet.

Akutt. Når politiske motsetnader impliserer etiske dimensjonar ved læra, vert spørsmålet om grensene for fellesskapet akutt. Det hende då slaveri førte til borgarkrig i USA og då dei «kvite» kyrkjene i Sør Afrika blei ekskluderte frå det økumeniske fellesskapet. Lære og praksis braut med eit kristent menneskesyn.

Det hende også under andre­ verdskrigen i Tyskland, der rørsla «Glaubensbewegung Deutscher Christen» vart vurdert som dogmatisk vranglære. Denne rørsla ville sameina kristendom og ­nasjonalsosialisme, og fornekta dei jødiske røtene til kristendommen.
Den norske kyrkja si haldning til kristne medlemer i Nasjonal Samling (NS) er berre ein liten del av dette biletet.

No var det ikkje så underleg om kristne NS-folk kjende på motviljen dei møtte i gudstenestene. Sjølv kunne dei til dømes gå med NS-symbol også i kyrkja, og somme gjorde til og med Hitler-helsing før dei knelte ved nattverdbordet. Det var ein sterk provokasjon. Det er difor rimeleg å tenkja at her gjorde også NS-folk til at dei blei møtte med ei kald skulder.

Skulding. Den kommissariske NS-ministeren i kyrkjedepartementet kravde i april 1941 at det han kalla «intoleransen og hatmentaliteten» skulle ta slutt. Men skuldinga vart avvist, formelt og prinsipielt. Biskopane svara at «adgangen til kirkens gudstjenester og dens nattverdbord er og skal være, og til denne dag også har vært, åpen for alle som søker dit».

Likevel danna kristne i NS rørsla Kristen Samling (KS), som eit åndeleg alternativ for likesinna. Etter eiga meining var dei ikkje nazistar og ikkje spesielt tyskarvenlege. Dei var norske patriotar. Men dei delte den servile statsforståinga i tysk lutherdom, og var difor lydige mot den «lovlege» styresmakta.

Ideologien deira var primært knytt til to ting: Kjærleik til ­nasjonen og frykt for marxismen-leninismen, eller bolsjevismen, sjølve Antikrist. Hyppige sitat frå Stalin teikna biletet av eit kommunistisk tusenårsrike med ei statleg, ateistisk barneoppseding, der Gud er bannlyst, kyrkjer nedlagde og ekteskapet er oppheva.

KS som rørsle kan heller ikkje klagast for antisemittisme. ­«Biskop» Frøyland heldt radio­overført gudsteneste allehelgensdagen i 1942, søndagen etter arrestasjonen av dei mannlege jødane. I preika sa han: «Eg må til slutt nemna endå ein ting som eg tykkjer er syrgjeleg og som skjemmer folket vårt: framferdi vår mot folk av ei onnor rasa og ei onnor tru, innom våre eigne grenser. Eg kjenner meg bunden av samvitet mitt til å segja dette. Me er då nordmenn! Me er då kristne!»

Sprik. Det var altså eit påfallande sprik mellom klagemåla om utfrysing og nektinga av det same. Bispemøtet sa at nattverdbordet var og burde vera ope. Tala dei mot betre vitande? ­Eller vart det i ettertid laga prinsipp som skulle legitimera ein annan praksis?

Berggrav hevda at NS etter sitt vesen var ei dobbel saman­sverjing: først NS-folka seg imellom, og så mellom dei og fedrelandet sine fiendar. Kva har NS-folka gjort? spør han. Dei har gjort den handling det er å vera medlem av NS. Det var dei passive som var den moralske basis for dei aktive og som kausjonerte for valden. NS var ikkje eit parti med samling om ei meining; det var eit væpna selskap som skulle lukka alle andre meiningar ute, hevda han.

Historikarane har drøfta denne­ «grunnforteljinga» like frå krigens dagar. Ikkje mange er usamde i det moralske resonne­mentet. Men kor vidt tiltale og straff også føreset handlingar, eller om «meining» er ei handling, blir framleis drøfta. Det er ein parallell her til vår tid, når domstolane i terrorsaker må ta stilling til kvar grensene går mellom meining og handling, eller mellom oppmoding til og faktisk utføring av brotsverk.

Fraus ut. Berggrav argumenterte i 1945 (førearbeidet var gjort allereie i 1943-44) for at det var etisk rett å gjera det dei var skulda for å gjera, men nekta for å ha gjort. No sa han at dette var eit aktuelt spørsmål frå første stund under okkupasjonen: «(D)et svar som ble gitt i praksis, var at de ble frosset ut (…). Var det riktig å fryse NS ut? Det fantes kristne som svarte nei. De var ikke mange (…). Vi som tok en annen stilling hadde (…) overveid det på kristelig grunn».

Éi forklaring på denne inkonsistensen kan vera at det i 1941 ikkje var tida for provokasjonar, og at det formelt sett var dekning for svaret: Det var ikkje sendt ut parolar frå sentralt hald.
Eit anna svar – det «rette» – blei likevel gitt i «praksis», jfr. sitatet ovanfor. Vansken med det er at kyrkjetukt, dersom kriteria­ er så klåre som Berggrav gav inntrykk av etter krigen, ikkje er eit mogeleg svar, det er det einaste svaret, det er ei plikt. Det understrekar han også sjølv, i 1945.

Immunforsvar. Presset mot kyrkja under krigen gjorde at ho utvikla eit immunforsvar mot nazistisk ideologi. Sett i ettertid kan det stundom sjå ut som om ein handla meir på sunn refleks enn på sindig refleksjon. Men også refleksjon må til, om praksis skal få etisk legitimitet. Det som ikkje let seg sameina med kyrkja sin ideologiske identitet, uttrykt i vedkjenningsskriftet Kirkens Grunn frå påskedag 1942, vart stogga. Det var denne vedkjenninga som var grunnlaget for prestane si embetsnedlegging denne påskedagen. Frå denne dagen var det også reelt to kyrkjer, og spørsmålet om utfrysing var ikkje lenger aktuelt.

Spørsmålet er om det påfallande­ spriket i kyrkja sitt offisielle syn på klagemåla om utfrysing som blei gitt under og ­etter krigen, let seg harmonisera. Strengt tatt er det ikkje råd. Den prinsipielle grunngjevinga for at ­utfrysing var rett, var nemleg slik at det ville vera etisk gale å velja ein annan praksis.

Uunngåeleg. Eg er einig med Torleiv Austad som meiner det var uunngåeleg at kyrkjelydar og forsamlingar under krigen blei splitta etter politiske skiljeliner (i boka Kirkelig motstand).

Mi eiga gransking har overtydd meg om at det var i forkynninga­ og ikkje ved sentrale parolar, at signala som førte til splitting, blei gitt. Ikkje fordi det var «politiske»­ signal; det var tekstutlegging og preiker som stilte folket på val – åndeleg og etisk.

Og vi kan diverre ikkje få eit fullgodt svar på spørsmålet om kvifor biskopane tilsynelatande svara prinsipielt , men i realiteten taktisk, då striden stod på som verst.

Dette er ein forkorta versjon av ein artikkel Egil Morland har skrive i Nytt Norsk Tidsskrift som kjem i dag. Artikkelen byggjer igjen på doktoravhandlinga hans: «Forkynnelsen i en kampsituasjon».
FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 26.5.2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt