Verdidebatt

Børge Brende stadig villeiande om TiSA-avtalen

Det er alvorleg at utenriksministeren held fram med å føre folk bak lyset når det gjeld TiSA-avtalen som Norge har forhandla om i tre år utanfor WTO.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I ein fersk artikkel i LO-Aktuelt 6/2016 har han igjen som tittel at "TISA tjener norske interesser". Dette er sterkt misvisande fordi dette gir inntrykk av at avtalen generelt er bra for Norge. Det er nok rett at VISSE norske interesser vil tene på TiSA, men det er grunn til å tru at langt fleire arbeidsplassar blir utryggare med ein slik avtale. Faktisk ligg det ein innrømmelse i det som Brende skriv inne i artikkelen: "TISA vil virke positivt for våre offensive interesser internasjonalt (mi utheving). Her ligg det underforstått, sjølv om utenriksministeren passar seg vel for å seie det uttrykkeleg, at den delen av næringslivet som ikkje er "offensivt" aktive internasjonalt, slett ikkje vil tene på TiSA! Dette er svært alvorleg villeiing frå utenriksministeren si side, særleg når vi veit at langt fleire arbeidstakarar er sysselsette i den delen av næringslivet som ikkje er i konkurranseutsett sektor. Statistisk sentralbyrå hevda i ein rapport frå 2013 at dette gjeld så mange som ca 80% av norske arbeidstakarar!

I denne artikkelen gjentek han også ein finurleg påstand, som kan sjå ut til å tilbakevise kritikken om at TiSA vil redusere norsk politisk handlingsrom, men som likevel viser seg å ikkje gjere det. Brende skriv: "Norske myndigheter vil fortsatt ha rett til å regulere helse, miljø og sikkerhet, forbrukerbeskyttelse og arbeidstakerrettigheter, på ikke-diskriminerende vis" (igjen mi utheving). Det dei fleste som les denne setninga truleg ikkje legg vekt på, er den siste delen, om at slike reguleringar ikkje må foregå på "ikke-diskriminerende vis". Det det her altså er snakk om, er at utanlandske konsern ikkje skal diskriminerast i forhold til norske, og då står plutseleg norske styresmakter likevel ikkje lenger like fritt til å regulere slike tenester dersom vi går inn i denne avtalen som heilt tydeleg er konstruert for å favorisere dei femti TiSA-landa sine bedrifter som har "offensive interesser internasjonalt". Denne bisetninga om "ikke-diskriminering" er ofte brukt frå regjeringshald når dei prøver å bagatellisere konsekvensane av denne avtalen.

Ei formulering som går igjen frå tilhengarane i dei ulike TiSA-landa som eit hovedargument for avtalen, er at "våre bedrifter vil med TiSA lettare kunne gå ut og EROBRE marknader i utlandet", EU-kommisær Karel de Gucht er ein av dei som seier dette, og det same har eg sett frå amerikansk og kanadisk hald.
Spørsmålet blir då, når "alle" skal ut og erobre marknader: Kven er det då som skal miste jobbane sine i dei bedriftene som blir utkonkurrerte?
Kvifor kan ikkje utenriksministeren vere vaksen nok til å vedgå denne alvlorlege baksida ved TiSA-avtalen?

Og kvifor får vi ikkje Arbeiderpartiet og Kristeleg folkeparti til å kommentere konkret slike stygge konsekvensar av TiSA?

(Sp, SV, MDG og Raudt har sagt nei til TiSA. Høgre, FrP og Venstre er det nok uråd å snu, men Ap og Krf trengs på nei-sida for å få stansa TiSA i Stortinget...)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt