Verdidebatt

Kva har biskopane "sikra"?

Dei konservative biskopane hevdar at dei har sikra eit varig rom for den klassiske ekteskapslæra, som dei kallar "vår forståelse", i kyrkja. Har dei det?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Som om ikkje Kyrkjemøtet (KM) hadde nok med si eiga plage, så ber kvar einaste dag i etterkant med seg opplevingar som aukar denne plaga. Den tyngste er å lesa forsøka på å harmonisera standpunktet om eit nei til likekjønna vigsel med at ein faktisk røysta for eit vedtak som opna for dette. Og ikkje berre det: Dei tre mest markante talsmennene for denne løysinga, Nordhaug, Braut og Hegstad, vert også hylla som heltar av dei som ønskte endringa. Medan ein av dei som no vert kalla til vitneboksen i lag med Nordhaug (Dagen 6. mai): den gode biskop i sør, under stor anfekting vart dregen inn att i bispefalden på KM. Alle kunne sjå kva kvalar det valda.

No vert vi undervist om samanhengen mellom tekst og kontekst! Men som gode eksegetar bør biskopane Halvor og Stein veta at teksten ikkje berre har ein nær-kontekst. Den har også ein vidare kontekst. Og det er den som er interessant her. For oss tysk-generasjons-teologar kan denne konteksten omtalast som «tekstens plass i livet»; det handlar om tekstens opphavlege teologiske, kulturelle og politiske kontekst.

Konkret: Eg har ikkje møtt eitt einaste menneske etter KM, og aller minst hos dei liberale, som har vore interessert i den konteksten bispane viser til, nemleg å tolka konklusjonen: «Ja til vigsel av likekjønna», i lys av eit anna punkt: «Et mindretall ønsker ikke kirkelig vigsel av likekjønnede par». Sjølvsagt ikkje. Folk flest er – og med rette – opptekne av kva vedtaket samla forkynner: 88 delegatar røysta for eit vedtak som seier at samlivet mellom to av same kjønn kvalifiserer for det vi forstår med «ekteskap».

Det er dette som er tekstens kontekst.

«Vi uttrykker dermed vårt prinsipielle syn», skriv biskopane, med referanse til sin eigen kontekst. På KM høyrde vi lite om dette synet. Vi høyrde ingenting frå den kanten som viste alvoret i situasjonen (Kvarme skal få ein viss kreditt fordi han var enig i at vedtaket var «dramatisk»). Vi fekk inga støtte i at saksframlegget var  heilt utan konsekvensutgreiing. Det var ingen biskopar som ut frå det første punktet i KM sin forretningsorden – at alle vedtak skal skje i lojalitet mot Skrift og vedkjenning – støtta oss i mindretalet, eller i det heile meinte dette var eit relevant aspekt. Til og med vart skytset retta mot oss som røysta etter vår (og desse biskopane si) overtyding, aldri mot den andre sida.

Det mest alvorlege er enno ikkje nemnt.Biskopane hevdar at «vi har ved vår stemmegivning medvirket til å sikre rommet for vår forståelse av ekteskapet i kirkens fremtidige vigselspraksis.»Dette er ein farleg retorikk. Den føreset at lesarane skal byggja alt vidare resonnement på den «faktiske» situasjonen som er skapt. Men dersom ein evnar å tenkja «utanfor boksen», så tvingar eit spørsmål seg fram: Om no Åpen Folkekirke (ÅF) hadde brukt makta si og lyst «vår forståelse» heimlaus i kyrkja, ville de biskopar då ha site roleg og sett på det? Hadde det ikkje då tvert om opna seg eit enormt fri-rom for dykk – og for oss? Eit fri-rom der de ikkje kunne anna enn å rå prestane dykkar til å sjå bort frå vedtaket?Då kunne vi ha stemt i med salmen: «Jublende løfter vi her våre hender»!

Dette vil eg gjerne ha svar på: Dersom KM hadde slått fast at kjønnspolariteten ikkje lenger er konstituerande for ekteskapet – ikkje eingong som unnatak – ville de ha kunna fungera som biskopar på slike premissar? No har de diverre faktisk langt på veg svara på dette, ved blankt å godta det siste punktet i KM sitt vedtak, det som seier at den nye liturgien også kan brukast i vigsler for heterofile. Slik har de laga ein kanal inn i alle kyrkjelydar for ei lære som i praksis kanskje ikkje hadde blitt ei utfordring på 10 eller 20 år, eller kanskje i det heile ikkje i eit langt presteliv – i mange lokalsamfunn.

De vart lurt i ei felle på KM. Det var tomme og innhaldslause truslar frå ÅF de vifta med. Om berre ein biskop då hadde sagt: Dette vil eg i mi bispeteneste aldri retta meg etter, så hadde truslane falle døde til jorda.

I realiteten har ikkje Den norske kyrkja ei lære om ekteskapet lenger. To innbyrdes motstridande «lærer» kan pr. definisjon ikkje formulerast som «lære». Vi står igjen med «syn» og «forståelser», der premisset er at vi skal tvingast til å «respektere» kvarandre. Men ein kvar må forstå at det er berre den som har relativisert heile saka som kan respektera den andre læra.

For å seia det rett ut: De biskopar har ikkje sikra noko som helst. De har aktivt gjort fleirtalet langt sterkare enn det var grunnlag for. De har redusert mindretalet, og de har gjort rommet vårt i denne kyrkja tilsvarande trongt. De ville ikkje ha uro lokalt om dette spørsmålet. Derfor skulle ikkje kyrkjelydane få ta stilling til om dei ville ha denne nye liturgien. Kva har vi fått? Lokal uro, sorg og sinne. Den lokale kyrkja har ikkje arenaer der desse spørsmåla kan verta løfta opp og drøfta slik dei fortener. Dei arme prestane vert hengde ut i vår tids gapestokkar, i «halar» til hatefulle innlegg i lokalaviser og på facebook.

Du verden kor sikre dei kan kjenna seg, desse prestane.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt