Verdidebatt

Same evangelium – ulik lov?

Diskusjonen er heftig om kor kyrkjesplittande det vil vere med ein liturgi for samkjønna ekteskap. Er det mogleg å ha kyrkjefellesskap, nattverdfellesskap, med slik usemje? Dreier det seg om det sentrale i luthersk teologi, om ein har same evangeliu

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Bispemøtet gjekk som kjent inn for eit kompromiss med å ha to liturgiar for ekteskap. Det var ei kompromiss og ei realitets­orientering frå mindretalsbispane. Kyrkjemøte-medlem Harald Hegstad, sjølv motstandar av likekjønna ekteskap, slutta seg til det og grunngav det i Luthersk Kirketidende (og i Dagen og Vårt Land/Verdidebatt.no). Han viste til den fundamentale paragrafen i den augsburgske vedkjenninga (Confessio­ Augustana, CA), artikkel VII, der vilkåret for einskap i kyrkja er semje om evnageliet og forvalting av sakramenta.

Han vart angripen for det synet av Bernt Oftestad som meinte han ikkje var i pakt med den historiske meininga i CA VII. Ekteskapet er i CA kopla til den guddommelege naturretten og er ikkje adiaforon (mellomting der det er råd å vere usamde). Arne Helge Teigen spør om det er mogleg å ha same forståing av evangeliet når Åpen folkekirke grunngir sitt standpunkt direkte frå evangeliet. Jon Kvalbein kritiserer han for å tolke «evangeliets lære» så snevert at det ikkje motstridande syn på homofilt samliv trugar einskapen i kyrkja. Hegstad svarar mellom anna med å vise til økumenikken, der ein kan leve i «forsona mangfald» og «differensiert konsensus».

Mangfald. Eg ser at det er eit mangfald ute og går når det gjeld stikkordet «evangelium». Knut Alfsvåg med fleire seier at alt Jesus forkynte, er ein del av evangeliet, inklusivt samlivslæra. Og ein frigjeringsteologi vil også utvide og tale om evangeliet for fattige – og for alle marginaliserte.

Eg reknar med at det vil vere semje om at ordet evangelium, den glade bodskapen, blir brukt ganske vidt i Det nye testamentet. Men her drøftar vi ein paragraf i den lutherske vedkjenninga, CA VII, der evangeliet er definert i CA IV, som den rettferdiggjerande trua ved rein nåde for Kristi skuld. Sentralt i den lutherske teologien er spenninga mellom lov og evangelium, mellom Guds krevjande vilje og Guds nådevilje. Den dialektikken tolkar desse artiklane. Lova hamrar på samvita og fører til syndserkjenning, og driv over til Kristus, til nåde for hans skuld. Paulus kling i bakgrunnen: så ingen skal rose seg over si frelse.
Usamd om lova. Dei kyrkjelege ­dokumenta i saka har hatt inne ei forståing av lov og evangelium, der også etikk (lov) kan vere lærespørsmål. Min vesle observasjon er at her er partane ikkje nødvendigvis usamde om evangeliet, men om lova. Ein er usamd i om homofilt samliv skal vedkjennast som synd eller om det er eit ope kjærleiksforhold.

Min konklusjon utifrå CA er at her kan ein ha same syn på evangeliet, som svar på spørsmålet om korleis eit syndig menneske kan få ein nådig Gud, men ha ulikt syn på kva som er ei sann Guds lov. Er vi ved den gamle diskusjonen der motstandarar av kvinne­lege prestar likevel kunne leve med den nye ordninga for di det er «et viktig lærespørsmål, men ikke et bekjennelsesspørsmål»?

Ein slik observasjon seier ikkje alt om lærespørsmål, men at usemje ikkje treng vere fornekting av evangeliet.

Lærespørsmålet er ikkje med det ­avvist som uvesentleg. Debatten i kyrkja­ har i vesentleg grad vore ført for å gi rom for det likekjønna kjærleikslivet og gi det ei institusjonell ramme, ei ordning. Det har vore skiljet. Den restriktive posisjonen ovanfor kan framleis stille spørje etter rett lære om ekteskapet – etter naturretten, openberringa eller Jesu ord.

Kjønnsideologi. Debatten, og utgreiingane, har teke lite opp i seg den konteksten ein er i med den nye kjønnsideologien (jamfør lovforslaget om å kunne bestemme sitt kjønn). Kva er det ein vier til i fylgje ekteskapslova? Øivind Benestad har rett nok fått kome til orde, men eg har sett lite til seriøs drøfting av dei spørsmåla han reiser.

Lærespørsmål er også det motparten reiser, utan at det treng vere nekting av evangeliet. Sturla Stålsett har formulert det slik: «… evangeliet om nåde for den som har tråkket feil og frigjøring for den som blir tråkket på» (Vårt Land 3. juli 2014). Ein kan herifrå drøfte frigjering i forhold til ordning i evangelia. For dei det gjeld, er det viktig med meir enn prat. For kyrkja er det ikkje mindre viktig å få utvikle måtar å leve saman på og ein kultur for nyansert samtale. Det er no etterarbeidet må skje.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 7.4.2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt