Verdidebatt

Eg er ikkje i kyrkja for å vere «rein på hendene».

Vårt Lands kommentator Alf Gjøsund held utgangsdøra vidopen for oss konservative.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vårt Lands kommentator Alf Gjøsund held ­utgangsdøra vidopen for oss konservative i kommentaren «De som tapte» (Vårt Land 13. april). Det er mest som vi er inne i ei forslitt filmscene der ein brysam gjest vert skyssa ut med forsikringa om at vedkomande «akkurat skulle til å gå». Del to av analysen kunne vi lesa i Vårt Land 18. april – her held Gjøsund fram langs same spor. Strategirådgivinga går ut på å «delta på spillets premisser», og vidare unngå «å låse seg og kjefte på dem som prøver». Gjennom desse to analysane illustrerer kommentatoren nettopp noko av utfordringa med den opne kyrkja. Ho er primært open for dei som følgjer fleirtalet. Frå no av. For ikkje lenge sidan vanka det honnørord for å vera minoritet på veg inn i kyrkjepolitikken.

LES MER: Nær full uttelling for Åpen folkekirke

Som tilhøyrande mindre­talet, og som førstegongsdeltakar på Kyrkjemøtet, har eg vore i ei loddrett læringskurve i Trondheim. Med eit upopulært standpunkt har eg fått høyra meir enn ein gong at argumentasjonen på konservativ side ikkje er «salgbar». Som ein prest sa til meg for kort tid sidan: «Det der kommuniserer berre ikkje.» Til dette er det jo berre å gi min ven preste­mannen rett. Som avis­lesar og kommentator gjennom ei ­årrekkje veit ein ganske ­mykje om kva som sel og kva som vinn gehør.

Å halda fram Bibelens tale om ekteskapet som ei ordning for ein mann og ei kvinne, er ikkje noko ein gjer fordi ein trur det er eit kommunikasjonsgrep som imponerer samtida. Eg står likevel ved det overveldande bibelmaterialet som i poesi og prosa løftar fram ekteskapet i denne forstand. Ikkje fordi eg trur det er bra for imaget mitt. Det har eg alt fått tilbakemeldingar som ettertrykkeleg avkreftar. Heller ikkje fordi eg trur det er strategisk eller lurt.

LES OGSÅ Petter Olsen: Biskopene lot seg presse - spente bein på seg selv

Eg står ved det, slik eg står ved Bibelens ulike rammer for tilveret, fordi eg opplever den moderne ideen om at vi menneske finn sanninga i oss sjølv som vanskeleg. Eg trur Bibelens Gud er god, trass det faktum at vi alle lever med ulike avgrensingar i eit ufullkome liv, der dei mange paradoksa er meir påfallande enn at vi vert så frykteleg bekrefta i alt vi gjer og tek oss føre. Vi menneske har til felles at vi lever med behov som ikkje vert møtt, med uforståelege skrankar rundt liva våre, slik som sjukdom, tap, fattigdom. Likevel trur eg Gud er god.

Eg trur kjønnspolaritet, nedfelt i skaparverket, er Guds gode ordning for oss. Og eg skjønar ikkje heilt at ei kyrkje som nettopp løfter opp skaparverk og natur som gode gåver, skal problematisera nettopp denne ordninga.

Men kommentaren til Gjøsund fortel oss altså at i den kyrkja som omfamnar meiningsbrytningar, er det å gi seg til kjenne som mindretal det minst konstruktive ein kan gjera. At eit mindretal kjem til orde høyrer vi elles at skal vera eit av demokratiets adelsmerke, men ikkje så når det gjeld Kyrkjemøtet?

LES MER: Kai Steffen gråt av glede 

Ein driv ikkje og tek dissens fordi ein ikkje har vurdert ­alternativa. For eigen del kan eg seia: Eg vurderte det kompromissforslaget som biskopane hadde skrive førsteutkastet til, som så vart endra i løpet av kort tid på Kyrkjemøtet, og eg fann det for svakt. Frå min synsvinkel ser det ut som ei overgangsordning eigna til å ta motet frå prestar og andre kyrkjetilsette som på kvar sin kant skal stå åleine i det formidable mediepresset som heile tida krev at kyrkja skal tilpassa seg storsamfunnet.

Eg undrar meg også når same grunnen vert brukt for å skyssa ut ein brysam minoritet for kort tid sidan vart brukt nettopp for å fasa andre inn i kyrkjedemokratiet. Ettersom forkjemparane for kjønnsnøytral ekteskapsteologi tidlegare ikkje kjende seg heime i kyrkja, var vel ideen at dei skulle arbeida for å fremja saka si. Då vil vel like gjerne ein konservativ minoritet kunna arbeida konstruktivt og målretta for å sikra vidare plass for den klassiske (og økumeniske) læra?

LES MER: Den nye kirkerådslederen var nær ved å miste troen i jakten på det vellykkede liv

Men ifølgje Gjøsund blir det visst «ikke lett å jobbe konstruktivt» som tilhøyrande mindre­talet framover. Ein slik påstand er ei nedvurdering av oss konservative som det luktar svidd av. Eg har til gode å møta folk som tek lett på vervet som kyrkjemøtedelegat, anten ein er på den eine eller den andre sida. Eg har heller aldri høyrt nokon påstå at den fløyen som no har vunne fram med fleirtalet, ikkje har kunna arbeidd konstruktivt fordi dei var i mindretal tidlegare.

Og dersom Gjøsund meiner det han skriv i kommentaren at dei delegatane som kompromissa er plakettverdige, mens mindre­talet primært har søkt eiga rettferd: Å «kunne ringe hjem og si jeg er i det minste ren på hendene», er det jo heilt på grensa til forakt for det vi gjerne kallar overtyding og samvit.

Eg er ikkje i kyrkja for å halda meg «rein på hendene», eg er i kyrkja fordi eg trur på og tilber ein autoritet utanfor mennesket. Noko større enn oss, som kallar­ oss inn i det gode livet, formanar oss, kallar til oppgjer og omvending og som også ofrar seg for alt vi ikkje maktar. Gud er ­ingen oppgradert sosialdemokrat som serverer meg ein strategi for å vinna politisk hegemoni i ei kyrkje som heller enn makt og populært gjennomslag, treng å søka sann fornying frå dei gamle brønnane.

LES MER: Derfor forlater jeg Den norske kirke

Først publisert i Vårt Land 20.4.2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt