Verdidebatt

Anklagekultur og offerrolle

Den siste tida har Stephan og Anne Christiansen vore under tunge åtak frå VGTV og frå leiarhald i pinserørsla. Det må ha vore svært ubehageleg. Eigentleg burde desse to tapre og sjølvoppofrande menneska heller vore heidra.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Folk som brenn for Gud og som prøver å nå dei fortapte med evangeliet, er ikkje så vanleg i Noreg. Dei som gjer det, bør løftast opp og støttast.Også Anne og Stephan Christiansen.

I staden vert dei angripne frå mange kantar, sverta og meir eller mindre gjort æreslause. Ikkje bra. Det verkar på meg som om det gjennom magen år har utvikla seg ein anklagekultur i kristen-Noreg.

Også Aril Edvardsen fekk midt på 70-talet så hatten passa frå pinseleiinga si side. Seinare endra tonen seg radikalt.

Så har det sikkert føregått feil som bør beklagast. Folk er blitt såra. Ingen tvil. Folk blir alltid såra. Men her vil eg gjerne åtvara mot all den sjølvemedkjensle som pregar mykje av det som vert skrive og sagt. Å framstilla seg sjølv som eit såra offer kan vera freistande, men betre er det å sjå hen til han som ofre seg for oss alle og vart såra for våre brot og knust for våre synder. Fridomen ligg i Jesus, og ikkje i å knusa sin neste, om han/ho har vore aldri så uviselege.Lettvist tale? Nei. Krevjande.

Det vert tala om maktovergrep. No sist frå leiinga i UIO på 70-talet. Men det er ikkje så lett å få tak på kva dette handlar om, korleis ordet maktovergrep blir definert, for det blir det ikkje. Me som les skal berre godta at det skjedde maktovergrep fordi det opplevdest slik. Eg vil oppmoda skribentane å vera meir konkrete og presise når dei skriv om den urett som har skjedd mot dei, om dei då føler dei må skriva om det.

Eg er pastor, og sit i glashus. Er nok blant dei som har såra. Ja, det har eg nok. Og eg er blitt såra. Det har eg. Meir enn godt er. Kan ikkje det vera greitt å vita for alle at me som pastorar ofte er så skjelvande og redde at me ligg vakne i timar om nettene og tenkjer over kva me har sagt både frå talarstolen og i samtalar med folk. Men ingen grunn til å føra klagemål mot nokon. Jesus bar det alt. Me må stola på han og frikjenna kvarandre i hans namn. Me er jo kristne, og vera kristen er å vera frikjent av Gud, og å frikjenna sin neste.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt