Verdidebatt

Inga lære om dåpen åleine

Skiljet mellom kyrkje og stat er etter mi overtyding ei mindre endring for kyrkja enn det å fremja ei lære om ekteskapet som nullar ut orda om dette i Det gamle testamentet og Det nye testamentet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det blei stort oppstyr då KIFO nyleg dokumenterte at nær halvparten av Åpen folkekirke (ÅF) sine røyster kom frå folk som ikkje rekna seg som «personleg kristne». Det blei mindre oppstyr då Respons nyleg melde at nær havparten av Den norske kyrkja sine medlemer ikkje rekna seg som «kristne».

Men er ikkje dette to sider av same sak? Resultatet av kyrkjevalet kom etter ein massiv appell til alle døypte medlemer om at deira dåp var nok både som grunn til å delta i valet og til å endra kyrkja si lære på eit av hennar aller viktigaste lærepunkt, den Gud-gjevne relasjonen mellom mor, far og barn.

Alle veit at «dåpen åleine» gjer valordninga sårbar, og at det er eit spenningsforhold mellom dette og kyrkja si sjølvforståing, uttrykt i vedkjenninga sine ord om at kyrkje «skjer» der forsamlinga er. Det kunne vi leva med. For ordninga med val etter ei gudsteneste understreka den prinsipielle tankegangen.

Det nye no var at nettopp dei svake sidene ved «dåpen åleine» vart lovprist og utnytta – og eg vil seia: På uverdig vis. Var det eitt punkt i det såkalla Stålsett-utvalet som kyrkje og politikarar burde ha trykt til brystet, så var det den samrøystes påpeikinga av at samanblandinga av politiske og kyrkjelege val er ein uting. Det skjedde ikkje. Men det er denne uverdige samanblandinga som har vore med på å gi oss dagens situasjon.

Disippelskap. Den lutherske kyrkja har ikkje ei lære om «dåpen åleine». Dåpen er overalt i Skrift og vedkjenning knytt til tru og disippelskap. Vi talar gjerne om Skrifta åleine, om Kristus åleine og trua åleine, men aldri om dåpen åleine.

Det økumeniske dokumentet som grundigast har teke opp desse spørsmåla (LIMA-dokumentet, eller eng. BEM), utfordrar majoritetskyrkjene i Nord-Europa (og USA) på deira dåpspraksis. No haustar vi fruktene av at vi ikkje har teke slike utfordringar innover oss.

Den aller første paragrafen i Kyrkjemøtet sin forretningsorden, seier at arbeidet skal skje i lojalitet mot den evangelisk-lutherske læra. Det seier meg at det berre er i juridisk og forvaltingsmessig – ikkje i moralsk og teologisk – forstand, at Kyrkjemøtet seriøst kan inkludera likekjønna samliv i kyrkja si ekteskapsforståing.

Det er mi overtyding at skiljet mellom kyrkje og stat er ei mindre endring for kyrkja enn det å fremja ei lære om ekteskapet som nullar ut orda om dette i Det gamle testamentet og Det nye testamentet. Fordi det bryt med vår forståing av tilhøvet mellom lov og evangelium. Slik må det gå når talen om dåpen vert ståande åleine.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 4.4.2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt