Verdidebatt

Putiniseringa av Russland

Norske media driv ikkje med demonisering av Russland – dei driv med Putinisering av Russland. Desverre ser det ikkje ut til at Per Anders Johansen i Aftenposten representerer noko nytt når det gjeld norsk russlandsjournalistikk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Per Anders Johansen, Aftenpostens nye Russlandskorrespondent, er i gang: I papiravisa 19. mars 2016 kunne me lesa om ein russisk spionskule for barn, der «Barnas drøm er å bli spionjegere for Putin». Og på nettet i dag handlar det om jobbar som «er forbudt for kvinner i Russland».

Sjølv har Johansen sagt at han, med korrespondentjobben sin, har fått drøymejobben, og han er vel med desse artiklane i gang med det prosjektet han såg fram til: «jeg ser frem til å skrive om dagligliv, sport og kultur». Aftenposten gjorde og eit poeng av at Johansen kom til landet som tiåring - han skal kunna både språket og landet, og i tillegg var han ein gravejournalist som til og med hadde hadde fått SKUP-prisen.

Men Johansen hadde vel neppe fått jobben dersom han hadde representert eit brot med Aftenpostens Russlands-journalistikk.

På nettsida med artikkelen om «Putins jobbeforbud» er Putin nemnd tretten gonger - fleire gonger i genitivs form: «Putins x, y, z».

I artikkelen står det mellom anna at «Hvert … yrke som er forbudt for kvinner, er ramset opp i regulativet som ble signert av president Vladimir Putin i 2000».

Men, nei. Dokumentet vart ikkje signert av president Vladimir Putin i 2000. Dokumentet vart signert av statsminister Putin den 25. februar år 2000. Rett nok var han på den tida fungerande president – fordi Boris Jeltsin trekte seg 31. desember 1999.

Johansen presenterer elles dokumentet som «Presidentregulativ nr. 162». Men, nei. Dette er «Regjeringsresolusjon nr 162».

Å finna ut dette tok meg berre to oppslag i Wikipedia og ein bitteliten runde med Google Translate pluss at eg kan ein del russisk sjølv òg — eg kjenner meg nesten som ein gravejournalist alt, og SKUP-prisen er nok snart i boks!

Vladimir Putin vart vald til president ein månad seinare, den 26. mars år 2000. Vedtaket, om å regulera høvet for kvinner til å ha inneha visse yrke, kan ein med andre ord sjå på som ein del av valkampen til Putin.

Men det å omtale vedtaket som ein regjeringsresulosjon ville ikkje ha passa inn i det biletet av Russland som Noreg oppdreg barna sine til å ha. Det er jo vanlege land som har regjeringsvedtak – og Russland skal ikkje framstillast som vanleg. Russland er ikkje vanleg – det er Putinsk.

I Sverige har dei forresten veldig mange spionar frå Russland, såg eg i norske media den siste veka - og det handlar ikkje «gamaldagse» spionar, fekk me vita,  men vakre og sosialt flinke folk. Og ser svenskane noko svart i sjøen, så er det ein russisk ubåt – på høglys dag!

Dersom du såg forsvarsdebatten på SVT for eit par månader sidan, så fekk du forresten inntrykk av at landet var svært redde ein nært føreståande krig – alternativt var det nokon som utnytta fjernsynet til å skremma svenskane til å søkja medlemsskap i NATO. Og då har eg ikkje nemnd åtvaringane mot spionasje her i landet eller vår eigen, sjølvsagt heilt ufarlege, Jens — Libyas Jens.

Har du forresten fått med deg at Russland har testa, nye, moderne våpen i Syria? Veldig alvorleg! Det var sjølvsagt berre gamle skrapvåpen som Noreg brukte i Libya … (Av og til er våpen «gode» fordi dei er nye og veldig presise – bortsett frå når det er motparten som har dei nye våpna, sjølvsagt.)

Kjære lesarar: Det er vel godt å bu i gode og frie land utan propaganda av noko slag?

Ein journalist som ikkje grev i sitt eige hovud og ikkje konfronterer sine eigne og sitt eige lands fordomar er slett ikkje nokon gravejournalist.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt