Verdidebatt

Ny start for landbruket

Det er ikkje moralsk forsvarleg å kjøpe maten til dyra våre ut av munnen på dei som svelt i den tredje verda.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Når datamaskina di går i blått eller låser seg, kan det vera eit godt råd å slå av og på straumen, eller restarte maskina­, som det heiter. Formålet er at programvaren skal rydde opp i maskinens indre, kvitte seg med ubrukelege filar og hjelpe­ brukaren­ tilbake på sporet. Norsk landbrukspolitikk­ treng ein slik omstart­ for å få til det grøne skiftet og for å koma dit som mange vil.

Eg har lenge vore ein varm forsvarar av den norske landbruksmodellen. Nyleg kom eg til at dagens landbrukspolitikk, slik vi kjenner den, med tollvern, marknadsregulering i regi av samvirke, jordbruks- avtale, landbrukslover og utjamning mellom små og store bruk over heile landet er i ferd med å bryte saman og må endrast på ein grunnleggande måte.

Restart. Vi treng nye politiske verkemiddel. Vi treng ein restart­ korkje dagens regime eller­ landbruksorganisasjonane­ synest å vere i stand til å setje i gang. Norsk landbrukspolitikk er betre enn dei fleste på området­, inklusive politikken til Eog USA. Eit samla Storting står bak ambisjonane om å auke matproduksjonen i takt med auken i folketalet.

Men trass i ein ambisiøs og dyr landbrukspolitikk, går korn- areal og sjølvbergingsgrad ned, meir av maten blir produsert på innførte ressursar, og utmark og innmark gror til. Ingen kan vel meine at færre og større bruk er svaret på alle spørsmål?

Dersom vi held fram dagens kurs, leier det oss dit ingen vil. Ta eitt døme: I landbruksbygder som Gloppen og Leka blir vedtaket om at alle kyr skal gå i lausdrift frå hausten 2024, ein fjøsøydar. Slik kollega Jostein Vik har vist, har ein tiandedel av den dyrka jorda gått ut av produksjon dei siste 15 åra. Slik kan det ikkje halde fram.

Sporskifte. Korleis skal vi koma dit i alle fall fleirtalet vil? I boka Omstart: Forslag til ein ny landbrukspolitikk har eg skissert korleis vi med ei rekkje målmedvitne­ grep kan få til eit sporskifte. Eg kan oppsummere­ måla for den nye landbruks- politikken:

1. Ein større del av norsk mat- produksjon må baserast på norske­ ressursar.
2. Ein større del av fôret til dei drøvtyggande husdyra må koma ifrå utmark og kulturbeite, der dyra sjølve kan hauste fôret til låge kostnader.
3. Det må koma ei ny regional arbeidsdeling. Meir av kjøtt- produksjonen må skje der fôret er og der gjødsla kan spreiast.
4. Innfør eit sjølvbergingsmål for landbrukspolitikken.

Radikalt. Eg føreset at Norge­ held dei internasjonale avtalane­ landet har inngått og at tilskotsnivået skal halde seg på dagens nivå, justert for inflasjonen. Ved å flytte pengar frå passive­ verkemiddel­­­ til verkemiddel som verkar, kan vi unngå å koma dit ingen vil.

Tiltaka må varslast, og pengane må flyttast over ein periode­ på fem til ti år, så bøndene­ og industrien vinn å tilpasse seg.For å auke norsk matproduksjon på fornybare, lokale ressursar har eg lansert seks radikalt nye verkemiddel. Eg har foreslått å flytte to av 14 milliardar av overføringane i første reformperiode. Dei seks viktigaste forslaga mine er:

1. Gje tilskot til beitelag og einskildpersoner for å gjerde inn utmark­ som er eigna til utmarksbeite.

2. Styrk forskinga på og utvikling av proteinfôr basert på norske råvarer som skog, tare, gras og restråvarer fra jordbruk, skogbruk og havbruk.

3. Gje kontanttilskott til «siste­ bonden i grenda» som eit vederlag­ for å bu desentralt og for å medverke til å halde oppe nasjonal infrastruktur.

4. Ryddetilskot til «det herre- lause kulturlandskapet» over heile landet.

5. Tilskot til overflatedyrking og opparbeiding av kulturbeite i utmark.

6. Gje høve til å setje av fond til bruksutbygging som følgjer bruket­.


Umoralsk. Det er ikkje moralsk­ forsvarleg å kjøpe maten­ til dyra våre ut av munnen på dei som svelt i den tredje verda. Gras som veks på myr, i lier, skog og fjell berre med hjelp av vatn og sollys; fotosyntesen; er den sikraste grunnrenta i norsk landbruk.

Dette underet, at naturen grønkar­ seg kvar vår, er det einaste­ sikre underet eg kjenner til, attåt at nytt liv blir unnfanga og fødd. Med dagens landbruksmodell haustar vi berre halvparten­ av fotosyntesens gåve til oss.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 18.3.20116

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt