Verdidebatt

VL og Jagland går i mot fakta, fornuft og folkestyre

Leiarskribenten i dagens Vårt Land kallar Jagland ein representant for Europas samvit, og meiner, som han, at Noreg og Europa kunne og burde ta i mot langt fleire asylsøkjarar. Men held argumenta deira?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kjernen i europeisk kultur er kristendom

VL kallar menneskerettar og demokratiske verdiar for kjernen i europeisk kultur. Det er feil. Kjernen er kristendommen, som konstituerte Europa som ei geografisk og kulturell eining, forskjellig frå det muslimske Nord-Afrika og Midtausten. Menneskerettar og demokrati er i beste fall avleidde verdiar, med røter både i kristendom og seinare sekulær humanisme. Men dette er ikkje verdiar som alltid spelar på lag. Når 25 juristar i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) stadig vekk overkøyrer både nasjonalt folkestyre og høgste nasjonale domsmakt, taper demokratiet for eit juridisk fåmannsvelde. Jagland representerer difor verken kjernen i europeisk kultur eller den viktigaste verdien vår, nemleg folkestyret.

Grenser skaper tryggleik

VL og Jagland vil tilsynelatande ha kontroll med yttergrensene i Europa eller Schengen-området. Men det er tydeleg at dette ikkje skal vere ein kontroll for å hindre illegal innvandring, berre for å registrere dei som ønskjer å søkje asyl i eit land innanfor desse grensene, slik at vi "veit kjem som kjem hit". Det kan vere vanskeleg nok, etter som mange har falske papir og som regel kastar eller gøymer unna legitimasjonen før dei melder seg i landet dei helst vil bu i. Å byggje gjerde og setje grenser for kven som får kome inn i landet, er ikkje brot på internasjonale avtalar, men den første og viktigaste plikta for eit statsstyre. Tida er over for opne grenser, seier Janne Haaland Matlary, professor i statsvitskap.

Det er lemfeldig, og ikkje restriktiv, innvandringspolitikk som skaper kaos!

Verre er det at VL også går god for Jaglands påstand om at internasjonale konvensjonar om asyl og menneskerettar er byggverket som står mellom oss og kaos. Internasjonale avtalar som blir respekterte av alle land, er sjølvsagt bra. Men vi veit at menneskerettane stort sett berre blir praktiserte i vestlege land, med få unntak. I møte med dagens migrasjonsbølgjer på millionar, har dei same menneskerettane utspelt si rolle, slik dei har blitt praktisert til no. Det er rett og slett umuleg å gje millionar av asylsøkjarar ei individuell behandling. Dei internasjonale avtalane på dette området vart difor ei hovudårsak til det administrative, demografiske og kulturelle kaoset vi såg i fjor og ikkje eit bolverk mot det. Faren er at dette skal føre til endå større samfunnsoppløysing i framtida. Det ser vi alt tendensar til i nabolandet vårt.

Har Tyrkia verkeleg teke i mot forholdsvis fleire flyktningar og gitt dei eit betre liv enn Noreg?

Jagland og VL meiner Europa kunne teke i mot langt fleire "flyktningar" og viser til at Tyrkia har teke i mot 2,5 millionar mot våre skarve 30.000. Argumentet har som føresetnad at desse tala kan samanliknast. Men det kan dei ikkje. Ein bør også ta omsyn til at Noreg har gitt opphald til 133.000 asylsøkjarar siste tjuefem åra, før fjorårets 31.000. Kanskje til endå fleire, fordi det går ikkje fram av statistikken til SSB om familieinnvandrarar er inkluderte. Og talet på personar med innvandringsbakgrunn nærmar seg éin million, knapt ein femtedel av befolkninga. Per million innbyggjarar har vi såleis teke i mot fleire flyktningar enn Tyrkia, 32.800 mot 31.250. Det er også enorm skilnad på kva innkvartering og oppfølging flyktningar får i våre respektive land. Medan dei må ta til takke med teltleirar i Tyrkia, og anna hjelp i stor grad blir ytt av vestlege land, får personar med flyktningstatus her til lands eigne hus, gratis utdanning og god løn: 2G, dvs 180.000 kr, for kvar person per år; 2/3 av dette, dvs 120.000 kr, for dei under 25 år i introduksjonsprogrammet. Med mange barn kan beløpet bli stort.

Må vi etter FNs flykningkonvensjon gje flyktningar varig opphald og statsborgarskap?

Den største skilnaden, og den som får mest å seie på lang sikt, er at ingen flyktningar i nabolanda til Syria får varig opphald og statsborgarskap. Dei får vern så lenge det er krig, men når krigen tek slutt, må dei returnere til heimlandet. Det er heilt i pakt med FNs flyktningkonvensjon og EMD, slik Hanne Sophie Greve, med 6 års erfaring som dommar nettopp der, skreiv i Aftenposten 27. januar i år. No protesterer både V og KrF på forslaget om å vurdere asylbehovet på nytt etter fem år, til liks med alle andre pressgrupper og talsmenn for innvandring. Dei vil i staden at alle som først får ein fot innom døra, skal få bli for alltid. Men ingen internasjonale konvensjonar har dette som eit krav. Dei som likevel ønskjer å vidareføre slik praksis, går i realiteten inn for å erstatte den norske befolkninga med utlendingar, sjølv om dei ikkje nødvendigvis har dette som føremål og slett ikkje vil vedgå at dette blir konsekvensen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt