Knut Ødegård

3

Berre ein veg å gå

For å få orden og rettferd i rotet, er det – slik eg ser det – berre éin veg å gå: At alle medlemer av alle trussamfunn personleg gjev sitt samtykkje til medlemskap.

Publisert: 24. feb 2016

Frp-politikar Jon Helgheim vart til muntrasjon for oss alle, truleg òg på eige partikontor, då han melde seg ut av ei kyrkje han ­aldri hadde vore medlem av.

Det var meint som ein protest mot venstrepolitisering av Den norske kyrkje (Dnk), slik han ser det, ­men fekk vel ikkje nett den effekten han hadde tenkt.

Derimot fekk det meg til å tenkja: Er det verkeleg slik han seier, at han både hadde fått tilsend valkort og brev om at han er medlem frå det som vel framleis er ei slags «statskyrkje». Då tyder det på alvorleg medlemsrot i den same kyrkja.

Det er forståeleg nok at det kan vera ei krevjande øving å ha medlemskartoteket ajour i slike organisasjonar, men det er påfallande at det er berre Den katolske kyrkja som vert rettsforfylgd for upresist medlemskartotek.

I somme media har det vore ein føljetong med «dekning» av påståtte kriminelle aktivitetar hjå biskopen i Oslo katolske bispedøme (OKB). OKB hevdar at dei ikkje har gjort noko som kan råkast av norsk lov, og at dei ikkje har fått tilskot frå fleire enn dei som faktisk får sine kyrkjelege tenester der. Truleg har dei rett.

For å få orden og rettferd i dette­, er det ­slik eg ser det ­ berre éin veg å gå: At alle medlemer av alle trussamfunn personleg gjev sitt samtykkje til medlemskap.

Både dei lutherske og katolske og andre ­kyrkjer vil med rette kunne hevda at det er ­dåpen som er inngangen til kyrkjesamfunnet.

Men i vår tid, med aukande ­sekularisering og folkeflytting frå land til land, trengs det nok ei personleg tilkjennegjeving om kvar ein vil vera medlem for at medlemstalet skal bli nokolunde korrekt.

Dette kan gjerast ved at alle vaksne som er busette i Noreg og som er over til dømes 18 år, melder seg inn om dei vil tilhøyra eit trus- eller kyrkjesamfunn. Det må sjølvsagt gjelda for medlemer av Dnk på like fot med andre.

Ein kan med rette spyrja kvifor staten skal halda seg med eit religionsvesen. Men dei fleste er nok samde i at livssynsorganisasjonar bør kunne få offentlege tilskot på line med andre positive aktivitetar.

Då melder spørsmålet seg om kva aktiviteten inneber. Skal den som vart døypt som barn og som sidan berre set sine føter i kyrkja ved bryllaup og gravferder, og kanskje på julekvelden eller på ein konsert, utløysa statleg tilskot på like fot med den som kvar messesundag ­og gjerne oftare ­ er med i gudstenesta?

Det har nyleg vore debatt i Vårt Land om å vera «personleg kristen». Eg likar heller ikkje ordet, det smakar av fordomar og sjølvrettvise. Men om ein byter ut «personleg» med «praktiserande», vert dette meiningsfullt om ein vil koma fram til ein storleik på kor mange ein faktisk skal yta tilskot til.

Korleis ein i praksis skal få eit slikt system med «praktiserande» medlemer til å fungera, veit eg ikkje. Men eg har berre gode minne frå sundagsskulen i Molde, der vi fekk ei stjerne stempla inn i kortet ved kvart frammøte.

Det statlege religionsvesen har si økonomiske side. Så langt har lutherske Dnk ikkje vore råka av medlemstal som grunnlag for statstilskot. Men det kravet kan, og bør, koma.

Elles vert vi sitjande att med ein urett som med røter attende til den påtvungne reformasjonen på 1500-talet då kongen i Danmark røva til seg alt katolsk gods i Noreg – og der mykje framleis finst i form av Opplysningsvesenets fond: Etter lova av 1979 skal all avkasting av denne gamle­ ­katolske formua koma Dnk til gode.

Først publisert i Vårt Land 24.2.2016

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Juleangst og julelettelse
av
Aud Irene Svartvasmo
23 dager siden / 1721 visninger
White Christmas
av
Hilde Løvdal Stephens
rundt 1 måned siden / 1326 visninger
Hvorfor jeg er kristen
av
Geir Tryggve Hellemo
3 dager siden / 1151 visninger
Min drøm for 2020
av
Ragnhild Mestad
19 dager siden / 1145 visninger
Hva Ari Behn åpenbart gikk glipp av
av
Leif Knutsen
23 dager siden / 1113 visninger
Storpolitikk i religionens vold
av
Ingrid Vik
13 dager siden / 815 visninger
Smiths Venner på ville veier.
av
Gerard Oord
rundt 2 måneder siden / 804 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere