Verdidebatt

Vi må si nei til tvillingabort

Helse- og omsorgsministeren er på kollisjonskurs med sentrale fagmiljø. Det er ikkje påvist nokon medisinsk gevinst av å redusere tvillingsvangerskap til singelsvangerskap.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Regjeringa meiner det er innanfor abortlova at kvinner fritt skal kunne ta bort eit av fleire fostre i svangerskapet før veke tolv. I dag er dette teknisk mulig ved såkalla fosterreduksjon.

Dette var ikkje mulig den gongen då abortlova vart innført. Abortlova seier heller ingen ting om dette. Helse- og omsorgs-
departementet har tidlegare konkludert med at abortlova berre opnar for fosterreduksjon dersom det er stor fare for alvorleg sjukdom hos fosteret, jamfør rundskriv I-42/2001.

Men i ei ny lovfortolking slår justisdepartementet fast at dette også gjeld friske fostre. Helse- og omsorgsminister Bent Høie tar dette til etterretning. Dei regionale helse-
føretaka får no beskjed om å informere­ både abortnemnder og helseføretaka om denne nye tolkinga av abortlova. Det blir gjort utan at saka har vore til politisk­ behandling.

Helse- og omsorgsministeren er på kollisjonskurs med sentrale­ fagmiljø. Det er ikkje påvist­ nokon­ medisinsk gevinst av å redusere tvillingsvangerskap til singelsvangerskap. Risikoen­ for at foster som er igjen spontan-
aborterast på grunn av inngrepet­, er på cirka 15 prosent. Inngrepet er komplisert.

Overlege Birgitte Heiberg Kahrs ved Nasjonalt senter for fostermedisin på St. Olavs hospital­ meiner at foster-
reduksjon berre bør utførast om det eine fosteret viser utviklingsavvik. (NRK 18. februar).

Viseadministrerande direktør ved Oslo universitetssykehus, Terje Rootwelt, uttalte i den same artikkelen at heller ikkje dei har noko ønske om at abort av friskt tvillingfoster skal bli vanleg rutine­ i Norge. Han viser­ og til at abortrisikoen for det andre­ barnet aukar.

Mange meiner kanskje, som Arbeiderpartiet, at når ein har lovfesta kvinners rett til sjølvbestemt abort i Norge, er det ikkje noko skilje på dette og ein singelabort. Kvinners rett må vege tyngst.

Men er dette saka? Tvilling-
abort av friskt foster har ikkje vore ein etablert praksis til no i Norge. Retten til å velje vekk eit friskt tvillingsfoster er ikkje omtala i abortlova.

Korleis kan ein då argumentere med at dette er å innskrenke kvinners rettar? Rettar ein aldri har hatt?

Det er forskjell på å ta vanlig abort og ein fosterreduksjon. At ein påfører det andre fosteret ein ikkje ubetydeleg helserisiko, gjer at dette ikkje kan samanliknast med ein singelabort.

Til forskjell frå singelabort, meiner kvinner som ynskjer tvillingabort­ at dei vil klare å bære fram og fostre eit barn. At ein vel ut eitt foster som skal leve vidare, utfordrar prinsippet om at abort skal ikkje gjerast ut frå eigenskapar ved fosteret.

Her er det eigenskapen tvilling som er grunnen. Og korleis velje? Er det rett å velje? Korleis lever ein med det vidare? Det er og ein reell sjanse for at ein slik ny praksis i Norge vil skape større­ press på tvilling- og trilling-
foreldre, når dei og alle veit at 
ein kan «sleppe» å bere fram alle.

Staten­ må ikkje legge opp til ein ny praksis der vi tillèt selektiv tvillingabort av friske fostre. Om juristane­ meiner fosterreduksjon av friske fostre er i tråd med abortlova, sjølv om lova faktisk ikkje omtalar dette, må lova endrast­.

Saka om tvillingabort som del av retten til fri abort, bør ikkje avgjerast av juristar i departementet.

Vi må og vurdere dei medisinsk-etiske sidene og løfte saka til den lovgivande forsamling i Stortinget. Slik kan vi og få til ein reell høyringsprosess, der dei medisinske fagmiljøa vert involvert.

Først publisert i Vårt Land 23.2.2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt