Verdidebatt

Kontra Sunniva Gylver

Sunniva Gylver snakkar for den trauste gruppeoppfatninga, og prøver å valse Hege Storhaug ned så godt ho kan.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det går unna når Sunniva Gylver skriv (Vårt Land 16. februar). Og ho treng ikkje vere så nøye, sidan redaksjonen tildeler ho meir enn halvannan gong så mykje plass som vi menige innleggsskribentar må nøye oss med.

Gylver gjer store nummer av slikt som Storhaug heilt sikkert ikkje meiner. Ho utrustar Storhaug med eit verdsbilete, men Storhaug skriv berre om islam, og åtvarar berre mot den forma for islam «som har befestet makt i Norge og Europa».

Gløymt. Gylver har altså fått med seg at Storhaug berre åtvarar mot det militante Medina-islam, men det har ho gløymt når ho litt seinare spør: «Hvor rasjonelt er det å tegne opp et bilde av islam som bare jihadister og ekstremister kjenner seg igjen i ?» Her er Gylver dobbelt uheldig, for her vedgår ho at biletet som Storhaug teiknar av islamistar og jihadistar, er så korrekt at dei nemnde grupperingane kjenner seg att i det.

Så let Gylver det sjå ut til at Storhaug ynskjer å gjere Noreg til det det minst attraktive landet å søkje asyl i, endå Storhaug poengterer at ho har ingenting imot hinduar tamilar og kven det måtte vere, bortsett frå politisk islam. Så slår Gylver til med det meiningslause «argumentet» «konspirasjonsteorier». Det blir sagt at den som greier å stave det ordet rett og å  bruke det om ein motstandar, har vunne over motstandaren.

Taushet. David Eberhard hadde for litt sidan ein kronikk i Gøteborgsposten med tittelen «Majoriteten skräms till tystnad», som handlar om «att människor känner en enorm gruppsamhörighet», dokumentert av den polsk-britiske psykologen Henry Tajfel gjennom ei rekkje eksperiment. Denne gruppesamkjensla «förklarar hvarför vi är så rädda för att sticka ut och tycka annorlunda, även om vår avvikande uppfattning är rett».

Det er her Storhaug og Gylver står fram som representantar for kvar sitt univers av haldningar. Storhaug som den einslege granskaren og sanningssøkjaren som skriv ut frå eit hav av erfaringar som ho har skaffa seg gjennom eit langt tidsrom.

Gylver snakkar for den trauste gruppeoppfatninga, og prøver å valse Storhaug ned så godt ho kan. Og ho grip til fleire merkelege argument for å skildre kva for ein stor og gild majoritet ho tilhøyrer: Alle dei som ikkje har kjøpt Storhaug si bok! (Endå Gylver kanskje har gjort det?) Men kva for ei bok har nokon gong eit fleirtal av folket kjøpt?

Klimaalarm. Så let ho det skine gjennom at ho også høyrer til i ei anna majoritetsgruppe: Klimaalarmistane! (Dersom ho har brukt så mykje som ein halvtime på å setje seg inn i kvar av dei stridande klimapartane sin argumentasjon, ber eg ho skrive til meg og fortelje det, så skal eg ta på meg meiningsmotstandarrolla!)

Det hjelper lite at Gylver gjev Storhaug rett på eit par punkt, og at ho tek avstand frå den mest groteske islamske ekstremismen, for korkje ho eller majoritetsgruppa hennar forstår den farlege utviklinga som Storhaug viser oss.

Eg har visst om Sunniva Gylver ei tid. Ho er eit meir enn vanleg oppegåande menneske, og eg  har hatt utbyte av å høyre på det ho seier og av å lese det ho skriv. Derfor undrar det meg at ho let seg ned til å skrive slik ho i dette tilfellet gjer. Ho burde halde seg for god til det, for ho er for god til det!

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 20.02.2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt