Mai Lene Fløysvik Hæåk

Kommentator i Vårt Land
41

”Now imagine she’s white”

Me må våge å setje oss sjølv i flyktningane sin situasjon. Viss ikkje blir debatten kald og kjenslelaus.

Publisert: 18. feb 2016

”Now imagine she’s white”. Dette er truleg ein av dei mest verknadsfulle og tankevekkjande replikkane i filmen Time to kill. Advokat Jack Tyler Brigance forsvarer Carl Lee Hailey, ein farga mann som har drepe mennene som valdtok dottera. I sluttprosedyren sin fortel Brigance det som tilsynelatande er historia om ti år gamle Tanya som, på veg heim frå matbutikken, vart valdteken, slått og urinert på. Alt tek ei anna vending når han tek ein liten pause og avsluttar med orda ovanfor: ”Now imagine that she’s white”.

 Ho er ni år og har allereie reist i ein båt over havet for å kome unna krig og konflikt. I den båten sat det åtti andre med same føremål. Broren hennar er død, og i byen ho kjem frå er det krig. Først flykta dei til eit naboland, og derfrå reiste faren vidare. No reiser ho og resten av familien etter. Det ho drøymer om er å få treffe faren igjen. Dette er historia til Amar frå Homs i Syria. Kva om personen som hadde fortalt denne hadde avslutta med: ”Sjå for deg at dette er ei norsk jente”? Kva om Amar var ei norsk jente? Slike spørsmål må me tørre å stille i asyl- og flyktningdebatten.

 Dessverre møter bruk av enkelthistorier som dette ofte motargument som: ”Asylpolitikk må byggje på realisme og ikkje kjensler”. ”Me kan ikkje redde alle uansett”. ”Å trekke fram enkelthistorier er å dekke over fakta”. Det verkar som om mange har ei oppfatning av at det er umogleg å trekke fram enkelthistoriene og samstundes vere oppteken av realitetane.

Asyl- og flyktningdebatten er i stor grad prega av eit fokus på kostnadar og statistikk. Kor mykje kostar ein flyktning oss? Kor mange kom over grensa i veke tre? Kva vil det koste velferdssamfunnet å ta i mot fleire tusen over fleire år? Eg seier ikkje at det er noko gale ved å diskutere det. Me treng tala, og me må vite kor mykje det kostar å ta i mot flyktningar for å kunne lage forsvarlege budsjett som står i forhold til situasjonen. Men me kan ikkje la debatten vere prega av dette aleine. Då vil den bli kald og kjenslelaus.

 Av og til må me difor ta eit steg tilbake og setje oss inn i enkelthistoriene der ute. Me må våge å spørre: ”Kva om det var oss? Kva om Amar var ei norsk jente på ni år?” Det er ubehageleg å tenkje på, og svaret på spørsmålet gir oss eit ansvar for å vere med å skape moglegheiter for andre enn berre norske barn. ”Now imagine she’s white”

(Historia om Amar: http://flyktninghjelpen.no/?did=9212544#.VsWaA-lZ0bM)

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Knut Rasmussen

78 innlegg  1382 kommentarer

Dette var en

Publisert over 4 år siden

”Now imagine that she’s white”.

Now imagine that is 60 mill. 

Kommentar #2

Audun Wold

4 innlegg  738 kommentarer

Ja, sett nå at Amar var ei norsk jente, f.eks. deg.

Publisert over 4 år siden
Mai Lene Fløysvik Hæåk. Gå til den siterte teksten.
Av og til må me difor ta eit steg tilbake og setje oss inn i enkelthistoriene der ute. Me må våge å spørre:

Hva ville du foretrukket som niåring, en flyktningtilværelse i Sverige, Danmark eller et annet nært europeisk land, eller en tilsvarende tilværelse i en annen verdensdel, med totalt annerledes kultur og religion?

Etter at du er ferdig tenkt om det, kan du tenke over hvordan det må føles for de som sitter igjen i nærområdene, vel vitende om at vi kunne gjort tilværelsen bedre for dem dersom vi ikke hadde brukt så mye penger på slike som Amar og hennes familie.

Kommentar #3

Per Steinar Runde

228 innlegg  2476 kommentarer

Ikkje statistikk, men kasuistikk!

Publisert over 4 år siden
Mai Lene Fløysvik Hæåk. Gå til den siterte teksten.
Asyl- og flyktningdebatten er i stor grad prega av eit fokus på kostnadar og statistikk.

Nei, hovudsaka i media er slett ikkje statistikk, men kasuistikk. Ditt bidrag er også eit eksempel på det. I vår tid er det fjernsynet med sine levande bilde som har sterkast gjennomslag og som folk ser. Ja, eg benkar meg framfor skjermen, sjølv óg, når klokka blir sju og det er tid for dagsrevy. Sjølv når statsbudsjettet blir lagt fram, glimrar ikkje berre tal, men også plansjar og grafar med sitt fråvere. I staden får vi "heime-hos"-intervju med ein familie for å synleggjere kva konsekvensar budsjettet får for dei. Og i flyktning-, migrasjons- og innvandringsdebatten har eg berre nokre få gonger sett at kostnader har vore tema i eit kort innslag. Slikt appellerer ikkje til folk flest, og programleiarane trur sikkert at sjåarane då vil skifte til ein annan kanal. Dei er så redde for dette siste, at sjølv NRK no gong etter gong i Dagsrevyen fortel om innslag som skal kome seinare i sendinga, for slik å pirre nyfikna og halde interessa oppe.

Dei som i realiteten ikkje vil setje konkrete grenser for innvandring, anna enn uforpliktande utsagn om at "alle kan sjølvsagt ikkje få kome", går nesten aldri inn på konsekvensar innvandringa får for økonomi, tillit, kultur og samfunn, men held seg til nærsynte bilde av søte barn eller gråtande barn. Dei vil få oss til å identifisere oss med førstnemnde og synest synd i dei siste. Og det gjer vi sjølvsagt. Men dette er på det personlege plan. Politiske val må takast ut frå andre prioriteringar. Då må ein sjå på mengde og omfang og talfeste ting. Ikkje minst må langsiktige konsekvensar vurderast.

Poenget for Flyktninghjelpa med presentasjon av den søte, syriske jenta, er å argumentere mot all innskrenking av retten til familieinnvandring for såkalla flyktningar. Ein krev i dag at arbeidsinnvandrarar tener såpass at dei har forsørgarevne før dei får ta familien hit. Såkalla flyktningar har fått gjere det med ein gong dei har fått innvilga asyl. Når eg skriv "såkalla flyktningar", er det fordi "flyktning" i alle år har vore brukt om dei som fell innanfor definisjonen i FN sin Flyktningkonvensjon. Med Utlendingslova, i kraft frå 2010, vart med eitt alle som fekk asyl, kalla flyktningar. Det har opna for langt meir omfattande familieinnvandring enn før, og gjer det meir freistande å ta seg hit, fordi ein då veit at ein kan få familien etter. Reisa er utan tvil tryggare for dei som då kan kome med rutefly i staden for å krysse Egeerhavet i gummibåt. Men med dette gulrota vil også fleire bli freista til å ta denne risikable turen i første instans. Det einaste som kan redusere talet på drukna, er ein så streng asylpolitikk at få blir freista til å setje seg i gjeld for å finansiere turen. I fjor var dessutan ein seksdel av dei som kom til Noreg og Sverige, mindreårige som reiste åleine. Det er vel heller ikkje likegyldig om 1% av dei druknar eller ei; det kan svare til så mange som 350 berre på eitt år.

Konklusjonen min er at dagens asylordning ikkje berre er ufornuftig, men svært skadeleg og umoralsk.

Kommentar #4

Per Steinar Runde

228 innlegg  2476 kommentarer

Kva bestemmer vårt syn på asyl og innvandring?

Publisert over 4 år siden

Eg hadde ikkje før skrive frå meg denne kommentaren før eg såg på NRK-tekst-tv at 340 barn hadde drukna i Egéerhavet/Middelhavet i fjor. Og det var med eksisterande reglar for familieinnvandring, som Flyktninghjelpa argumenterer for å verne, med argumentet om at dei vernar flyktningar mot drukningsdøden. Det gjer dei definitivt ikkje.

Det er grunn til å seie litt også om Hæåks overskrift og argument som går på rase eller etnisitet. Det insinuerer at vi ikkje bryr oss om flyktningar/migrantar fordi dei fleste er litt mørkare i huda enn nordmenn eller rett og slett fordi dei ikkje er nordmenn. Det første vil eg avvise, medan det sjølvsagt er litt i det andre. Vi bryr oss nemleg mest om vår eiga familie, dernest om våre venner og naboar, vidare om våre kjenningar, landsmenn osv. Difor står nabojenta mi, fødd i Korea, meg langt nærare enn nordmenn eg ikkje kjenner. Ei ansiktslaus gruppe i ein heilt annan kultur skaper ikkje same identifikasjon. Slik er det overalt på jorda, men minst i vestlege land vil eg påstå.

Men Hæåk går eit hakk lenger. Implisert i resonnementet hennar ligg der eit premiss, nemleg at det er vår evne og vilje til å sjå flyktningar som medmenneske, som bestemmer meiningane våre om innvandring. Med dette er ho sjølv med på å umenneskeleggjere sine meiningsmotstandarar. Det er både feil og ufint. Eg vil vise til første kommentaren min, der eg skreiv at vi alle blir konfrontert med massevis av bilde. Det manglar såleis ikkje på ansikt og nærleik, som gjer at vi kan føle med dei som er på flukt eller reise. Eg trur skilnaden heller ligg i kor mykje vi har sett oss inn i dei samfunnsmessige følgjene av innvandring. Mi erfaring er at dei innvandringsliberale er særs kunnskapslause på dette området. Eg har sett utruleg mange tøvete argument og påstandar som ikkje held, ja, også mange mytiske førestellingar. Ein del ser også ut til å vere drivne av ein naiv idealisme. Idealisme er sjølvsagt betre enn kynisme, men aller best er realisme.

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere