Verdidebatt

Dåp, konfirmasjon og gravferd på bedehuset?

Det er heilt rimeleg at konfirmasjonsundervisninga og andre dåpsopplæringstiltak skjer i ein samanhang ein har tiltru til.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ei Normisjon-foreining i Vest-Agder har med stort fleirtal vedtatt å ha eigne kyrkjelige handlingar på bedhuset og ikkje i kyrkja.

NRK går lite inn på bakgrunnen, men det ser ut til å ha samanheng med splittinga i kyrkja om samkjønna ekteskapsinngåing og den nye soknepresten sitt syn i denne saka.

Etter luthersk teologi er det ein grunnleggande forskjell på forvaltning av sakramenta og praktisering av undervisning og andre verdslige ordningar. Luther sluttar seg til det katolske synet at sakramenta er gyldige, uavhengig av trua og etikken til den som utfører handlinga. Dersom hensikten er å døype “i namnet til Faderen, Sonen og Den Heilage Ande” og orda blir uttalt og vatnet aust over, så er det gyldig kristen dåp, sjølv om den i ekstremt tilfelle skulle bli utført av ei muslimsk kvinne. Dåpsopplæring, derimot, kan vanskelig bli tilfredsstillande ved ein hererikar eller skismatikar.

Det lutherske vedkjenningsskriftet Confessio Augustana (Den augsburgske vedkjenninga frå 1530) går mot det dei i samtida kalla “svermarar” og donatismen frå 300-talet. Den gjekk ut på at det skulle finnast “reine forsamlingar”, utan skrukk og flekker. Her i verda er det ikkje mulig. Når det gjelder gravferd, så et det etter Luther sitt syn ei verdslig ordning. “Be Fadervår og grav dei ned” sa han, og tok dermed avstand frå den romersk-katolske rekviem-messe.

Dermed vil eg hevde at det er heilt rimelig at konfirmasjonsundervisning og andre dåpsopplæringstiltak skjer i ein samanheng som bedehusforsamlinga har tiltru til. Ja, det vil vere eit stort problem hossen ein i framtida skal gje etisk rettleiing til konfirmantar om ekteskapet dersom Den norske kyrkja frå 2017 får slatt fast “to likeverdige syn”. Dåp og gravferd bør etter mi meining derimot helst skje i det folkekyrkjelige fellesskapet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt