Verdidebatt

Sosialisme og kristendom - med moderasjon

Satsen «Sosialisme er kristendom i praksis» er ei spissformulering, som respons på Sølvi Listhaugs påstand om at kyrkja er gjennomsyra av sosialisme. Med moderasjon lyder min påstand: «Sosialisme kan vere kristendom i praksis».

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ulike kommentarar til mitt innlegg, framfører ulike utgåver av millenisme som det bibelske aternativ til sosialismen. Eg er i tvil om kor bibelske dei eigentleg er, desse variantane av læra om Tusenårsriket.

«Sosialisme» finst også i mange utgåver. Trygve Bratteli sin definisjon: «Sosialisme er den politikk Det norske arbeiderparti til enhver tid fører», er ei. Som kristen godtek eg ikkje den, og heller ikkje marxismens idé om at produksjonsmidla tilhøyrer proletariatet. I praksis har  det vist seg at ein eineveldig klasse kan forvalte produksjonsmidla dårleg, medan ein filantropisk kapitalist kan fremje rettferd på ein sosial ansvarleg måte.  Forvaltning er den bibelske idé, slik Jesus lærer oss i sine likningar. Eigarskapet er Guds. Forvaltninga skal skje til fellesskapets beste, slik Salme 72 og Ap.gj. 2 uttrykkjer det. «Ein arbeidar er si løn verdt», er eit anna bibelsk prinsipp (1.Tim 5,18), som fordrar rettferd i lønnspolitikken.

Vi kjem ikkje utanom sosialismen som ein berande idé i vår samfunnsbyggjing. Det er ikkje utan grunn at dei sosialdemokratiske nordiske landa år etter år vert rangerte som dei beste i verda. Og det står urokkeleg fast, at før sosialismen var kristendommen. Dei to utfordrar og inspirerer kvarandre gjensidig framleis.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt