Per Steinar Runde

214

Uærleg flyktningdebatt og asylpolitikk

Kvifor har hundretusenvis av asylsøkjarar kome til Europa i år? Jau, fordi nordeuropeiske statar byr på rause velferdsordningar og fordi leiande politikarar i Tyskland og Skandinavia har signalisert at asylsøkjarane skal få opphald.

Publisert: 25. nov 2015

Og kvifor har minst tre tusen menneske omkome på vegen? Jau, fordi dei same politikarane har stengt for fly- og båtreiser, slik at berre dyre og farlege alternativ står att. Ingen politikar, og berre få journalistar, har gitt oss desse sanne svara.

Lokkar med opphald og velferd, men gjev ikkje visum og trygg reise

Her til lands vil vere så gode at vi jamvel har skrive menneskerettane inn i sjølve Grunnlova. Den europeiske menneskerettskonvensjonen, hovudgrunnlaget for vår Menneskerettslov, blir tolka så vidt at han ville gje hundretals millionar frå andre kontinent rett til opphald for seg og familien, berre dei kom seg hit og fekk søkje asyl. Samtidig er vi i Nord-Europa så rause at vi overauser dei som får asyl med velferdsgode frå første dag, og etter få år premierer dei med alle statsborgarlege rettar. Alt dette fungerer som ein magnet, så lenge det varer. Nær 40% av befolkninga i Afrika og delar av Asia har sagt at dei gjerne vil flytte til eit vestleg land. Men alle politikarar veit at Europa ikkje kan ta imot hundretals, ja, ikkje eingong titals millionar. Derfor gjev vi dei ikkje innreisevisum og med det lov til å ta ein billig og trygg flytur. Då kan dei berre kome seg hit ved å betale hundre gonger så mykje til menneskesmuglarar og utsetje seg for ei farleg, strabasiøs og usikker reise.

 

Kjem no fordi høvet gav seg

Når så mange kjem no, er det ikkje fordi det er meir krig og fattigdom i verda enn før eller fordi langt fleire er på flukt. Nei, det har meir med omstende som har gjort det lettare å kome seg til Europa og har gitt større sjanse for å få opphald her. Først skjedde samanbrotet i Libya etter at NATO tok på seg rolla som flyvåpen for opprørarane mot Gaddafi. Det skapte den første bølgja av båtflyktningar og tragiske forlis som påverka opinionen i Europa. Frontex, som skulle sikre yttergrensa til Schengen mot illegal innvandring, vart i staden ein mottaksorganisasjon for den same innvandringa. Og sjøvegen frå Tyrkia til greske øyar var endå lettare å forsere. Det islamistiske styret i Tyrkia var ikkje interessert å hindre syriske og andre potensielle asylsøkjarar i å forlate landet. Dei kunne tvert om bruke straumen av båtflyktningar som forhandlingskort for meir økonomisk hjelp til eige regime, visumfri innreise til Europa og eventuelt EU-medlemskap. I tillegg kom at eit Hellas i økonomisk krise og med kjensle av å vere svikta av EU og spesielt Tyskland, ikkje lenger hadde evne eller vilje til å forsvare yttergrensa til Schengen-området. Og då forbundskanslar Merkel sa at alle syriske flyktningar kunne få opphald i Tyskland, og med det sette Dublin-avtalen ut av spel, var Hellas snar til å skysse immigrantane vidare. Dei andre landa på Balkan og i Sentral-Europa kunne då ikkje gjere anna enn å følgje Hellas og Italia sitt eksempel.

 

Våre utsegner og praksis er mest avgjerande

Fordi menneskesmuglarane tek seg så godt betalt, kan berre folk som sel alt dei eig eller får låne pengar av slektningar, finansiere ei slik reise. Men ingen tek ein så stor økonomisk risiko utan at dei reknar med å få positivt svar på ein asylsøknad. Derfor er vår haldning og praksis heilt avgjerande for om dei reiser eller ikkje. Med dagens telekommunikasjonar går tilbakemeldingane på sekundet. I alle vestlege land finst det fortroppar av innvandrarar frå nær sagt alle land. Dei som vurderer å søkje asyl, er difor godt orienterte om reglar og støtteordningar, om stemninga i opinionen og synet til politikarane. Då veit dei også at statsminister Solberg, i følgje VG, gav følgjande lovnad 13. oktober: "Mange av de som kommer nå, er fra Eritrea, Afghanistan og Syria, og de vil få opphold." To veker seinare var talet på asylsøkjarar frå Afghanistan meir enn dobla. Dei to siste svenske statsministrane, Reinfeldt frå Moderaterna og Löfven frå Socialdemokraterna, har vore ti gonger så tanke- og grenselause i sine fråsegner.

 

Frå asyl for reelle flyktningar til dyrt byråkrati for masseinnvandring

Når folk satsar alt dei eig, må ein også rekne med at dei gjer sitt beste for å få opphald, også om det inneber å tilpasse historia si til det dei trur gagnar saka. Det er dessutan UDI/UNE som må bevise at dei ikkje snakkar sant, noko som er svært vanskeleg å etterprøve når det gjeld éin person frå eit framandt land, men umuleg å ha kapasitet til når det gjeld mange tusentals asylsøkjarar per år. Det som var ei god ordning for forfølgde individ har no vorte eit kostbart, byråkratisk og uærleg system for masseinnvandring. Kvart år går det med eit beløp svarande til halve bistandsbudsjettet, eller det tidoble av hjelpa vi gjev syriske flyktningar i Tyrkia, Libanon og Jordan, berre for å administrere dette meiningslause narrespelet. Når titals tusen no skal gjennom same kverna per år, og minst halvparten deretter vil kome til å leve av offentlege midlar, seier det seg sjølv at systemet ikkje er berekraftig, verken økonomisk eller kulturelt.

 

Kva gjorde Arbeidarpartiet i 2008, og kva seier flyktningkonvensjonen?

Etter ei dobling til 15.000 asylsøkjarar, stramma regjeringa Stoltenberg i 2008 inn på reglane for opphald. Det året fekk difor berre 4400 asyl. Resten fekk avslag. No har det kome meir enn 8.000 på éin månad og førre veke heile 2500. Berre 29% av asylsøkjarane som er registrerte siste tre vekene, kjem frå Syria. Kor mange som kjem neste år, er usikkert. Prognosane varierer mellom 30.000 og 130.000. Det er uansett langt fleire enn nokon gong tidlegare. Derfor opplevde vi at partileiar i KrF, Knut Arild Hareide, som tidlegare alltid har snakka og stemt for mottak av fleire flyktningar, i 'Debatten' på NRK for eit par veker sidan skulda FrP (!) for å trenere tiltak mot den store asylstraumen. Og kollega Trine Skei Grande (V), som også har vore pådrivar for ein grenselaus, liberal innvandringspolitikk, skulda Putin for å ville destabilisere Noreg ved å sende tusentals afghanarar og syrarar over grensa ved Storskog. Ho har sikkert rett i at dette er bevisst politikk frå Russlands side, men forståinga hennar av at mange nok asylsøkjarar frå fjerne kulturar faktisk er farleg for landet, er definitivt av ny dato. Men enno har ingen av dei politiske partia innsett at jamvel personar som har gode grunnar for å flykte, rett og slett er for talrike til at vi kan ta i mot dei utan samtidig å utslette oss sjølve som folk. Dei må difor hjelpast på annan måte. Ulike hjelpeorganisasjonar og privatpersonar som påstår at FN sin flyktningkonvensjon gjev oss plikt til å ta i mot flyktningar, er enten dårleg orienterte eller talar mot betre vitande. Dette er ein mellomstatleg avtale som gjev eit land rett, men ingen plikt, til å la statsborgarar frå andre land få asyl, i fall dei fyller visse vilkår. Difor finst det mange land, også rike og industrialiserte, som knapt nok tek i mot ein einaste flyktning.

 

Terror, multikultur og hat; her og i Midtausten

Skei Grande sin påstand om destabilisering kom før siste terroråtaket i Paris, der fleire hundre franskmenn vart skotne,130 døydde, og nesten like mange vart alvorleg skadde. I all sin gru er dette likevel lite mot dei tap syrarane har hatt siste fem åra. Befolkninga i ei rekkje andre muslimske land har også lidd sterkt under den sekteriske krigen mellom sunni- og sjiamuslimar og mellom moderate og ekstreme sunni-rørsler. Men det er slett ikkje sant, slik Erna Solberg nyst sa, at syrarane rømer frå IS, Den islamske staten.Sjølv NRK sin Midtausten-korrespondent, Sigurd Falkenberg Mikkelsen, presiserte på Urix 16. november at "De aller fleste som flykter fra Syria, de flykter ikke fra IS, men de flykter fra Assad-regimet." Tre firedelar av syrarane er nemleg sunnimuslimar, som er i opposisjon til det alawittiske regimet til Assad. Om IS er aldri så brutale, er det likevel Assad sitt flyvåpen som drep flest sivile.Og dei sivile tapa blir ikkje færre når både USA, Russland og Frankrike no vil intensivere bombinga. Ein kan forstå behovet for eit oppgjer med IS, men bomber skil ikkje mellom sivile og militante. Drap på dei vi er glad i, vil meir enn noko anna skape hat. Slik er det både i aust og vest. At kritikk av innvandringa, eller sakleg kritikk av innvandrarar og islam, er det som skaper hat mellom folkegrupper, er berre ein påstand frå "eliten" i Vesten, som febrilsk prøver å forsvare sitt multikulturelle prosjekt. Det fleirkulturelle samfunn er like ikkje-eksisterande som keisarens nye kle, og vil i møtet med realitetane før eller seinare bli avslørt som nettopp dét. Men landet og samfunnet vårt kan ha fått sitt banesår før så skjer, om ikkje mange nok i tide står opp mot denne utopien. I dei fleste parti finst det personar med eit realistisk syn på innvandring, men berre i Framstegspartiet er dei mange nok til å ha særleg makt. Det innvandringskritiske fleirtalet i befolkninga kan berre ved val og sann informasjon få gjennomslag for sitt syn på ein demokratisk måte. Til dei andre partia tek til vitet, ikkje berre i ord, men i handling, har vi difor ikkje anna å gjere enn å røyste på Frp, same kor lite vi synest om den liberalistiske delen av partiprogrammet. Gjer vi ikkje det, vil Midtausten også kome hit, slik ein kristen flyktning derifrå åtvara om i Regionavisa (gratisavis for Søre Sunnmøre og Nordfjord) tidlegare i år.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Lars Randby

159 innlegg  5721 kommentarer

Jeg minnes

Publisert nesten 4 år siden

Jeg minnes en del år tilbake da jeg og min daværende hustru skulle en tur til Frankrike for å besøke en venn av oss som bodde der i et halvt år. Min daværende hustru hadde på den tiden ikke norsk statsborgerskap og det var en papirmølle uten like den franske ambassaden måtte ha for å innvilge henne et turistvisum for turen. Til sist dro jeg ned på ambassaden, gikk bort til luken som behandlet slikt og spurte dem rett ut om de virkelig mente at Frankrike var verdens navle og et sted alle bare måtte reise til. Jeg forklarte at om de ikke klarte seg med det vi hittil hadde fremskaffet kunne hele Frankrike og alle franskmenn dra til Hxxx og vi i så fall ville finne andre steder å bruke pengene våre. 

Hvor vil jeg så med den historien Per Steinar R. Jeg vil vel bare påpeke at de tidligere betegnede veslige land ikke nødvendigvis er den våte drømmen for alle mennsker i denne verden. Det holder med å lese debattsider på nett for å finne alle de nordmennene som mener at Norge er et møkkaland i det minste mener de at en veldig stor del av befolkningen er det.

Ut fra noe av det du skriver burde man jo ha hatt like store flokker av mennesker ved våre grenser langt tidligere. Men det har vi ikke, noen har kommet men de aller fleste har hatt det ganske så utmerket der de har blitt født og levet.

Så det er nok langt mer enn relativt beskjedne velferdsordninger og fremtidsutsikter i våre land som trekker. For vårt sikkerhetsnett er ikke så fantastisk som vi relativt bemidlede middelaldrende går rundt å tror. Det kan ha noe med vår selvsentrering å gjøre.

Kommentar #2

Per Steinar Runde

214 innlegg  2476 kommentarer

Minst kjende faktor er at fleire har råd til å reise

Publisert nesten 4 år siden
Lars Randby. Gå til den siterte teksten.
Ut fra noe av det du skriver burde man jo ha hatt like store flokker av mennesker ved våre grenser langt tidligere. Men det har vi ikke, noen har kommet men de aller fleste har hatt det ganske så utmerket der de har blitt født og levet.

Det er fleire årsaker til at straumen av asylsøkjarar har auka. Betre telekommunikasjonar og fleire immigrantar i vestlege land gjer at folk på andre kontinent veit meir om livsvilkåra her og kan samanlikne med sine eigne. Men betring i deira økonomi har også gjort det muleg for fleire å reise. Og sjølvsagt har krigen i Syria drive mange på flukt. Det finst såleis både "push-" og "pull"-faktorar. Blant det siste er også sjansen for å få opphald, slik eg har beskrive i sjølve innlegget.

Kommentar #3

Sissel Johansen

58 innlegg  6433 kommentarer

Publisert nesten 4 år siden
Per Steinar Runde. Gå til den siterte teksten.
Det innvandringskritiske fleirtalet i befolkninga kan berre ved val og sann informasjon få gjennomslag for sitt syn på ein demokratisk måte.

Jeg så nettopp denne reportasjen (filmsnutt nederst anbefales å se) som omhandler tilstander i vårt naboland, Sverige

Jeg må si det er skremmende at mange unge mennesker ser ut til å ha mistet så til de grader troen på dem som styrer landet. Og jeg frykter at det samme også utvikler seg i samme retning her til lands.

Kommentar #4

Kersti Zweidorff

2 innlegg  2314 kommentarer

Publisert nesten 4 år siden
Sissel Johansen. Gå til den siterte teksten.
også utvikler seg i samme retning her til lands.

Hei Sissel, og takk for dine tankevekkende kommentarer.

Når ikke økonomiske konskvenser og analyser blir lagt til grunn for politiske vedtak, så vil hverdagslivet og dårligere tjenesteyting fra offentlig side, bære helt konkret bud om hvordan det står til - og hvorfor.

Her i Bergen vil byråd for helse og sosial redusere (igjen)  tid og omfang hjemmetjenesten skal bruke hos den enkelte.

Byråden er fra Krf for å ha plassert ansvaret. (En ung og sprek byråd forvalter hjemmetjenesten for syke og eldre. I og for seg ikke noe å si på det, dersom det finnes noen i staben hennes som faktisk kan informere om hvordan deres hverdag kan være).

Resultatet, når dette brer seg til de forskjellige områdene,  er et tynnslitt tillitsforhold mellom velgere og de valgte...som på sikt skader demokratiet og hvordan vi blir i stand til å løse problemene som selvsagt dukker opp i samfunnet vårt.

Selv opplyser byråden at det er rigging av eldrebølgen som er årsaken. At den skal skje i løpet av et år eller to var nytt. For meg i alle fall.

Kommentar #5

Per Steinar Runde

214 innlegg  2476 kommentarer

"Vedtaket om 10000 syriske flyktninger det mest skjebnesvangre i nyere norsk historie"

Publisert nesten 4 år siden

Det var professor i historie og geografi ved UiB, Terje Tvedt, som sa dette i Verdibørsen 7. november. Han samtala der med filosofiprofessor Gunnar Skirbekk om kva som er klok og etisk flyktningpolitikk. Begge to var særs kritiske til at så mange politiske parti vedtok dette med akklamasjon, utan det minste forsøk på konsekvensanalyse. Og dei var ikkje mindre kritisk til leiarane i hjelpeorganisasjonane som først foreslo det, men no orsakar seg med at dei berre er hjelpearbeidarar, som om ikkje dei også har eit ansvar for å tenkje strategisk på kva flyktningane, og landa dei kjem frå, er beste tente med i det lange løp.

Kommentar #6

Olav Nisi

145 innlegg  4829 kommentarer

Publisert nesten 4 år siden

Det fell meg litt tungt å seia det, men Kongeparets velkommen-visitt på eit stort flyktningemottak i Vestfold var også lite klokt.  Ein vil tru at mobiltelefonar og aviser gjorde den glade bodskapen særdeles godt kjendt i både  Tyrkia, Midt-Austen og Nord-Afrika.

Kommentar #7

Sissel Johansen

58 innlegg  6433 kommentarer

Publisert nesten 4 år siden
Kersti Zweidorff. Gå til den siterte teksten.
Resultatet, når dette brer seg til de forskjellige områdene, er et tynnslitt tillitsforhold mellom velgere og de valgte...som på sikt skader demokratiet og hvordan vi blir i stand til å løse problemene som selvsagt dukker opp i samfunnet vårt.

Takk selv, Kjersti! :)

Det er tankevekkende mye av det som nå skjer rundt oss, ja. Og vi ser det nok alle ut fra der vi står i livet og den kjennskap vi har til ulike instanser. 

Jeg leste akkurat en ordfører (AP) i en liten Finnmarkskommune uttrykke sin bekymring over å bli det hun kaller "overkjørt og utnyttet".

Som hun skriver: "Som ordfører har jeg stilt tydelige krav, uten å få tydelige svar. Derfor sier jeg det igen: Vi må være sikre på at vi får dekket de faktiske utgiftene våre! Vi har forpliktelser overfor egne innbyggere som også skal ivaretas. Jeg er bekymret for at vi ikke vil klare det. Først og fremst fordi vi mangler menneskelige ressurser. Deretter for om vi klarer det økonomisk"

Selv om det sikkert kan diskuteres, er det vel noe i det som en i kommentarfeltet bemerker:

"Merkelig hvordan Fremskrittspartien har en tendens til å få rett igjen.
Var det ikke netopp dette de gikk ut å ville advare kommunene mot. Husker oppslaget i Aftenposten 15.08.15. da hele hylekoret på både høyre og venstresiden mente at dette var et stort svik."

Kommentar #8

Sissel Johansen

58 innlegg  6433 kommentarer

Publisert nesten 4 år siden
Kersti Zweidorff. Gå til den siterte teksten.
Her i Bergen vil byråd for helse og sosial redusere (igjen) tid og omfang hjemmetjenesten skal bruke hos den enkelte.

Jeg så forøvrig også dette og kjente umiddelbart på bekymring rundt slik tenkning.

For min erfaring er vel heller at man ikke bruker nok på dette fra før.

Og det igjen handler om den erfaringsbaserte innsikt jeg sitter med på feltet (dog ikke akkurat fra Bergen).

Kommentar #9

Sissel Johansen

58 innlegg  6433 kommentarer

Publisert nesten 4 år siden
Olav Nisi. Gå til den siterte teksten.
Ein vil tru at mobiltelefonar og aviser gjorde den glade bodskapen særdeles godt kjendt i både Tyrkia, Midt-Austen og Nord-Afrika.

Og det er alltids noen som vet å tenke business.

Det florerer av dem som ikke har skrupler når det kommer til å tjene penger på andres kriser.

At sosiale medier oversvømmes av menneskesmuglere, ser ikke ut til å være noe politiet har ressurser til å følge opp.

Kommentar #10

Robin Haug

127 innlegg  11014 kommentarer

Publisert nesten 4 år siden
Per Steinar Runde. Gå til den siterte teksten.
Kvifor har hundretusenvis av asylsøkjarar kome til Europa i år? Jau, fordi nordeuropeiske statar byr på rause velferdsordningar og fordi leiande politikarar i Tyskland og Skandinavia har signalisert at asylsøkjarane skal få opphald.

Og kvifor har minst tre tusen menneske omkome på vegen? Jau, fordi dei same politikarane har stengt for fly- og båtreiser, slik at berre dyre og farlege alternativ står att. Ingen politikar, og berre få journalistar, har gitt oss desse sanne svara.

Sterke, nødvendige, sanne ord. 

Kommentar #11

Gunnar Søyland

18 innlegg  2558 kommentarer

Gråtekonene i Krf må ta sin del av skylden

Publisert nesten 4 år siden
Per Steinar Runde. Gå til den siterte teksten.
Begge to var særs kritiske til at så mange politiske parti vedtok dette med akklamasjon, utan det minste forsøk på konsekvensanalyse.

"Bollestad trekker paralleller til Bibelen, også hvordan Jesus en gang tok ansvar for 5.000 som var sultne. Han sa ikke «gå hjem».

– Når jeg har de kristne verdiene med meg kan jeg si: Gå hjem? Eller være lik han jeg tror på? Jeg velger det siste, sier Bollestad."

http://www.vl.no/nyhet/flyktningpolitikk-til-%C3%A5-grine-av-1.356212

Guds rike er såvidt jeg vet ikke kommet enda, og politikere som tilsynelatende tror de kan serie-reprodusere Jesu brødunder, har ingenting i ansvarlige politiske posisjoner å gjøre. Det er så uansvarlig som det kan få blitt

Kommentar #12

Steinar Syverud

0 innlegg  19 kommentarer

Fattig er den

Publisert nesten 4 år siden

En mann er fattig som er uten sorg

Men rik er den som tar sitt brød på borg

og enda deler det med den som trenger

Fattig er den som teller sine penger.

Arnulf Øverland

Kommentar #13

Kersti Zweidorff

2 innlegg  2314 kommentarer

Publisert nesten 4 år siden
Steinar Syverud. Gå til den siterte teksten.
Fattig er den som teller sine penger.

...her er det vel heller snakk om å telle sine velsignelser istedet, etterhvert som milliardene renner ut.

Øverlands dikt kan ikke uten videre overføres til dagens situasjon - det vil være for enkelt.

Samtidig er Norge raus med hjelpen både innenlands og utenlands og vi har ikke noe å skamme oss over.

Kommentar #14

Per Steinar Runde

214 innlegg  2476 kommentarer

Femdobbel tiend

Publisert nesten 4 år siden
Steinar Syverud. Gå til den siterte teksten.
Men rik er den som tar sitt brød på borg og enda deler det med den som trenger Fattig er den som teller sine penger. Arnulf Øverland

Øverland skreiv ikkje berre "Til en mistantrop", men også "Loven", der fjerde verset lyder slik:

Du skal ikke elske alle, det volder besvær,                                                               

men tenke så langt du rekker på dem du står nær.

Og for din egen skyld skal du holde en annen kjær.

Men i Noreg gjer og gjev vi langt meir enn det! I neste års statsbudsjett, med ei utgiftsside på 1000 mrd, er det sett av m.a.:

·       432 mrd til enkjer, farlause, sjuke, uføre og gamle            (43,2% av totale utgifter) ·       185 mrd til behandling av sjuke                                        (18,5%) ·       67 mrd til utdanning av barn og unge                                ( 6,7%) ·       30 mrd til hjelp for fattige i andre land                               ( 3,0%) ·       20 mrd til mottak og integrering av utlendingar                 ( 2,0%)

SUM:   734 mrd, dvs heile 73,4% av utgiftssida på statsbudsjettet!

Og her er ikkje kommunale utgifter til sosiale tiltak og undervisning rekna med. Sjølv om vi reknar med dei private inntektene etter skatt, også for alle dei rike, brukar vi i gjennomsnitt over 50% av samla inntekt i landet til hjelp for trengande, dvs barn, sjuke, uføre og eldre. Det er fem gonger så mykje som den tienden Moselova sette opp som norm. Aldri har noko menneskeleg samfunn brukt så stor del til fattige og trengande, faktisk fem gonger meir enn den guddommelege norma i Bibelen. Og endå er du ikkje fornøgd?

Kommentar #15

Steinar Syverud

0 innlegg  19 kommentarer

Ja du er en reser

Publisert nesten 4 år siden

til å telle penger.

Kommentar #16

Per Steinar Runde

214 innlegg  2476 kommentarer

Nødvendig!

Publisert nesten 4 år siden
Steinar Syverud. Gå til den siterte teksten.


Ja du er en reser Publisert 18 timer siden Kommentar #15 til å telle penger.



I all samfunnsstyring er dette ei dyd av nødvendigheit. Men også på eit debattforum, der det passar betre med fakta og resonnement enn med lyrikk, same kor poetisk eller moraliserande den måtte vere. Skal ein ta stilling til om vi er oss sjølv nok, dvs berre "kosar oss med skjellinga" som Sandbeck formulerte det i Pengegaloppen, eller i staden deler med andre, må ein ha noko handfast å halde seg til. Elles blir det berre påstand mot påstand. Og min påstand, som eg har gitt godt belegg for, er at vårt samfunn er det mest solidariske som har funnest på jord. Men det vil ikkje vedvare slik. Skal velferdsstaten inkludere alle, vil han til slutt ikkje makte å hjelpe nokon. Og med import av folk frå slekts- og stammebaserte samfunn, vil det også bli slutt på all solidaritet utover dette.

Kommentar #17

Olav Nisi

145 innlegg  4829 kommentarer

Vaknar Noreg etterkvart ?

Publisert nesten 4 år siden

Eg tek meg den fridom å gjera VD's folk merksame på ein artikkel i dagens Dagbladet av skribenten Kjetil Rolness.  Det kan vera tung lesnad for alle som har gått på negativ autopilot ovanfor alle utspel og meiningar som Frp har, eller dei som meiner at Noreg må ta mot enda fleire folk, kasta bort enda fleire miliardar på heimebane.  Mens millionar lid ute.

http://www.dagbladet.no/2015/11/27/kultur/meninger/ideer/helgekommentaren/kjetil_rolness/42148350/

Kommentar #18

Knut Nygaard

487 innlegg  6965 kommentarer

Europa i endring

Publisert nesten 4 år siden
Per Steinar Runde. Gå til den siterte teksten.
Når så mange kjem no, er det ikkje fordi det er meir krig og fattigdom i verda enn før eller fordi langt fleire er på flukt. Nei, det har meir med omstende som har gjort det lettare å kome seg til Europa og har gitt større sjanse for å få opphald her.

Mye endrer seg i en hverdag med folkevandrere - så også for trailersjåfører.  Legger inn en snutt som gir oss innblikk både i hvem de reisende er og hvordan de forsøker å komme med en eller annen sjåfør fra Calais.  Snutten viser oss også hvor gigantisk "The jungle" er og hvordan fransk politi demmer opp for de muligheter som var mer åpne for noen uker siden.  Sjåføren her er fra ungarn - som kan gi refleksjoner knyttet til hvorfor Ungarn og Finland er i samme språkgruppe - samt refleksjon om denne sjåføren er innenfor eller utenfor gjeldene sjåføretikk i et område der bortimot alt kan skje ...

https://www.youtube.com/watch?v=Iu2lldhjCig

Kommentar #19

Søren Ferling

0 innlegg  4867 kommentarer

Publisert nesten 4 år siden
Steinar Syverud. Gå til den siterte teksten.
Fattig er den som teller sine penger.

Ingen tæller sine mange mange penge som Det humanindustrielle Kompleks.

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere