Verdidebatt

Hallaråker: A New Hope

Er Hallaråker sitt innlegg eigentleg så oppsiktsvekkjande gitt hans lågkyrkjelege utgangspunkt?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det siste døgeret har det storma ein del rundt Karl Johan Hallaråker, tidlegare generalsekretær i Indremisjonsforbundet (ImF), etter at han rosa bispemøtet for kloke råd i ein vanskeleg situasjon. (For nokre av svara, sjå her og her.) Utgangspunktet er bispemøtet sine råd i høve innføring av vigselsliturgi for samkjønna par. Eg skal ikkje her verken forsvare eller kritisere Hallaråker, det klarar han sjølv (han deltek i kommentarfeltet på artikkelen), men eg vil ta utgangspunkt i eit viktig moment som kom fram i Vårt Land si dekking av saka, men som ikkje kom fram i Hallaråker sitt eige innlegg. I artikkelen står det at han har «den samme teologiske grunnholdning som Rolf Kjøde,» før han sjølv vert sitert: «Jeg har et markant lavkirkelig utgangspunkt, men jeg har aldri tenkt at jeg kunne gjøre folkekirken til en indremisjonsorganisasjon eller misjonsforsamling.»

Viss vi tek utgangspunkt i Hallaråker sitt lågkyrkjelege syn (der biskopen ikkje har noko som helst større kyrkjeleg makt enn ein prest, evt. ein lekmann), samt i det folkekyrkjeomgrepet som gjer seg gjeldande i innlegget, er det ikkje noko spesielt oppsiktsvekkande med det Hallaråker skriv. Han uttrykker seg kanskje mildare enn en er vane med frå den kanten, men eg ser faktisk ikkje den spesielt store forskjellen mellom det synet Hallaråker her målber, og det som på 1920-talet resulterte i den såkalla Calmeyergatelinja (sjå her, her og her). Eg ser ei heilt klar, prinsipiell, linje frå Hallaråker til Ludvig Hope, der det er eit markant skilje mellom 'Guds folk' på den eine sida og 'den institusjonelle kyrkja' (i hans, og Hallaråker, sitt tilfelle Den norske kyrkja, Dnk) på den andre, der sistenemnde ikkje er meir enn «eit stillas me står på for å byggja Kristi kyrkja.»

Med eit lågkyrkjeleg utgangspunkt er det eigentleg ganske likegyldig kva biskopen meiner (prinsipielt sett, om ikkje praktisk). Men her skil eg meg frå Hallaråker. Eg meiner at eit høgkyrkjeleg utgangspunkt er det mest sakssvarande (noko eg har skrive om her og her, samt i mine mange innlegg om Carissimi), og eg vil også hevde – som ein i praksis gjer i Carissimi – at det nettopp er eit høgkyrkjeleg syn som ligg til grunn for både preste- og bispeembetet i Dnk (sjå dette dialogdokumentet mellom Carissimi og biskopen i Stavanger, s.8-11, om Carissimi og ekklesiologien, spes. n.19), noko som også kjem til uttrykk i den framste av dei 'særlutherske' vedkjenningane, Confessio Augustana, art. 5, 14 og 28.

Her vil eg markere mi usemje med Hallaråker. Men eg kan ikkje skjøna kvifor så mange av han ‘kumpanar’ er usamde, når dei sjølv står i denne lågkyrkjelege Hope-tradisjonen. Viss dette betyr at dei har forkasta denne Hope-tenkinga, er det sjølvsagt gode nyhende.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt