Verdidebatt

Kostnaden ved asylinnvandringa

Kva vil framtidige utgifter bli med 19% av dagens asylinnvandring og i gjennomsnitt halvparten av historisk familieinnvandring?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

SSB: Asylinnvandringa for 2015-17 vil koste 767 milliardar  

UDI trur at 75.000 asylsøkjarar vil få varig opphald før 2018. I tillegg kjem familieinnvandring på 52.500 og 8000 kvoteflyktningar frå Syria. Forskingsleiar i SSB, Erling Holmøy, seier dette vil koste 767 milliardar og at pengane ikkje kan takast frå Statens Pensjonsfond, som alt er disponert for framtidige pensjonar. Men i reknestykket har dei sett berre på økonomiske konsekvensar av asylinnvandringa fram til utgangen av 2017. 28 av dei 30 neste åra er ikkje rekna med. Held dagens straum av asylsøkjarar fram i same omfang, med 2.000 i veka, vil det gje 104.000 per år og 2,9 millionar på 28 år. I dei aller siste prognosane frå UDI er det ikkje eingong snakk om 33.000 asylsøkjarar for neste år, men kanskje 2-3 gonger så mange. Men lat oss rekne med 20.000 i året. Det svarar til 385 per veke, dvs 19% eller knapt ein femtedel av asylinnvandringa nett no. Folketalet i dei fire landa vi i dag får flest asylsøkjarar frå, stig då ikkje "meir" enn med 100 millionar på denne tida, og folkeveksten i Afrika er "berre" på ein milliard komande generasjon, for å seie det litt ironisk. Men 20.000 i året vil likevel på 28 år bli 560.000, som kjem i tillegg til dei 83.000 som SSB har rekna på for 2015-18. Kva vil i så fall samla kostnad bli?

2.293.000 fleire ikkje-vestlege om 30 år

SSB har kalkulert med ei familieinnvandring på i snitt 0,7 for kvar person med flyktningstatus. Anders Magnus i NRK sa at talet kunne bli høgre. Til dømes henta dei 2.500 pakistanske arbeidsinnvandrarane, som kom før innvandringsstoppen i 1975, i gjennomsnitt 6 slektningar hit ved familieinnvandring dei neste 30 åra. Vi kan likevel redusere også dette talet og rekne med at kvar person med asyl i framtida berre hentar tre slektningar til Noreg. Då vil dei 83.000 med asyl i åra 2015-17 få 250.000 familiemedlemmer hit før 2045. Gjeld tilsvarande for dei 560.000 som kan kome frå 2018 til 2045, vil vi få nye 1.680.000 familieinnvandrarar; av dei iallfall 1.120.000 før 2045. Alt i dag har vi ikkje-vestlege innvandrargrupper som hentar minst 10.000 slektningar og ektemakar hit per år, og truleg vil gjere det i endå større grad når deira talrike generasjon av barn og ungdommar kjem i gifteferdig alder. Men lat oss likevel rekne med same nivå som no. Då kan summen av asylinnvandrarar bli: 83.000 + 560.000 = 643.000, og summen av familieinnvandrarar: 250.000 + 1.120.000 + 280.000 = 1.650.000, totalt 2.293.000 personar frå ikkje-vestlege land på 30 år. Det er ein auke i folketalet på 44%, og då er ikkje barn fødde i Noreg rekna med. Overslaget byggjer på halvparten av gjennomsnittleg, historisk familieinnvandring og berre ein brøkdel (1/5) av dagens asylinnvandring.

Kostnad på 2,7 oljefond eller 344 milliardar i året

SSB seier at 135.000 innvandrarar vil koste oss 767 milliardar. Då vil 2.293.000, dvs 17 gonger fleire, koste 13.028 milliardar. I absolutte tal er dette største utgifta, men ikkje per år, sidan det truleg må delast på 85 år (eller kanskje nokre færre år; eg kjenner ikkje detaljane i SSB sitt reknestykke). Innvandrarane treng nemleg også hus, barnehagar, skular, sjukehus, transport og offentlege tenester. Det vi har av slik infrastruktur er per i dag verdsett til fire gonger nasjonalproduktet, ca 13.000 milliardar. Ved ein auke i folketalet på 44%, trengs det investeringar på 5.720 milliardar i ny infrastruktur i løpet av 30 år. Dei årlege ekstrakostnadene for desse innvandrarane kan difor bli: 13.000:85 + 5720:30 = 153 +191, til saman 344 milliardar kroner.

Oljefondet vert tømt på 13 år, og deretter er det heilt slutt på velferdsstaten

Saman med dagens uttak vil dette tøme Statens Pensjonsfond på 13 år. Då har vi ikkje pengar att til pensjon, og i tillegg er statsbudsjettet varig svekka med rundt 550 milliardar i forhold til dagens nivå. Og dette trass i at det her er rekna med at barna til ikkje-vestlege innvandrarar vil delta i arbeidslivet på linje med nordmenn, noko som heller ikkje har vist seg å halde stikk. Er det då nokon som framleis trur dagens reglar for asyl- og familieinnvandring er økonomisk berekraftige? Ivar Aasen hadde rett: "Etter ein aukar kjem det ein øydar, og etter ein samlar kjem det ein snøydar". Men vi er verre enn det verste øydeland når vi legg opp til å setje heile nasjonens finansformue over styr på 13 år, og til dels gjer det med jubel og begeistring over kor "gode" vi er.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt