Verdidebatt

Med trekors på tvers av USA

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Få månader etter at Hans Erik Schei i 1969 tapetserte delar av Oslo sentrum med Jesus-plakatar, starta nattklubb-predikanten Arthur Blessitt, «the minister of Sunset Strip», ein gåtur på tvers av USA frå Hollywood til Washington, DC.

Hans prosjekt var ikkje noko rekordforsøk for å få seg ein plass i The Guinness Book of Records (sjølv om han fekk ei sides omtale i Guinness Millennium Edition i 2000). Det var ingen sportsleg bragd Blessitt skulle bli kjent for, men Gud hadde kalt han til 
eit «ministry» som for dei fleste minner om rein galskap: å rulle eit 12 fots langt trekors på tvers av USA.

Første etappe begynte på tampen av 1969 og førte han innom alle sju kontinent, til 315 land, med endestopp i Zanzibar ved Tanzania 13. juni 2008.

Arthur Blessitt var etter mitt syn ein av dei viktigaste eksponentane for Jesusvekkelsen. «I didnt know it at the time», skriv han i sjølvbiografien The Cross, «but this new ministry would help spread the Jesus Movement across the country.»

Korset er eit universelt symbol på Guds kjærlighet, noko som filmen om hans liv, The Cross, The Arthur Blessitt Story, er eit kraftig vitnesbyrd om. Rullande på eit kors har han aktivt oppsøkt terror- og krigssoner (IRA, Beirut med fleire) for å dele 
dei gode ­nyhetene om at Gud er god og elskar oss, uansett kva slags ­situasjon vi måtte befinne oss i.

Jesusvekkelsen kan sjølvsagt studerast frå eit kulturelt, sosiologisk eller eit anna samfunnsmessig perspektiv. Men «flammen» og varmen som Blessitt stod for, at menneske skulle bli frelst, få Jesus som frelsar og Herre i livet og få eit personleg møte med mannen frå Nasaret, var nok det som mange av oss først og fremst identifiserte oss med. Opprør mot liturgi og etablert kirkeliv stod langt nede på lista.

Først publisert i Vårt Land 20.10.2015

LES MER: Utbrent av Jesusvekkelse

LES MER: Da Jesus ble synlig på 1970-tallet

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt