Verdidebatt

Migrantar som gudsbilde, medmenneske, framande eller fiendar

Med ein viss rett blir det sagt at haldninga vår til flyktningar blir bestemt av korleis vi oppfattar dei. Men om vi i dag ser asylsøkjarar berre som arme medmenneske, vil vi uunngåeleg sjå dei også som ein trussel om dei blir mange nok.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kristenplikt å hjelpe sjuke og fattige

Teneste for fattige, sjuke og forkomne har i kristen tradisjon blitt rekna som ei teneste for Gud, og det med godt grunnlag i Bibelen. I evangeliet etter Matteus handlar heile kapittel 25 om Dommen, som vi i følgje denne teksta vil få etter korleis vi har behandla dei som var svoltne, tørste, nakne, framande eller i fengsel. For "alt som de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg", sa Kongen/Menneskesonen/Jesus. Den russiske forfattaren Leo Tolstoj har gitt dette bildet ein litterær versjon ved si gripande juleforteljing om skomakaren som så gjerne ville møte Kristus, "Papa Panovs jul".

Her er det likevel spørsmål om kva vi gjer som einskildmenneske. Men den kristne nestekjærleikstanken inspirerte også til fellestiltak i kristen regi med omsorg for sjuke, fattige og foreldrelause i hundretals år før vi fekk nasjonalstatar med eit økonomisk og organisasjonsmessig fundament for ein velferdsstat.

Edvard Hoem som salmediktar og spåmann

Blant nye innslag i Norsk salmebok frå 2013 var ein salme skriven av Edvard Hoem i 1983 og utgitt i 2003 i boka "Den fattige Gud - Salmar og balladar". Som son til ein lekpredikant hadde Hoem ein kristen ballast før han vart gripen av AKP-rørsla; ja, han var jamvel redaktør for Kristenrussavisa for Nordvestlandet (gymnasa i S&F og M&R) i "revolusjonsåret" 1968. Eg var sjølv med i redaksjonen, som representant frå Eids 2-årige gymnas, men møtte han aldri personleg. Seinare har Hoem igjen vendt blikket mot forfedrane og deira tru og skrive fleire glimrande romanar, m.a. : "Mors og fars historie" og "Slåttekar i himmelen". Salmen hans frå 1983 har enkle ord, men ein sterk bodskap, prega av ein sosialetikk som overskrid nasjonsgrensene og legg på oss ei skuld og eit ansvar så stort at vi verken bør eller kan bere det, jamfør "Botferdighetens tyranni" av franske Pascal Bruckner. Dette gjeld særleg andre verset, medan han i det tredje og siste profeterer eit oppbrot som liknar det vi no, tretti år seinare, kanskje ser startfasen av:

Han sa: Ein fattig går forbi og det er meg du ser.

Men vi ser millionar, vi,  i svoltens store hær.

Og når vi veit kva vi har gjort  mot alle desse dine små,

forstår du at vi snur oss bort ifrå den Gud vi skulle sjå.

Men er det sant at dei som bur i svolten kring vår jord

er Gud som menneske, da trur vi og at du er stor.

Når svoltens hær frå land til land bryt opp og krev ei anna verd,

vil vi forstå med vår forstand kva for ein mektig Gud du er.

Medmenneske kan også vere konkurrentar og erobrarar

Kristen omsorg var i mange sekel sjølvsagt avgrensa til nesten, dvs dei næraste i bygd og by. Men etter at vi fekk betre kommunikasjonar, dreiv misjonsorganisasjonar undervisning og helsearbeid i Afrika og Asia i hundre år før vi fekk Fredskorps og statleg u-hjelp. Perspektivet første tida var utan tvil ovanfrå og ned, men også prega av sterk omsorg og kjærleik. Og utan vestleg medisin og teknologi hadde vi aldri sett slik betring av helsetilstanden og slik auke i levealder og folketal som vi no har fått dei fleste stader på jorda. Bildet er difor langt meir nyansert enn det Hoem teiknar i det første av desse to versa. Det er godt grunnlag for å seie at ein i dagens Europa ser folk på alle kontinent som sine medmenneske.  Det skulle berre mangle. Mindre kjent er at europearane faktisk er dei mest positive også til innvandring. Men sjølv medmenneske kan vi sjå på som annleis, framande og inntrengjarar om svært mange av dei prøver å kome seg inn i eit land vi reknar som vårt. Til no har media greidd å hindre kritikk av asylinnvandringa ved dramatiske bilde av kvinner og barn, som i sterkare grad vekkjer medkjensle enn synet av talrike, unge og sterke menn. Men både slik bildebruk, og gale påstandar om at det handlar om "fattige" og ein tidsavgrensa "dugnad", vil vere gagnlause når folk oppdagar realitetane bak. Det er nemleg dei relativt ressurssterke som først får råd til å reise, og så kjem det i neste pulje ti gonger fleire.

Solidaritet har sine føresetnader og grenser

I boka si om "Nasjonalstaten" har Sigurd Skirbekk eit kapittel med tittelen "Endimensjonale ideal", der han drøftar ulike alternativ til ein nasjonalstat, blant desse også "Det universelle godhetsregime", med opphav i ideal om humanitet og universalisme. Skirbekk seier at ideelt og ideologisk finst det grunnar for at nasjonal solidaritet burde bli erstatta av solidaritet mellom alle menneske. Men dei praktiske problema er for store, gitt alle naudlidande i verda, og ikkje minst har slik solidaritet sine klare grenser og føresetnader. Blant desse nemner han luthersk sinnelagsetikk, sosialdemokratisk likskapsideologi og arva homogenitet og kultur. Som vitskapleg belegg viser han til G. Hardins "The Limits of Altruism", som seier at vi er selekterte til å gje beste livsvilkår til dei som står oss nær, og til Putmans "Diversity and Community in the Twenty-first Century", som dokumenterer at homogene samfunn er kjenneteikna av tillit og solidaritet og heterogene av det motsette. Om ikkje før så vil universell humanisme svikte pga ressursmangel når immigrasjonen frå overbefolka område blir stor, skriv Skirbekk. Og når krubba er tom, bitest hestane: "I ytterste konsekvens blir ikke spørsmålet om dette vil ende i krigerske konflikter, men om når de kommer og hvordan de vil arte seg", avsluttar han omtalen av "godleiksregimet".

I verste fall

I all profylakse, dvs førebygging, må ein kunne tenkje seg også eit i-verste-fall-scenario. Med fem millionar innbyggjarar importerer vi i dag 62% av matvarene vi brukar. SSB spår 8 millionar innbyggjarar i 2100, i verste fall heile 14 millionar, der etterkomarane etter dagens etniske nordmenn berre tel 3 millionar, omlag 1 av 5. Med nær tredobling av folketalet er faren stor for hungersnaud i ein krisesituasjon. Befolkninga har også blitt så ueinsarta som tenkjast kan, og dermed aukar også risikoen for konfliktar. Det "fargerikt fellesskap" blir då ikkje eingong ein draum, men eit sant mareritt . Men ingen politikarar tenkjer i hundreårsperspektiv og somme ikkje i det heile. Dei er som aktørane i eit dokketeater, der media står bak og trekkjer i trådane.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt