Verdidebatt

Korthuset som ramlar i psykiatrien

Verdiane som ligg til grunn for pasientens helseteneste, går ikkje i hop med planen om å lage pakkeforløp i psykiatrien. Politikarar og brukarorganisasjonar må vere på vakt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I kronikken sin (Vårt Land 14. september) hevdar Peter Kinderman at det er ein myte at symptom på psykiske lidingar skuldast hjernesjukdom.

Han hevdar at psykiske plager i hovudsak har sosiale, ikkje biologiske, årsaker. Difor bør ­tenestene ikkje prøve å behandle «sjukdom» eller «lidingar», men i staden støtte folk som har det vanskeleg på grunn av vilkåra dei lever under eller på grunn av måten dei reagerer på desse vilkåra.

Kinderman meiner dette også gjeld alvorlege psykiske lidingar, som psykoselidingar. Han peikar på at forsking finn klårt samband mellom tidlege traume og seinare alvorlege psykiske problem. For Kinderman er det vi i dag ser på som sjukdom ikkje anna enn tilpassingar til overveldande røynsler.

Kinderman vil at me skal slutte å sjå psykiske plager som uttrykk for lidingar vi kan setje ein ­diagnose på. Han meiner at enkle og greie skildringar av dei problema folk slit med, vil vere eit godt grunnlag for å planlegge behandling og tenesteutvikling.

Radikale. Kinderman vil gå frå medisinske til psykososiale løysingar. Han tilrår radikale endringar i forståinga av psykiske problem og korleis me utviklar og organiserer tenestene. Han utfordrar klinisk psykologi og psykiatri både med omsyn til årsakene til det vi kallar psykiske­ lidingar og kva som skal styre dagleg praksis: sjukdom eller ­individet sine eigne røynsler.

Høver tankane til Kinderman i den norske kliniske kvar­dagen? Helsestyresmaktene har bede helsetenesta om å ta pasientane sine ynskje og verdiar på større alvor og arbeide for meir friviljug behandling og medisinfrie alternativ. Helsetenesta skal ­endre arbeidsformer og organisering og ta utgangspunkt i meistring og ressursar, og ikkje berre symptom og diagnosar. Så langt er alt vel.

Men styresmaktene har ein tosidig dagsorden – og dei to ­sidene går ikkje i hop. På den eine sida skal me ta utgangspunkt i kva den einskilde ynskjer, på den andre skal me følgje nasjonale retningsliner.

Standardisert. På den eine sida skal me fremje pasientens helseteneste (eit prisverdig initi­ativ frå statsråd Bent Høie), på den andre skal me utvikle standardiserte pakkeforløp for psykiske lidingar.

Pakkeforløpa skal standardisere, ikkje individualisere, tilbodet. Tanken er, seier statsminister Erna Solberg, at det skal redusere unødig venting og sikre at alle får behandling «basert på en standard forankret i den beste­ kunnskap vi har om hva som hjelper». Det vert vist til Danmark, der pakkeforløp er innført – ut frå den kliniske diagnosen.

Dersom pakkeforløpa nøyer seg med å definere ventetider og skildre samhandlinga i helsetenesta, er alt vel. Men ein skal også standardisere behandlinga – ut frå diagnosar. Alt

Kinderman seier, tyder på at dette ikkje kan føre fram. Han har tvillaust rett i at diagnosane stort sett ikkje avgrensar pasientgrupper som treng den same behandlinga.

Depresjon. Det er ikkje opplagt at ein bør gje same behandling til alle som har til dømes depresjon, for årsakene til ­depresjon kan vere mange og samansette. Då blir det i beste fall meiningslaust med slike forløp. I verste fall får det skadelege følgjer for dei som blir pressa inn i standardi­serte løysingar som kanskje, kanskje ikkje, høver for vanskane dei strir med.
Kinderman hevdar at sjølv omgrep som schizofreni og bipolar liding er dårlege utgangspunkt for å planleggje behandling for individet. Han har nokså rett.

Dei nasjonale retningslinene seier til dømes om schizofreni at «om lag 25 prosent har èn sykdomsperiode, mens 25 prosent får et kronisk, livslangt forløp. De resterende 50 prosent har et forløp mellom disse ytterpunktene».

På vakt. Kan det same pakkeforløpet vere tenleg for personar med så ulike forløp? Ved mildare­ psykiske lidingar er forløp og trong for behandling endå meir varierande. Det er ikkje gode utgangspunkt for standardisering.

Verdiane som ligg til grunn for pasientens helseteneste, kan ikkje sameinast med pakkeforløp. Difor er det viktig at politikarar og brukarorganisasjonar er på vakt.

I verste fall skal det no lagast reglar for korleis pasientar og klinikarar skal innrette seg, ­reglar som tek frå dei handlefridom og kreativitet. I verste fall vert pakke­forløpa maksimumsgrensa for kva pasientane kan vente seg – ut frå diagnosen dei har.

Dersom Kinderman har rett, så ramlar dette korthuset i lag med diagnosesystemet som det byggjer på. Alt me har lært av brukarane våre, tyder på at dei ønskjer å medverke i avgjerda om kva som skal vere mål og middel i behandlinga deira.

Det er på tide å kjempe for pasienten sin rett til individualitet og fagfolka sitt høve til å vere fagfolk. Helsehjelpa må vere tilpassa det som er i vegen – og ikkje berre kva diagnose som er sett.

Trond F. Aarre
Psykiater, Nordfjord psykiatrisenter
Mehdi Farshbaf
Psykolog og doktorgradsstipendiat, Nordfjord psykiatrisenter

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 16.09.2015

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt