Verdidebatt

Barnet, flyktningane og migrantane

Vil bildet av vesle Aylan gje ei endring i flyktningpolitikken, og vil ei liberalisering føre til at færre druknar i Middelhavet?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Barnet på stranda

Bildet av det døde barnet i blå knebukser og raud t-skjorte har brent seg fast på netthinna til oss alle. For vanlege menneske som får auge på eit barn skylt i land på ei strand, vil den normale reaksjonen vere å styrte til, ta opp barnet, sjå etter liv og halde det tett inntil seg. Pressefotografar, særleg i katastrofeområde, må nok undertrykkje denne impulsen for å kunne gjere jobben sin, men så endar dei då også stundom som kynikarar eller mentalt skadde, som søkjer gløymsle og bedøving ved hjelp av alkohol. Likevel forstår eg ikkje at nokon kunne vere så kald at han i ein trygg situasjon som denne tenkte på motivet og treiv fotoapparatet i staden for barnet. Eg forstår ikkje eingong den profesjonelle iveren som kjendisfotograf Morten Krogvold viste i Dagsrevyen 3.09., der bildet vart sett i kategori med fotoet av den nakne, napalmskadde jenta frå Vietnamkrigen og med fotoet av barnet og gribben frå flyktningleiren i Sør-Sudan på 90-talet. Og aller minst forstår eg trua på at dette bildet skal kunne hindre liknande tragediar i framtida, for det var det programleiar Viggo Johansen impliserte med kommentaren "mange mener dette bildet forkortet Vietnamkrigen" og Krogvold sa meir direkte, fordi bildet ville endre synet på flyktningar hos opinion og politikarar i Vesten. Bak ei slik tru ligg ein falsk premiss, nemleg at ein endå meir liberal flyktningpolitikk vil føre færre ut på ei farefull reise, til lands og til sjøs.

Historia bak - "push and pull"

Den faktiske bakgrunnen for at livet til tre år gamle Aylan, broren på fem og mor deira enda med drukningsdøden ved kysten av Vesle-Asia, er best beskrive i The Wall Street Journal. I deira historie ligg også forklaringa på kvifor mottak og busetjing av flyktningar og immigrantar i vestlege land vil lokke endå fleire ut på ei slik farleg reise. Familien til Aylan hadde siste tre åra budd i Tyrkia, der far hans tente 17 dollar dagen som bygningsarbeidar i Istanbul. Professor i internasjonal helse, Hans Rosling, hevdar det er enorm skilnad mellom ei inntekt på 1 og 10 dollar dagen, men har då neppe teke omsyn til forskjellar når det gjeld naturalhushald og levekostnader mellom landsbygda i Afrika og ein storby i Tyrkia. Det var uansett ei tante i Canada som måtte hjelpe til økonomisk, også med å betale smuglarane dei 9000 kronene det kosta per person for plass i båten på 4,5 meter. Tolv av passasjerane drukna då båten kvelva i bårene, overlasta som han var. Tanta i Canada representerte her både bruhovudeffekten og dragkrafta ("pull-effect") for migrasjon og finansierte som nemnt den planlagde kryssinga til Kos. Dessutan sat pater familias heime i Syria og rådde son sin til å fare både med barn og viv. Kort sagt: Der nokon går føre, kjem endå fleire etter, fordi det då er meir som dreg, lettare å finansiere reisa og enklare å etablere seg i eit nytt land. Dette vart ufrivillig demonstrert ved to eksempel i dagsrevyen no i kveld, 6. september. Ved mottak av kvoteflyktningar sikrar vi sjølvsagt akkurat dei ei trygg reise, men utset dei mange fleire som vil kome etter som vanlege flyktningar og emigrantar for same dødsrisiko som i dag, i underkant av ein prosent. På kyrkjekaffien i formiddag sat eg i lag med ein kjenning, som saman med familien kom som kvoteflyktning frå ein leir i Sudan for nokre år sidan. Ni søsken med familie er att i Eritrea, der livet er særs vanskeleg både økonomisk og politisk, men flukt kanskje er meir livsfarleg enn å bli verande.

Tala som tel

Einaste alternativet for å sikre trygg reise for flyktningar og immigrantar er å opne grensene for alle eller gjere som Rosling argumenterer for, la dei som har råd til det reise hit med fly. Spørsmålet er likevel om dette er meir moralsk, for då blir det dei rikaste, best utdanna og ressurssterke som kjem. I tillegg er det akkurat desse gruppene som trengs mest der dei kjem frå, ikkje minst i Afrika, skal dette kontinentet greie å utnytte sine store naturrikdomar og gje innbyggjarane der eit like bra eller betre liv enn i dag. For det er der situasjonen blir mest kritisk dette hundreåret, noko Rosling også seier, med ein folkeauke frå 229 millionar i 1950 til 1156 i dag, og ein venta auke til 2276 millionar i 2050 og ca 4000 millionar i 2100. Ser ein berre på dei sju muslimske landa Noreg har fått flest flyktningar og innvandrarar frå, og der drageffekten hit difor er størst, har folketalet der auka frå 61 millionar i 1950 til 291 millionar i dag, og er venta å auke med ytterlegare 180 millionar neste 35 åra. Dette representerer også ein formidabel auke i "push"-effekten.

Men sjølvsagt kan ikkje alle få kome, seier mange, m.a. leiarskribenten i gårsdagens Vårt Land, og meiner vel med det at dei har vist seg som innvandringsrealistar. Det merkelege er at ingen av dei vil talfeste kor mange som kan få kome i overskodeleg framtid, eller kor låg prosenten av (etniske) nordmenn kan bli utan at Noreg blir fattig og ikkje lenger "norsk". For ein viktig grunn til at vi er rike og vel forlikte, er at inntektene frå m.a. fisk og olje, som er relativt uavhengige av folketalet, kan delast på så få. I 1950 hadde Noreg og Syria, som er eit talande og aktuelt eksempel, omlag like mange innbyggjarar, 3,3 mot 3,5 millionar. I 2012 var tala høvesvis 5,0 millionar her, 1 av 6 av desse med innvandrarbakgrunn, og 22,8 millionar i Syria. Ved sidan av konflikten mellom radikale sjia- og sunnimuslimar og eit lappeteppe av etniske grupper, i vesten kalla "det fargerike fellesskap" og sett opp som eit ønskemål, må denne eksplosive folkeauken i Syria nødvendigvis ha ført til utarming og auka konfliktnivå.

SSB sine prognosar

Forskaren Helge Lurås har nettopp gitt ut ei bok, der han argumenterer for at befolkninga i Noreg ikkje bør få auke til meir enn 6 millionar. Fire millionar nordmenn vil ikkje kunne integrere - og kanskje heller ikkje akseptere - ei innvandrarbefolkning på meir enn to millionar. No hevdar SSB at innvandrarane og deira barn aldri vil bli fleire, sjølv ikkje etter den mest sannsynlege befolkningsframskrivinga som spår 8 millionar innbyggjarar i 2100. På det tidspunktet vil etterkomarane etter dagens etnisk norske befolkning ha skrumpa til 3 millionar, viss fertiliteten held seg på same nivå som siste 40 åra. SSB kamuflerer såleis ei innvandrarbefolkning på (8-(2+3))= 3 millionar ved å slå ho saman med dei etnisk norske i ein felles kategori, "Resten av befolkningen". Realiteten er at om 85 år vil berre 37% av befolkninga i Noreg vere etterkomarar etter dagens (etniske) nordmenn om denne prognosen slår til. Men det kan gå langt verre. Etter høgalternativet til SSB (Figur 1) kan befolkninga auke til 14 millionar i år 2100, og då vil berre 21% eller 1 av 5 innbyggjarar ha norsk bakgrunn. Begge prognosane byggjer på usikre faktorar. Til no har innvandringa følgd grafen til ein eksponentialfunksjon, med stadig brattare stigning, sjå Figur 9 her. Mellomalternativet til SSB har som føresetnad at trenden brått skal snu frå 2017, dvs om vel eit år, og deretter gje nedgang også i innvandringa frå ikkje-vestlege land heilt fram til 2040, sjå Figur 8 i same publikasjon frå SSB. Det er ikkje muleg med same "strenge" innvandringspolitikk som i dag, langt mindre med ei ytterlegare liberalisering som mest alle media pressar på for og det politiske fleirtalet legg opp til. I Libanon er no kvar 3. innbyggjar ein flyktning. Det er ikkje haldbart, sa utanriksminister Brende i Dagsrevyen i kveld. Om nokre år kan berre kvar 3. innbyggjar i Noreg ha norsk bakgrunn. Medan syriske flyktningar i Libanon vil reise attende når krigen i heimlandet er over, vil det aldri skje med syriske eller andre fjernkulturelle flyktningar og innvandrarar i Noreg. I staden vil det berre kome stadig fleire.

I artikkelen "Eit grenselaust Europa" i Dag og Tid for 4. september skreiv Jon Hustad at asylsystemet i EU neppe vert reformert. Til det ser for mange seg tente med det noverande. Han slutta slik: "Det skal no drukna mange i Middelhavet i åra framover òg." Dette skreiv han etter at eit par tusen hadde drukna der dette året, men truleg før han visste om vesle Aylan. Truleg får han rett same kva endringar i flyktningpolitikken som blir gjort, med mindre vi som Australia seier nei til alle. Då vil knapt nokon verken reise eller drukne. Så kan vi i staden ta i mot FN-godkjende flyktningar innanfor ei total innvandringskvote som er berekraftig også for oss sjølve og dessutan fleirdoble naudhjelpa i nærområda. Det må vere ei betre løysing for alle partar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt