Verdidebatt

Galskap i Guds namn

Her på verdidebatten har det herja ein debatt om ekstremeksorsisme. Anders Torp fortel ei rystande historie som burde skremme vettet av oss som les.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Anders fekk til slutt nok, og måtte "finne seg sjølv". Etter det han har opplevd har eg ingen problem med å skjøne kvifor. Eg har ingen vanskelegheter med å skjøne hans konklusjon. Ei gal verd er ikkje noko å bli verande i. Berre så synd at han måtte forlate trua for å ta avstand frå det han har vore i.

Vanskeleg å beklage? Eg har og teke avstand frå mykje. Men ikkje alt. Eg og har hatt behov for å sette strek over ein del av galskapen eg har vore vitne til, men utan å forlate trua. Eg ser ingen grunn til det. Fordi Jesus ikkje var gal, fordi han brydde seg om folk. Fordi han ikkje gjekk rundt å oppførte seg som ein fyllik og slo ned folk. Eg har ikkje vore vitne til ekstremeksorsisme som Anders beskriv, heldigvis. Dei gongene eg har sett eksosisme har det vore i kontrollerte former, uten vold, og uten spy. Men det er folk som har vore utsett for dette. Så eg undrar, kvifor er det så vanskeleg å ta avstand og beklage det? Menighetsledarar er forbausande tause om temaet. Men det overraskar ikkje. For kven har mage til å sei: "Beklager. Tilgi oss, vi tok feil!"? Det er visst vanskeleg det? Det er lettare å endre seg, og late som ingenting har skjedd før. Kanskje folk gløymer til slutt då?

Galskap. Eg har vore vitne til galskap. Folk som kaklar som høner, bjeffar som hundar og folk som er så "fulle i Ånden", at dei slår ned folk. Eg har sjølv blitt regelrett slått ned under den såkalla salvelsen. (Og da snakker eg ikkje om lette dytt, men å bli regelrett slått ned. Eg trampa sint og omtåka ut. Dei einaste gangane eg har blitt utsett for vold er på kristne møter. Det er litt av eit paradoks det. To gangar har det skjedd, ein gang i Norge, og ein gang i på ein kristen konferanse i Amerika. Berre synd så mange forklarte det med at han som slo meg i bakken var fylt av Ånden. Heldigvis var det ikkje berre eg som reagerte den gangen. Det var ikkje berre eg som stod sinna på utsida etter seansen.

Eg har overvært ein kollektiv “bryte forbannelsen i 5-6 ætteledd seanse”, der folk skulle bekjenne alle sine forfedres mest groteske synder. Og dette var ikkje på eit lukka bønnemøte, men her var og nokre av Norges kristenledarar. Det skremde meg den gangen. Eg reagerte så sterkt at eg grein i eit halvt døgn etterpå, og har aldri sett min fot i ein sådan sammenheng igjen.

Eg er lei av sær innandvendt ekstremkarsimatisk kristendom som mest trigger folks sære følelsesregister. Eg er lei kristne sammenhenger der ein er meir opptekne av forbannelser og forfedrenes synder, enn Jesus. Gje meg heller berre Jesus. Det er nok for meg. Hadde eg ikkje sett kven bibelens Jesus var, hadde eg i dag vore agnostiker, ateist eller noko i den duren. Kanskje eg og hadde meldt meg inn i humanetisk forbund? For om eg hadde summert ein del av det eg har opplevd i kristen regi er det meir enn nok til å bortforklare kristendom som tull og tøys. Men heldigvis er ikkje Jesus synonym med galskapen. Han viser oss noko heilt anna. Derfor ser eg ingen grunn til å forlate trua.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt