Verdidebatt

Slik blir du ein god rikssynsar i 2015

Eller skulle eg ha skrive: "Korleis [how to] vera meiningsleverandør"? Sånn språkleg sett, altså. Kva vektlegg mange av dei som "know how" i dag? Eller for å snakka så alle forstår det: Americanum absurdicum et annualis macabris expertatis (lingua).

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Skriv som ein amerikanar!
Hugs alltid på å tenka know-how og how-to, og ikkje gløym å setta komma på dei mest unorske kommasettingsstadene du kan finna! (Ikkje minst må du vektlegga det å setta komma på sin eigentleg rettmessige, riktige "norske" plass.)

Skriv "handler om"!
Skriv at noko - anna enn ei bok eller ei eller anna historie -, eller at "det"/"dette", handlar om noko! Skriv aldri at noko har å gjera med noko, gjeld noko, dreier seg om noko; skriv for f... at det handlar om. Då synst folk (i alle fall mange politiske vener eller redaktøren din) sikkert at du høyrest kjempeklok ut. Klukk klukk.

Skriv "droppe"!
Same kva du gjer, må du aldri finna på å seia at nokon "lot noko vera". Dropp det! Skriv at nokon droppa noko, sjølv om ein kan bli usikker på om det tyder at vedkommande sleppte noko i golvet, skulka eller noko anna. Ikkje tenk for mykje; det er viktig å vera i flow zone.

Spel indignert!
Lat som om du bryr deg om noko du eigentleg drit i. Spel indignert og få samstundes nokon til å kalla deg ekspert på det gjeldande fagfeltet.

Bruk artiklar!
Ikkje bruk talord; du er jo ikkje fransk og har jo ikkje peiling på aksentar eller trong eller evne til å læra noko som helst om slikt noko. Ekstra konsonant sist i inkjekjønstalordet treng du heller ikkje tenka på. Nei, skriv ein, ei og eit (en, ei, et), og gløym alt du lærte om ordklasser. Gi ein lang mars i språkdetaljar og tenk berre på innhald. Igjen: Det er viktig å vera i flytsona.

Legg vekt på alt mogleg!
Mykje her i verda er så klart megaviktig for deg. Så viktig er det at du kanskje vil seia at det er veldig veldig viktig (altså ikkje nøya deg med å bruka veldig som gradsadverb, men attpåtil gi ordet status som sitt eige grads-gradsadverb). Men i alle høve er eitt verkemiddel særskilt viktig når du skal skildra kor viktig noko er for deg (eller andre synsande menneske):

Du må legga vekt på det. Det er altså så viktig og veg så mykje i seg sjølv og i ditt verdsbilete at det treng at du legg ekstra vekt på det. Imponerande! Ikkje legga det vekk, ikkje vekta leggen (knis! Ja, det er viktig å vera tåpeleg, også), men legga vekt på.

Men:
Det kan henda at du ikkje meiner å legga til nokre kilo, men derimot å legga ei moderne bade- eller kjøkkenvekt (eller kanskje den sjarmerande, eldgamle "tovektsvekta") oppå. Dette kan så klart også vera ei tyding som gjer susen. 

Berre hugs at du skal legga vekt(a) på det du synst er viktig - ikkje vektlegga det (altså ikkje ha "det viktige" øvst, på vekta, og vekta nedst, under "det viktige" - nei, fy). Og kva med å legga trykk på noko du bryr deg om? Nei, veit du kva? Det er betre å legga det du bryr deg om, opp på trykket og ikkje opp på vekta - altså skal du undertrykka og samstundes legga vekt på det. Då får du balanse! Forvirra? Det gjer ikkje noko! Berre levér meiningar og tekster på løpande band og slutt å tenka så ille hardt på kva du skjønar og ikkje!
 
Føy til det kjende og kjære "både, men også", så kan vi nærma oss diplomstadiet i di kometkjappe utvikling som tastaturtabloid skribent.

Då står det berre att å seia gratulerer! Du har no fått ei innføring i alle dei språklege rammer du treng å spikra opp kring deg for å bli ein vellukka rikssynsar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt