Verdidebatt

Fråger om kva som er høveleg framferd på debattkamparenaen

Forbetringspotensial? Halvvegs oppmodingar, halvvegs refleksjonar, ein tidleg morgon i august. Forma som spørsmål:

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Er tal brått blitt bokstavar?
Dersom tal no er ein del av det alfabetet vi vanlegvis brukar i norske diskusjonsforum:

Er alfabetet vårt blitt "eitt hakk meir bokmålsk"?

Har vi fått sjå nye personnamn koma til?

Eller meiner nokre at - til dømes - "1" i eit brukarnamn skal kunna lesast som "éin" vel så mykje som "én" eller det eigentleg minst rette, nemleg "en" (/"ein")?

Er det eg som gjer ting vanskelege no, eller er det dei som ikkje følger logikken i norsk språk eller - faktisk - i den logikkferda dei sjølve har gitt seg ut på?

Har dei som ikkje står fram med heilt namn - med berre bokstavar og utan uverkelege mellomrom - "rett" til å vera frekke mot oss som gjer det og til dømes påstå at vi har "ein ond agenda"?

Er det sannsynleg at folk som står fram med heilt namn, bilete og stundom personlege detaljar, er fæle venstre- eller høgreekstreme som har ein stor, stygg skjult agenda og onde, antikristelege planar?

Snipp, snapp, snupp (/-tt):

Er det greitt, høveleg og akseptabelt at somme personar - med eller utan kontroversielle konspirasjonsteoriar - i dette forumet i mange, kanskje dei fleste, tilfelle møter argument med innhaldslause "snuttar"?

Om ein skjønar kva eg her siktar til - og at eg med innhaldslause meiner utan saks- og situasjonsrelevant innhald der og då:

Blir saka lettare å akseptera viss vedkomande har høgare utdanning eller malplassert mellomrom i brukarnamnet?

Eller blir "dei salva argumentsnuttane" (bardus delte videoklippa) stovereine viss den som deler dei, får vanen å ignorera opplagt relevante spørsmål i kjølvatnet på snutten?

God debatt!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt