Verdidebatt

Konkurranse og etikk - Etikk som konkurransebegrensande norm – Moral som normoppfyllande handlingsmønster – Globalisert konkurranse utan global etikk.

Etikk og moral er to ord som blir mykje brukte, ofte med uklar tyding. Her er: Etikk: Handlingsnorm med grenser for kva som er akseptabelt innafor ei gruppe. Moral: Ein persons evne og vije til å etterleve etikken i den gruppa han tilhøyrer.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Tankane nedanfor er utvikla på amatørfilosofisk grunnlag i løpet av siste 15 år. Delvis som reaksjon på inflasjonen i bruken av 'etisk' i det eg oppfattar som firmakosmetikk.  Etikk og moral blir sjelden skarpt definert. Tilfelle av overtramp som kjem fram i pressa, er nesten alltid konkurranserelatert: Unfair konkurranse, kjøp av innflytelse (korrupsjon), prissamarbeid. Dette er imidlertid så lukrativt og så utbreidt at det er mat for juristar, og domstolar. Dermed er det 'frikopla' frå etikken.

Alt liv på jorda, slik vi kjenner det i dag, er resultat av konkurranse - på liv og død, utan 'vondskap'. 'Det Vonde' og 'Det Gode' eksisterer ikkje i naturen. Vondt og godt er vår subjektive oppleving av livssituasjonen. Konkurransen er grunnleggande individuell: Det store treet stoggar ikkje veksten for å gi lys til naboen på skuggesida. Stormåsen sit ikkje i ro til dei tregare har forsynt seg. Artar med 'sosial intelligens' (maur, bier og menneske) har lært at samarbeid styrker konkurranseevna. Dette samarbeidet krev imidlertid begrensning av individuell fridom. Eg veit ikkje korleis maur og bier opplever dette, men for oss menneske er det ikkje problemfritt.

Etikk og moral er to ord som blir mykje brukte, og ofte i lag. Dei er positivt lada. Uetisk og Umoralsk er adjektiv vi brukar om handlingar og personar som vi ikkje likar.

Ein person kan tilhøyre mange grupper, meir eller mindre overlappande, i ulike roller, og med ulike etiske normer:

Dersom det blir konkurranse innafor ei gruppe - og det blir det – så vil det bli vinnarar og taparar, i større eller mindre grad. Som menneske er vi utrusta med evne til å planlegge på lang sikt, og det er inga grense for våre ønske om 'meir' og 'betre', og det gamle ordtaket 'mykje vil ha meir' er erfaringsmessig dokumentasjon på at vi manglar eit 'nok'-gen i arvestoffet.

Over tid vil vinnarane oppdage at dei er avhengige av gruppa, også av taparane, og det blir utvikla handlingsmønster som begrensar konkurransen slik at gruppa kan fungere. Det er dette mønsteret eg kallar etikk her. Det vil i utgangspunktet bli forma av ’vinnarskiktet’, fordi dette skiktet, som vil utgjere eit mindretal, er avhengige av at heile gruppa fungerer. Ubegrensa konkurranse vil øydelegge gruppa, og dermed også grunnlaget for vinnarskiktets suksess.

Ein føresetnad for at ei slik gruppe skal fungere bra er at dei fleste, også taparane, aksepterer ein felles etikk, og spesielt at vinnarane har moral til å innordne seg under denne. Dette blir vanskelegare med større gruppe, og med større forskjellar innafor gruppa. For å verne majoriteten mot dei ’umoralske’, både på vinnar- og taparsida, blir det nødvendig å bruke makt, og det blir utvikla eit ’rettssystem’, med lovgiving, dom og straff for handlingar som er til skade for gruppa, eller for personar i gruppa. Jusen og rettssystemet gjer at gruppa kan fungere med større vinnarar og fleire taparar.

Den globaliserte handelen fjernar økonomiske grenser, utan at ressursbegrensningane blir fjerna, og utan at grensene for folk blir fjerna. Sett på spissen kan det kanskje kallast 'fjernslaveri'. Forskjellane i levekår er svært store. Taparane får etterkvart sjå resultatet, og finn kanskje ingen grunn til å respektere 'konkurransereglane'.  Det gjorde heller ikkje Robin Hood & co. No er problemet oppskalert. Det er kanskje ikkje så mange som dreg parallellar mellom den gode terroristen Robin Hood og den vonde terroristen Osama Bin Laden. Dei rettssystema som er utvikla for at vi skal kunne leve med lokalt store forskjellar, er for 'snille' til å takle alle problem med dei globale forskjellane. Vi ser konsekvensane av dette i behov for 'unntakslover', og ønske om begrensning av individuelt rettsvern, i USA, UK og andre stader.

Global terrorisme kan sjåast som ein konsekvens av global konkurranse utan global etikk. Krig mot terror gir meir terror, ikkje mindre. Ville vi hatt Osama Bin Laden utan USAs intervensjon i Afghanistan? Ville vi hatt IS utan USAs krig i Irak? Og tilbake til 1953: Ville vi hatt prestestyre i Iran no utan CIAs og MI6 sin Operation Ajax?

Det er vinnarane som har ansvar for å begrense konkurransen, og vi er blant dei. Vi er meir avhengige av taparane enn taparane av oss.Vi må innsjå at vi alle lever av den same naturen, og at det er nødvendig å begrense ressursforbruket. I mangel av ’nok’-gen må vi kanskje bruke politiske og økonomiske styringsverktøy. Dette er ei utfordring for demokratiet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt