Verdidebatt

Frå ein hårsår katolikk

Vi norske katolikkar som er litt oppe i åra, hugsar altfor godt diskrimineringa.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den skammelege «jødeparagrafen» i Grunnlova av 1814, kjenner vi godt til. Og korleis menn som Wergeland tok opp kampen for å få den diskriminerande paragrafen avskaffa.

Mindre kjent er det at heilt fram til 1950-talet hadde vi grunnlovsfesta at katolske kristne tilhøyrande jesutittordenen ikkje hadde tilgang til riket. Dersom ikkje paragrafen hadde vorte sletta (i 1956), kunne vi ikkje her i landet ha teke mot vitjing av pave Frans, som tilhøyrer den ordenen – om ei slik vitjing hadde vore aktuell.

Eg nemner dette fordi vi norske katolikkar som er litt oppe i åra, hugsar altfor godt denne diskrimineringa, også korleis «paragrafen» vart forsvara av kristenleiarar, jamvel av den seinare kyrkjestatsråd Kjell Bondevik. Og vi hugsar korleis katolikkar generelt vart omtala på negativt vis, som om vi ikkje var skikkeleg kristne om vi tilhøyrde «pavekyrkja».

Ikkje rart. Det er difor ikkje så rart at vi kan verka noko hårsåre når det stadig kjem kritiske artiklar i kristelege aviser om det beklagelege medlemsrotet i Oslo katolske bispedøme og om vår biskop Bernt - som dei langt fleste av oss meiner har vore til så stor velsigning for katolsk kristenliv i landet vårt.

Den stadige «oppsøkjande journalistikken» med sine gjentakingar om medlemsregistrering , dei stadige rapportane om uro i administrasjonen, er teken heilt ut av sine proporsjonar, og det verkar unødvendig mistenkeleggjerande. Som om den gamle antikatolisismen er på veg inn att.

Eg trur ikkje det er meint slik, men denne behandlinga vi får av kristne slektningar er djupt sårande - og bør vera til ettertanke for dei norske majoritetskristne lutheranar som inntil no har vore framfødde av ei statskyrkje.

Ein aktør som stadig vert skuva fram saman med skuldingane mot Kyrkja, er kommunikasjonssjef Agnieszka Bryn i Human-Etisk Forbund og historia om korleis ho feilaktig er registrert som katolikk.

Snu historia. Eg trudde fyrst at det var ein udøypt eller ein person tilhøyrande eit anna trussamfunn som protesterte så iherdig. Men no viser det seg at Bryn faktisk vart døypt katolsk i Polen.  Det er ikkje opplyst om ho melde seg ut av Kyrkja i Polen før ho flytta til Noreg.  Sjølv seier ho at det faktum at ho er døypt katolsk «er på ingen måte et aktivt samtykke til medlemskap».

Men denne historia kan ein snu i ei anna retning:  Kva då med alle dei som er døypte i Den norske kyrkja (tidlegare «statskyrkja»)?  Kvifor skal dei reknast som medlemer av det trussamfunnet – utan å gje «aktivt samtykke til medlemskap»?

Medan det faktisk er slik at dei katolske kyrkjene er for småe og fåe for den stadig veksande tilstrøyminga til katolske messer og tenester i Noreg, er det motsette tilfelle i det lutherske Noreg.  Det er berre 38 prosent av dei spurde i ei fersk meiningsmåling som seier at dei trur på Gud. Det er eit mindretal i hovudstaden som fører borna sine fram til dåp, på landsbasis diltar ein etter hovudstaden. Eit stigande tal døypte ungdomar vel «borgarleg konfirmasjon».

Ikkje statleg ansvar. Ein kan setja spørsmålsteikn ved om staten skal yta tilskot til noko så djupt personleg som religiøs tru og praksis. I prinsippet tykkjer eg det er ei sak for dei truande å finansiera sine religiøse institusjonar, ikkje eit statleg ansvar. I prinsippet er vel dei fleste av oss samde om at statsreligiøsitet med statskyrkje let seg dårleg sameina med grunnleggjande demokratiske prinsipp.

Men om det no er slik at staten vil stø folks religiøse utøving på slik den same stat stør andre frivillige aktivitetar: Er det ikkje då rimeleg at alle truande i landet – inkludert dei luthersktruande - ved ein viss alder, t.d. ved fylte 18 år eller seinare, sjølv registrerer seg som tilhøyrande det aktuelle trussamfunnet?  Og at staten så fordelar sine pengar til dei ulike trussamfunn ut frå dei medlemstal som då kjem for dagen?

Røva kyrkjegods. Opplysningsvesenets fond er ein stor økonomisk aktør i finansiering av kyrkjelege formål, grunnlovsfesta i paragraf 106. Dette fondet, som er ein av dei største grunneigarane i Noreg, vart oppretta med utgangspunkt i kyrkjegodset som vart røva frå katolske kyrkjer og kloster under den lutherske reformasjonen som vart tvungen fram av den danske kongsmakta. Det var ei drivkraft for reformatorane å få kloa i desse eigedomane – som i stor grad var testamenterte frå privatfolk til den katolske kyrkja.

Vi katolikkar har ikkje kravd å få dette tilbake, vi er smålåtne slik. Heller kjenner eg ikkje til at nokon katolikk i fullt alvor har kravd å få tilbake Nidarosdomen og andre kyrkjebygg som vart tekne frå oss.

Men eit historisk tilbakeblikk kan vera med på å skapa ei forståing for at vi norske katolikkar har problem med å sjå på oss sjølve som framandelement i norsk kristenliv. Vi har ein over tusen år lang tradisjon her i landet.

FØRST PUBLISERT PÅ VÅRT LANDS DEBATTSIDER 5. JUNI 2015

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt