Verdidebatt

PINSETID

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sokneprest Einar Gelius tek til orde for å kutte ut skjærtorsdag, andredagane i dei kristne høgtidene - og kanskje Kristi himmelfartsdag. Gelius debuterer samstundes som matematikar i det offentlege ordskiftet. Han har rekna seg fram til at dei nemnte heilagdagane kan samlast i éin bolk og gjevast som ei ekstra ferieveke til det norske folk.

Ein spørjerunde utført av P4 avdekker manglande kunnskap om kvifor vi feirar pinse. Dette gjev vatn på mølla til Gelius, og styrkar han i overtydinga om at talet på heilagdagar bør reduserast. I 2013 kom det fram at halvparten av det norske folk var uvitande om samanhengen mellom 17. mai og Grunnlova. Eg har til gode å sjå at denne kunnskapsløysa har ført til framlegg om avlysing av 17. mai.

Takk til biskop Atle Sommerfeldt, som tek til orde for å spreie kunnskap om kvifor vi feirar dei kristne høgtidene! Eg vil følgje oppmodinga frå Sommerfeldt ved ein tredelt refleksjon over pinsehøgtida og pinsebodskapen:

OSCAR ROMERO:
Oscar Romero. Erkebiskop av San Salvador 1977-1980. Uredd talsmann for dei fattige, undertrykte og krigsramma i El Salvador. Skoten og drepen medan han forretta nattverden under ei messefeiring i eit lite sjukehuskapell i San Salvador. Bak åtaket sto truleg ein eller fleire dødsskvadronar som handla på ordre frå det salvadoranske forsvaret. 35 år etter sin død er Oscar Romero ein viktig inspirator for frigjeringsteologar og andre som kjempar for fred, rettferd og utjamning av økonomiske og sosiale skillelinjer. I går, ved innleiinga til pinsehøgtida, vart han saligkåra under ei friluftsmesse på Salvador del Mundo-plassen. Pave Frans, overhovud for den romersk-katolske kyrkja og sjølv latinamerikanar, har vore ein viktig pådrivar for den endelege avgjerda om saligkåring. Avgjerda, og det faktum at saligkåringa no er ein realitet, er ikkje berre ei stor hending for den katolske kyrkja og det latinamerikanske folket. For den verdsvide kyrkja, for alle som kjempar mot fattigdom, krig og undertrykking, er saligkåringa av Romero eit stort og viktig steg på vegen mot ei varmare og meir rettferdig verd. At hendinga skjedde ved innleiinga til pinsehøgtida, kan sjåast som ei stadfesting av forvandlingskrafta i pinsebodskapen: Slik disiplane vart utrusta til teneste ved krafta frå Den heilage ande, slik gav Oscar Romero mot og handlekraft til dei stemmelause og undertrykte. Denne krafta er framleis levande og verksam.

HIMALPARTNER, ØYER og TRETTEN:
HimalPartner er ein liten og nyskapande misjonsorganisasjon som har konsentrert verksemda si til områda rundt Himalaya. I etterkant av jordskjelvtragedien i Nepal, har dei spela ei aktiv rolle med naudhjelp og fokus på atterreising. HimalPartner utøver misjon og diakoni gjennom konkrete tiltak og bistandsytingar: prosjekt for landsbyutvikling, miljø, førebyggjande helse, undervising, yrkesutdanning og kraftutbygging. I samarbeid med lokale krefter ynskjer dei å bidra til positive endringar. Deira diakonale fokus er ikkje eit skalkeskjul for misjon forstått som tildekt evangelisering. Med praktiske og nestekjærlege tiltak bidreg HimalPartner til utrusting og myndiggjering av dei menneska som mottek bistand. Slik kan ei ny orientering og ein ny start bli noko som kan vekse og vare over tid.

I dag, på pinsedagen – kyrkja sin fødselsdag, skjedde ei viktig hending under høgtidsgudstensta i Øyer kyrkje: Kyrkjelydane i Øyer og Tretten skreiv under på ei forpliktande misjonsavtale med HimalPartner. Denne avtala skal i åra framover gjerast synleg ved feiring av gudstenester, ofringar og fokus på diakoni og misjon. Og ikkje minst: gjennom tiltak og undervisningsopplegg for ungar og ungdom i den lokale trusopplæringa, skal vi arbeide med å forstå oss sjølve som ein del av den verdsvide kyrkja og det store verdssamfunnet.

Pinsebodskapen understrekar at vi alle høyrer saman – uavhengig av rase, kjønn, geografi og sosial status. Vi er alle kalla til å ta del i dei gode gjerningane. Ved krafta frå Den heilage ande blir vi utrusta til å stå i denne tenesta. Saman skal vi omsetje evangeliet om Jesus Kristus til gode gjerningar, til beste for vår neste. Dette oppdraget kjenner ingen grenser, og gjer det mogleg å handle lokalt medan vi tenker globalt.

IBSEN, PEER GYNT og PINSEUTFORDRINGA:
Ibsens store drama om Peer Gynt er ei lang og brokete vandring mellom realitet og fiksjon, draumar og kvardagsflukt, fall og nederlag, kjærleik og ny von. Men kvar endar så det store dramaet og han som vart for stor for seg sjølv og si eiga samtid? Jau, nettopp i pinsehøg-tida!

«Velsignede morgen da gudsrikets tunger
traff jorden som flammende stål.
Fra jorden mot borgen nå arvingen sjunger
på gudsrikets tungemål».

Det er ei krevjande øving å skulle skilje det viktige frå det uviktige. I ein travel kvardag treng vi hjelp til å stoppe opp, ta ei pause og dvele ved dei vala som skapar fokus og retning for liva våre. Her kan høgtidsdagane vere ein stabbestein å stoppe opp ved. Med eit klårare blikk kan vi på nytt oppdage det råket som gjer oss sjølve og andre til ambassadørar for ein annan samfunnsstruktur. Innafor ein slik struktur er menneskevarmen både bærebjelke og hjørnestein.

Pinsebodskapen har sprengkraft i seg, og inviterer oss til å ta del i kampen for det gode. Gjennom konkrete gjerningar, til beste for vår neste, kan vi bidra til positive endringar. I familien og lokalmiljøet. På arbeidsplassen. I kyrkja og verdssamfunnet. Når vi lyftar i flokk kan store ting skje.

Signa pinsetid!

Øvre Svatsum pinsedagen 2015
Trond Klaape, menighetspedagog i Gausdal og Øyer

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt