Verdidebatt

Ikkje radiogudsteneste i dag!

Søndag føremiddag ønsker eg å delta på gudsteneste. Helst i ei kyrkje, men når det ikkje er praktisk, gjerne ved gudsteneste i radio eller fjernsyn.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I dag, søndag 3. mai 2015, blir det i gudstenestetida sendt ein “Dialogsamtale fra Harstad kirke under festspillene i Nord-Norge 2014, med tema `Llikhet eller mangfold´. Samtale mellom politiker Jonas Gahr Støre, imam Senaid Kobilica og skuespiller Svein Tindberg. Samtalen ledes av prest og forfatter Per Anders Nordengen. Musikalsk innslag ved Solveig Slettahjell.” (NRK-presentasjon på internett)

Dette gir ikkje deltaking i gudsteneste, men ein reprise frå eit kveldsarrangement i ei kyrkje i fjor. Det er heller ikkje nokon gudsteneste: Ingen liturgi, ikkje kristen setting, men latter og applaus som i eit politisk møte og på ein konsert. Greitt nok, interessant i og for seg, men ikkje nokon gudsteneste.

Søndagsgudstenestene i NRK er ei viktig hending for mange menneske, og det er verdifullt at riksinstitusjonen fortsatt har denne tenesta. Eg kan ikkje sjå nokon grunn til å bryte den samanhengen som regelmessige gudstenester klokka elleve søndag føremiddag er.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt