Petter Olsen

55

Kan skulen vera verdinøytral?

Far John Edmund Smedtorp meiner norsk skule skal vera verdinøytral. Då misser skulen ein bærande funksjon i samfunnet.

Publisert: 27. apr 2015

16. april skreiv Vårt Land at biskop Solveig Fiske hadde invitert oppveksteininga i Kongsvinger kommune til møte i samband med visitasen hennar i kommunen. Under møtet vart det bestemt at det skal lagast ein rammeplan for samarbeid mellom kyrkja og kommunen. Ifølgje Fiske er det samarbeid mellom skule og kyrkje i alle 48 kommunar i Hamar bispedøme.

Då dette vart kjent, fekk det John Edmund Smedtorp, som er far til ein gut som skal byrja på skulen til hausten, til å reagera: - Biskopen gir inntrykk av at religion er ein naturleg del av mine borns liv, og at kyrkja er ein del av deira lokalsamfunn. Det er eg ikkje einig i, seier Smedtorp til Vårt Land.

Utdanningsdirektoratet opplyser at opplæringslova ikkje seier noko spesifikt om samarbeid mellom kyrkje og skule. Skulen skal visa respekt for elevane og foreldra sine filosofiske og religiøse overtydingar. Dette meiner Smedtorp er for ope:

- Kommunane og biskopane kan då tillata seg både det eine og det andre. Det gjer det ikkje føreseieleg eller trygt for meg som meiner skulen skal vera verdinøytral, seier han til avisa.

Det er i grunnen underleg å registrera kva som har skjedd etter at Stålsett-utvalet i januar 2013 la fram rapporten om Det livssynsåpne samfunn (mi utheving). For diskusjonen har i grunnen gått på det motsette - om det livssynsstengde samfunnet, der ein for alt i verda må gøyma vekk religion - i alle fall om det dreier seg om kristendommen. Det har til og med breidd seg ei myte om at det er slik dei har bestemt i Strasbourg at det skal vera. Sidan 2008 har talet på trus- og livssynssaker som er forsøkt ført fram for Den europeiske mennskerettsdomstolen, tredobla, skreiv Vårt Land 20. april.  

Og i Kongsvinger er det altså ein far som blir sitert på at skulen skal vera verdinøytral. Det inneber i høve til ordlista at skulen skal vera "utan standpunkt når det gjeld moralske, religiøse, sosiale eller politiske emne og spørsmål".

Først er det freistande å gå nokre hundreår tilbake i historia. Skulelovgjevinga i Norge frå 1739 og innføringa av konfirmasjon i 1736 hadde sine røter i pietismen. Skulen skulle vera ein kristen skule, og kyrkja og presten fekk ein sentral plass i utforminga. Mellom 1739 og 1889 låg skulen under biskopen sitt tilsyn, og når biskopane var på visitas, gjekk det meste av tida med til å overhøyra elevane. I 1889 vart dette endra til at biskopen berre hadde tilsyn med kristendomsfaget. (Kjelde: "Ordets folk", Sambåndet Forlag 1998).

Smedtorp vil altså ikkje ein gong anerkjenna kyrkja som ein del av lokalsamfunnet. Men når biskop Fiske engasjerer seg i skulen på visitas, går ho tilbake til røtene. Det kan det i alle høve vera verd å merka seg.

Om skulen skal vera verdinøytral, slik Smedtorp - og mange med han - tenkjer, inneber det for det første å kasta vrak på heile den historiske rota til det norske skuleverket. For det andre vil eg meina at det ikkje er mogleg, i alle fall ikkje dersom ein tenkjer at skulen skal ha oppgåver i samfunnet utover å overføra "rein" faktakunnskap.

På samfunnsfaglinja på vidaregåande skule på 80-talet lærte me at fem grunnleggjande prosessar må vera til stades for at eit samfunn skal bestå: rekruttering, sosialisering, produksjon, fordeling og regulering av atferd. Eg trur det står seg enno.

Sosialiseringsprosessen går ut på at den einskilde lærer seg normer, verdiar, kunnskap og ferdigheitar som blir sett på som nødvendige for at han eller ho skal kunna leva i fellesskapet, og for at fellesskapet skal bestå. Døme på dei personane eller institusjonane som påverkar oss gjennom sosialiseringsprosessen, er familien, venner og - ja, nettopp - skulen. Gjennom sosialiseringa blir mange av normene internalisert, det vil seia gjort til våre eigne.

Men om skulen skal vera verdinøytral, kan han altså ikkje vera ein del av denne eine av fem bæresøyler i samfunnet. Og skal det vera logikk i Smedtorp sin tanke, kan jo heller ikkje barnehagane læra ungane noko som smakar av normer og verdiar. Heile denne viktige samfunnsprosessen må med andre ord privatiserast. Men kanskje det er det dei som tenkjer som Smedtorp, vil. I så fall kan dei godt seia det like ut.

  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Geir Wigdel

30 innlegg  2088 kommentarer

Ingen kan være

Publisert nesten 5 år siden

verdinøytrale, da er vi ikke lenger mennesker. Det er alltid et spørsmål om hvilke verdier en bygger på, eller vil formidle. Smedtorp mener ikke at skolen skal være uten verdier, håper jeg, han mener at den skal være fri for religiøs påvirkning. Begrunnelsen er merkelig: han mener religion ikke er en naturlig del av barnas liv. Han kunne jo like gjerne sagt at organisert idrett, musikk, astronomi eller fremmede språk ikke var noen naturlig del av hans barns liv. Det er i det hele tatt merkelig at noen foreldre vil nekte sine barn tilgang til å erfare et viktig livsområde fordi de selv har fått et forskrudd forhold til religion. Å berøve barna kunnskp og erfaring gir dem ikke et bedre utgangspunkt, selv om kunnskapen dreier seg om religion. Og, som sagt, nøytralitet er en illusjon, det dreier seg alltid om valg.

Mest leste siste måned

Hjemmesentrert kirke
av
Joanna Bjerga
11 dager siden / 1577 visninger
To strekar
av
Arne Mulen
4 dager siden / 1403 visninger
Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
23 dager siden / 1245 visninger
Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
29 dager siden / 1226 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
15 dager siden / 858 visninger
Svar til Espen Ottosen om bibelsyn
av
Andrew Wergeland
8 dager siden / 569 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 2 måneder siden / 559 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere