Verdidebatt

Haustens val treng nye fargar

Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Arbeidarpartiet må finna saman i kommunar og fylke etter valet til hausten. Det gjeld vårt lands framtidige kurs på fundamentale område.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi står føre eit viktig val for kommunar og fylke. Den blåblå regjeringa får sin første eigentlege karakter frå veljarane. Mange klyp seg i armen over korleis regjeringa og statsministeren spelar opp. Arbeidarpartiet veks di meir dei teier.

Vi var mange som i 2013 gjekk inn for regjeringsskifte etter dei åtte raudgrøne åra. Mange delte også Erna Solberg sin visjon om betre løysingar på mange viktige politiske område.

Alkohol. Men kva ser vi i dag av det nye prosjektet som skulle løfta landet og folket? Sant nok har dei ordna opp i fleire ting - med god hjelp av sentrum og KrF. Men spør du kva folk legg merke til, er ofte svara desse: Proffboksing, taxfree, lettare tilgong på alkohol, og meir i same «verdigate», i tillegg til klønete handtering av jordbruksoppgjer og ditto klønete asylpolitikk. Frivillig sektor er meir blitt kommersiell sektor og mindre ideell sektor. Lite ser vi av det store prosjektet.

Korleis skal vi tenkja om det komande valet? Media minner oss ofte om Jonas Gahr Støre sine frieri til KrF. Leiarskribentar lurer på kor lenge det går før Knut Arild Hareide bit på agnet. Eg veit at KrF sin partileiar er altfor klok til å sluka agna for tidleg. Både dei som håpar og dei som fryktar lyt smørja seg med tolmod om KrF sitt val for 2017. Det er mange vanskar - med litt korttidsminne veit vi at det raude alternativet er ikkje berre lyseraudt.

Rasering. Det første valet, lokalvalet i haust, dreier seg om to store spørsmål. Begge får så langt eg kan sjå, den beste løysinga i eit samarbeid mellom KrF, Senterpartiet og Arbeidarpartiet - (utan Sp i større byar der partiet mest er ikkje-eksisterande).

For det første går vi med den store kommunereforma inn i ei avgjerande tid for den folkevalde organiseringa i landet. Her er det lite positive signal vi får frå dei blåblå: Store kommunar og stripping av fylkeskommunane for viktige oppgåver. Resultatet blir ikkje utvikling av folkestyre og meir demokrati, men heller meir sentralisering med fare for rasering av variert busetnad i vårt vidstrakte land.

Det er tydeleg at regjeringa ikkje ønskjer tre forvaltningsnivå. KrF har vore ei drivkraft for tre nivå med nye regionar i staden for dagens fylke som mellomnivå. Etter landsmøtet i Ap ser vi at dei kjem etter med forslaget om mellom anna ein klar Vestlandsregion. Deira menyliste for regionane er eit godt grunnlag for samarbeid til å finna løysing.

Galskap. Den andre store saka eg tenkjer på, er organiseringa av livsrytmen. Vi har i lange tider - for ikkje å seia årtusen - hatt ein god livsrytme mellom helg og kvardag. Dei blåblå vil feia denne kulturarven bort med «kommersliberalisme» som gjer alle dagar like.

Det vil ha store konsekvensar for familieliv, arbeidsliv og ikkje minst kulturliv og frivillig sektor. Vi håpar enno at Stortinget tek til fornuft og respekterer folkeviljen. Men dersom det endar med Venstre sitt liberalistiske forslag om å flytta dette til kommunane, er det lett val for mange: Eit sterkt Ap og eit sterkt KrF og Sp kan i samarbeid stoppa galskapen.

Prøveklut. Eg veit at det er mange verdiutfordringar i eit slikt fellesskap ikkje minst når vi kjem til nasjonalt nivå. Kva kurs ein skal følgja i 2017, vil eg ikkje ta stilling til nå. Men vurdert ut frå dei to store tema ved dette valet, er mitt råd klart: Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Arbeidarpartiet må finna saman i kommunar og fylke. Det gjeld vårt lands framtidige kurs på fundamentale område som nært demokrati og vern om ein framtidsretta livsrytme for folk flest. Det kan også bli god prøveklut for 2017.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 22.4.2015

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt