Verdidebatt

Asylinstituttet på veg mot parodi og samanbrot

Frå individuell flukt til "legalisert" masseinnvandring

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Deloverskrifta er dekkjande for historia om asylsøkjarar i Vest-Europa frå 1950 til i dag. Første par tiåra var det 'avhopparar' frå kommunistregima i aust som fekk 'politisk asyl'. Å ta seg over grensene var den gong nesten umuleg, men nokre få av dei privilegerte som fekk reise til Vesten, greidde å 'hoppe av'. Dette var inga lett avgjerd å ta, for det innebar eit endeleg farvel med familie og venner, som vart haldne att som gissel og ofte straffa.

Situasjonen siste førti åra har vore heilt motsett. Sidan 1975 har ein person med asyl i tillegg fått hente familien hit, sama kor talrik den har vore. Også det økonomiske incitamentet er mykje større for dagens asylsøkjarar, som kjem frå langt fattigare land. Samanlikna med tidlegare har difor asylinnvandringa til Vesten auka frå nokre få snøfnugg til eit veritabelt snøskred. Idealet er å gje opphald til dei som reelt er utsette for forfølging, eller treng vern av andre grunnar, dvs vurdere behovet til kvar einskild. Problemet er berre at det er ei umuleg oppgåve å klarleggje. Ofte er det ikkje eingong råd å finne ut kva område eller land vedkomande kjem frå. Stikkprøver ved grensa har vist at 85% har identifikasjonspapir på det tidspunktet, men færre enn fem prosent legg det fram når dei søkjer asyl nokre dagar seinare. Det einaste UDI har å halde seg til er intervju gjort av Politiets utlendingsenhet og av eigne tilsette, pluss generell informasjon om oppgitt heimland.

Kommunikasjonar og asyllobby

Betre kommunikasjonar er sjølvsagt ei vesentleg årsak til at fleire personar frå fjerne land kan søkje om asyl her hos oss, sjølv om reisa for dei fleste er både lang, kostbar, strabasiøs og stundom livsfarleg. Men dei set seg i gjeld og risikerer så mykje fordi sjansen for varig opphald er ganske stor. I dei fleste vestlege land finst det er rekkje organisasjonar som syter for det. Om private bidragsytarar er støttespelarar av ueigennyttige grunnar, har dei tilsette talsmennene lobbyverksemd som levebrød, finansiert stort sett av våre felles, statlege midlar. Ved rask gjennomlesing av nokre avisutklipp kom eg over utspel og fråsegner frå m.a. NOAS, Amnesty, Redd Barna, Norsk Folkehjelp, Kirkens Nødhjelp, Flyktninghjelpen, ARS, Mellomkyrkjeleg Råd, DnK, SV, V, KrF, KIA, Norsk Senter for Menneskerettar, Plan Norge, Kirkens Bymisjon, Landslaget for norske barne- og ungdomsorganisasjonar, Organisasjonen for etiopiske asylsøkjarar, diverse støttegrupper og ei rekkje asyladvokatar. I tillegg må ein nemne dei fleste avisene og ikkje minst TV2 og NRK, som har størst slagkraft. Ingen av desse synest å sjå paradokset i at ein "human asyl- og innvandringspolitikk" er nettopp det som lokkar hundretusenvis ut på ei reise som for fleire tusen endar med drukningsdød i Middelhavet.

Kjem det mange eller få asylsøkjarar til Noreg? Er vår asylpolitikk streng eller liberal?

Journalistikken på dette området er uvanleg tabloid og emosjonell, opptatt av enkeltsaker, spesielt der barn er inne i bildet. Ein vanleg påstand er at vi fører ein hard, umenneskeleg innvandringspolitikk, og at Noreg tek i mot få asylsøkjarar. Eg har enno til gode å sjå journalistar konfrontere asyllobbyen med fakta på området, kanskje ikkje så rart sidan mange av dei har teke rolla som aktivistar. Men Aftenposten gav oss iallfall tala for innvilga asyl i europeiske land for 2012. Med unntak for ministaten Malta, kom Sverige på topp med 161 personar per hundre tusen innbyggjarar. Som ein god nummer to følgde Noreg med 123, vidare eit sprang ned til Austerrike på 71, Sveits 58, Belgia 53, Danmark 38, Nederland 35 og Finland 34. Tyskland, Frankrike og Storbritannia hadde omlag 25 og resten stort sett frå 0-5. Ser ein på asylsøkjarar frå 2010-2014 kjem også Noreg høgt etter folketalet. Utanom miniputtstatane fekk berre Sverige og Montenegro fleire. Siste åra har borgarkrigen i Syria gitt den største og mest naudlidande gruppa asylsøkjarar. Grannelanda Jordan, Libanon og Tyrkia har utan samanlikning teke største børa. Men både i form av gåver til FNs organisasjon for flyktningar, UNHCR, og mottak av flyktningar generelt, ligg Noreg høgt samanlikna med oljerike, arabiske land i regionen, som Saudi-Arabia, Bahrain og Qatar.

Stoltenberg (2010): "Må begrense antallet asylsøkere som ikke har behov for beskyttelse."

Då talet på asylsøkjarar auka sterkt i 2008 (14 tusen) og 2009 (17000), og omfanget såg ut til å halde seg i 2010, kom regjeringa Stoltenberg med ti innstrammingstiltak i september dette året. I alle dei tre føregåande åra var det fleire som fekk opphald på humanitært grunnlag enn pga behov for vern. I hovudsak gjaldt tiltaka ei harmonisering med reglar og praksis i andre europeiske land på dette punktet. Endringane vart likevel møtt med sterk fordøming i mange media og av asyllobbyen, som påstod dei var svært strenge. Ei typisk påstand både om desse og andre innstrammingsforslag er at dei bryt med internasjonale konvensjonar Noreg har slutta seg til. Men faktum er at det overveldande fleirtal av land i Vest-Europa, for ikkje å snakke om resten av verda, har asyl-tal som vitnar om ein langt striksare praksis enn vår, sjølv om dei også har slutta seg til og er bundne av dei same konvensjonane. Tiltaka Stoltenberg sette i verk i 2010 førte til eit fall i opphald på humanitært grunnlag frå rundt 3000 per år til under 1000, men dette har blitt meir enn kompensert av at prosentvis fleire får asyl som konvensjonsflyktningar. Samla sett har aldri før så mange fått asyl som no, med nær 8000 berre i 2013 og nesten 23000 i perioden 2012-2014. I tillegg kjem familieinnvandringa, som i 2014 totalt var på 11000. Kor stor del som er knytt til personar som har fått asyl, kan ein finne ut av denne statistikken frå UDI.

Fusk, terroristar og feriereiser

Ein av dei ærlege journalistane i NRK er Tormod Strand, som i Dagsrevyen 17. januar i fjor hadde eit innslag (sjå pkt 14 med den kryptiske tittelen "Asylsøkere gjenforening") om korleis spesielt somme somaliske asylsøkjarar har utnytta denne ordninga. Då UDI i 2010 innførte DNA-testing av par utan felles barn, fann dei at 40% av dei som kom slett ikkje var ektefelle, men sysken til personen som hadde fått asyl. Dette talet inkluderte dei som ikkje ville møte til testing. Men sjølv i 2013, då mest alle vart testa og somaliarane visste om det, var heile 25% av familieinnvandrarane sysken. Hege Storhaug har skrive om saka på rights.no. Ein kan også spørje som Storhaug om kvifor ein familie skal gjenforeinast nettopp i Noreg, som i tilfellet med somaliske Maryam, som har mann og 6 barn busett trygt i Etiopia.

For berre to veker sidan kunne PST fortelje at sidan 2008 har eit hundretals terroristar frå organisasjonar som IS, Al-Shabaab og Boko-Haram søkt asyl i Noreg. Det er gjort beslag i mobiltelefonar som viser tortur, lemlesting og avrettingar. Betryggande nok får vi vite korleis det går med terroristane: "Disse har blitt, eller blir, sendt tilbake til sine hjemland, med unntak av tilfeller som mulla Krekar der man risikerer tortur eller dødsstraff etter utsendelse."Spørsmålet melder seg: Kor mange kjende terroristar er på frifot, og kor mange blir ikkje eingong oppdaga?

Det er ikkje uvanleg at folk som har fått asyl reiser på ferie til landet dei kom frå. Kanskje er dei trygge uansett, kanskje berre med norsk pass. I dette fem år gamle intervjuet i Aftenposten er det nemnt endå meir problematiske reiser: "En annen type saker som dukker opp når Nielsen er på tur, er asylsøkere på vei til ferie i hjemlandet – samtidig som de venter på en asylsøknad fordi de er på flukt fra hjemlandet."

Og er det nokon som framfor andre treng vern, må det vel vere barna. Dagleg leiar i HRS skreiv i Aftenposten i fjor at "Barn forsvinner fra skolene". I skuleåret 2008/2009 mangla 1850 barn i Oslo-skulen og nær 3900 på landsbasis. Og mange av desse er nok då i landet mor og/eller far kom frå, enten foreldra kom som arbeidsinnvandrarar eller asylsøkjarar.

Asylkostnader

Dei direkte kostnadene med innvandring og integrering kom i 2007 på 6.7 mrd kroner. Fire år seinare, i 2011, var dei dobla til 13.7 mrd kroner. Om dei har dobla seg endå ein gong på dei siste fire åra, har eg ikkje grunnlag for å påstå. Men dei indirekte kostnadene, dvs til helseomsorg, rettsvesen, undervisning, bustad, transport, sjukepengar og uførepensjon er utan tvil mange gonger større. Og berre på dei siste fire åra har samfunnet i tillegg teke på seg framtidige kostnader ved ikkje-vestleg innvandring på 260 milliardar kroner. Det aller meste av dette er knytt til asylinnvandring, sidan svært få frå desse landa no kjem som arbeidsinnvandrarar.

"Asylbarna"

Statsminister Stoltenberg var i 2010 lynande klar på at dei som ikkje treng beskyttelse og difor får avslag på asyl, må returnere til heimlandet. Utan at dette skjer, vil asylordninga misse all legitimitet. 'Asylbarn' er eigentleg dei med foreldre som har fått asyl, men har no gått inn i språket som namn på dei UDI/UNE har vedtatt må returnere saman med foreldra sine, nettopp fordi det ikkje er grunnlag for asyl eller opphald på humanitært grunnlag. Desse to siste fakta blir kamuflerte ved å snakke om 'asylbarn'. Bruken av desse barna som gissel og pressmiddel, ein metode som både foreldre, aksjonsgrupper, lobbyistar og innvandringsliberale politikarar står for, er noko av mest moraliserande og minst moralske ein kan oppleve i dagens Noreg. Gårsdagens debatt i NRK1 var ikkje noko unntak i så måte. Spesielt ille er det når UDI/UNE/regjeringa blir lasta for dette, slik mange har gjort, m.a. kommentatoren Marianne Lystrup i Vårt Land, som 15.03.12 skreiv "Når myndighetene først har havnet i en situasjon der de ikke har klart å behandle sakene fort nok, og disse sakene angår barn, må konsekvensen bli at de får opphold." Kanskje visste ho ikkje betre, men ei veke seinare skreiv iallfall dåverande direktør i UDI, Ida Børresen, i Aftenposten 23.03.12: "Hovedforklaringen på at "asylbarn" kan slå rot i Norge, er at foreldrene ikke forlater landet når de får endelig avslag." Og ho heldt fram: "Hvis barn som har vært her en viss tid får bli, vil barnefamilien klore seg fast og flere vil sannsynligvis komme."  Direktør i UNE, Ingunn-Sofie Aursnes, gav eit levande bilde av denne treneringa i ein kronikk i Aftenposten 16.08.13: "At utlendingen på denne måten (ved 'omgjøringsanmodning') får sin sak behandlet både 10 og 12 ganger i ressurskrevende prosesser i UDI og UNE er ikke uvanlig, uten annet nytt i saken enn at tiden har gått, og barna i en barnefamilie er blitt eldre og har fått sterkere tilknytning til Norge."

Det som har skjedd av politisk spillfekteri og kompromiss om 'asylbarna' siste tida er stikk i strid med dei fornuftige og realistiske vurderingane og dei fakta som direktørane for UDI og UNE her kom med alt i førårs. Den svenske rikskanslaren Axel Oxenstierna skal vere opphav til eit fyndord som passar godt også her: "An nescis, mi fili, quantilla prudentia mundus regatur? (Vet du inte, min son, med hur litet förstånd världen styrs?)"

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt