Verdidebatt

Slutt med svingdørsomsorga

Skal vi få samhandlingsreforma til å fungere, må vi slutte å forsvare systemet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.


Formålet med samhandlingsreforma var å sikre god flyt i behandlinga av pasientane, på tvers av finansiering og ansvarsnivå. Folk skulle få eit godt og forsvarlig helsetilbod der dei bur.
Mykje har gått som planlagt. Den medisinsk-faglege kompetansen er blitt styrka i kommunane. Det er bygd fleire frisklivs-sentralar og døgntilbod for akutthjelp. Men på andre område er det stor grunn til uro. Det gjeld i første rekke samhandlinga mellom spesialisthelsetenesta og kommunane , og situasjonen for pasientar som blir skriven ut frå sjukehus.

Frå 2012 har kommunane måtte betale sjukehusa 4.255 kroner for kvart liggedøgn, dersom kommunen ikkje tok i mot utskrivingsklare pasientar. Kvart år sidan 2012 har talet på utskrivingsklare pasientar på sjukehus auka kraftig.

Inn på nytt. Det var mellom tre og fire gonger så mange utskrivingsklare pasientar på sjukehusa i 2014, enn i 2011. I same tidsrom har det vore ein tydeleg nedgang i liggedøgn på sjukehus. Talet på pasientar som blir lagde inn på nytt etter utskriving, har og auka. Kommunane rapporterer at dei utskrivingsklare pasientane er sjukare enn før.

Vi ser ein tydeleg vekst i korttidsplassar og heimesjukepleie i kommunane. Det alvorlege er at denne veksten langt i frå held tritt med den auken vi ser av utskrivingsklare pasientar frå sjukehusa.

Ifølgje rapporten «Samhandlingsstatistikk 2013-2014» meiner ein fjerdedel av sjukepleiarane i kommunane at samarbeidet med helseføretaka har blitt vanskelegare etter innføring av samhandlingsreforma i 2012.

Ikkje varsla. I Trondheim har kontrollkommisjonen nyleg avdekka at alvorleg sjuke og pleietrengande pasientar blir sende heim frå sjukehus utan å varsle kommunen. I Bergens Tidende 8. februar 2015 kunne vi lese om ei kvinne i slutten av 90-åra som døyr i ambulansen på veg mot sjukeheim, etter det tredje sjukehusopphaldet på få månader. Pasient- og brukaromboda har i årsmeldinga for 2014 uttrykt stor uro for tilbodet til desse sårbare, eldre pasientane. Situasjonen er alvorleg.

At skrøpelege eldre blir flytta fram og tilbake mellom helseinstitusjonar og til slutt døyr under transport eller like etter transport til sjukeheim, er uverdig. Det er innlysande at denne delen av samhandlingsreforma ikkje har vore vellukka.

Betalingsplikta har ført til at sjukehusa har endra utskrivingspraksis, berre for å tene pengar. Det er eldre, svake pasientar som betaler prisen. Dette er ein svært uheldig, uønskt og paradoksal effekt av samhandlingsreforma.

Eldre, sjuke pasientar blir transporterte mellom sjukehus og sjukeheim, ikkje på grunn av medisinsk faglege argument eller av omsyn til den beste pleie, men på grunn av økonomi. For å unngå uverdig transport av sjuke menneske og hindre ei slik utvikling med økonomisk initiert utskriving frå sjukehus, trengs nye grep.

Pålegg. For det første må regjeringa pålegge sjukehusa å endre den nye og harde utskrivingspraksisen som er blitt etablert etter 2012.

For det andre må betalingsplikta fjernast. Økonomiske insentiv har den fordel at dei verkar, men ulempa er at vi ikkje alltid veit korleis. Betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar verkar slik situasjon er, mot sin hensikt. For det tredje må kapasitet, kvalitet og kompetanse i eldreomsorga styrkast.

Gløym privatisering og valfridom, styrk det offentlege tilbodet! Grunnbemanninga må opp. Fleire legar må arbeide på sjukeheim. Sjukepleiarkompetansen må aukast. Ei viktig årsak til at sjuke eldre blir unødig innlagt på sjukehus, er at kompetansen eller bemanninga ikkje finst på plassen.

Eller, rettare sagt den finst, men det er ikkje nok av den. I mange situasjonar er det einaste alternativet å legge inn pasienten; den skrøpelege eldre, som hadde hatt det best med behandling der ein bur.

Menneskerettar. I Norsk senter for menneskerettigheter si årbok frå 2013 kjem det fram at det er store menneskerettslege utfordringar på norske sjukeheimar. I årboka står det mellom anna:

«Både forsking og tilsynsrapportar frå 2013, samt stadige tilbakevendende og graverende saker i media, indikerer at beboere på sykehjem opplever manglende omsorg og mangel på nødvendig helsehjelp.»

Dårleg tid og underbemanning er faktoren som skårar høgast når ein spør dei tilsette sjølv kva årsaka til forsømmingar og overgrep kan vere.

Skal vi få samhandlingsreforma til å fungere, må vi slutte å forsvare systemet. Vi må bry oss om dei sjuke, skrøpelege eldre som i dag får eit uverdig tilbod. Vi må endre systemet og forsvare pasienten. Vi må innrømme den reelle situasjonen i kommunane og starte satsinga der behovet er størst.

Vi skal sjølvsagt få fram det gode arbeidet som skjer i Helse-Norge og i eldreomsorga. Men det er og nødvendig å sette søkelyset på det som ikkje fungerer. No trengst ein grundig debatt og nye tiltak for gi verdigheit i tilbodet til våre mest sårbare eldre.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 23. MARS 2015

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt