Verdidebatt

Medlemsskap: Kyrkjerett og Trussamfunnslov

Dagbladet læst vera usamde når Biskop Bernt held fram at det er nært samanheng mellom medlemsskap og medlemsblad. Men i 1995 vann ein prest fram i PFU då han hevda at det var ein avgjerande skilnad på medlemsskapsregister og medlemsbladregister.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I medlemsrotsaka i Den katolske kyrkja (Dkk) i Noreg har biskop Bernt synt til at alle medlemene – dei nyregistret medlemene òg – hadde motteke kyrkja sitt medlemsblad, og på den måten hadde vorte gjort kjende med at dei vart rekna som medlemer.

For jamvel om Dkk tykkjest å ha misskøytt seg i denne saka, er dette med utsendinga av medlemsbladet eit viktig sympatisk trekk som tener biskop Bernt til ære og forsvar. Det ér rimeleg å venta seg at det er eit nært samband mellom medlemsskap og medlemsblad. At eg har rett i ein slik påstand kjem jo fram av nyhendeoppslaga: Nettopp medlemsbladet fekk feilregisterte ikkjemedlemer til å reagera slik at Human-Etisk Forbund og Dagbladet fekk nyss i henne.

Men ikkje alle er samde med biskop Bernt. I 1995 melde eg eit anna kyrkjeleg trussamfunn – det samfunnet eg sjølv var med i – til Fylkesmannen for medlemstriksing. Grunnlaget for meldinga var vurderingar eg gjorde meg då eg oppdaga at 50% av trussamfunnet sine medlemsblad (eit blad eg sjølv var med å stifta) kom i retur.

Etter at eg hadde kontakta Fylkesmannen, kontakta eg VG, som laga eit oppslag midt i agurktida, på slutten av fellesferien. (I same nummer hadde VG òg ein annan artikkel med – eit gladnyhendeoppslag om eit jordbærplukkarkapell for polske ortodokse kristne sesongarbeidarar – med foto av den registeransvarlege forstandaren, utan at VG i sumarvarmen greidde å kopla dei to sakene.) Då oppslaget i VG kom, kontakta eg lokalavisa der forstandaren min budde, Oppland Arbeiderblad. Dei hadde ikkje lagt merke til kva som stod i VG. Men etter at eg hadde tipsa dei, laga Oppland Arbeiderblad eit oppslag – men utan å nemna noko om det føregåande oppslaget i VG.

Nokre veker seinare fekk eg eit gåvekort frå Oppland Arbeiderblad for beste nyhendetips den månaden – avisa var tydelegvis nøgd med VG-tipset mitt … Forstandaren, derimot, klaga Oppland Arbeiderblad inn for PFU.

Klagen vart vurdert av Per Edgar Kokkvold, Inger Bentzrud, Johan O. Jensen, Thor Woje, Helen Bjørnøy, Brit Fougner og Inge Lønning. Inge Lønning var klagaren sin eigen hovudoppgåve-rettleiar under studietida hans på Teologisk Fakultet – utan at dette er gjort greie for i PFU-referatet. Men PFU-referatet gjev verdfullt innsyn i koss forstandaren tenkte.

Namnet mitt – saman med ymse påstandar om kva eg skulle ha sagt, gjort og tenkt (!) etc – førekjem fleire gonger i PFU-referatet. Likevel var eg ikkje part i saka. Den PFU-refererte påstanden om at eg hadde «urettmessig kopiert og tilegnet diskett med adresser for utsendelse av menighetsbladet» fekk eg dermed  ikkje imøtegå – då eg kontakta PFU vart eg avvist med at eg ikkje var part.

Av PFU-referatet går det fram at klagaren hevda det var ein avgjerande skilnad mellom eit medlemsregister og eit adresseregister for ei (medlems)avis. Og det heiter òg i referatet at eg var kasta ut av kyrkjelyden, noko som på det tidspunktet ikkje var rett – eg var medlem.

So langt PFU – eit av Noregs fremste supperåd (om ikkje grautråd).

Kring eitt år seinare fekk Oppland Arbeiderblad likevel rett. Då fekk eg tilsendt «Attest om utmelding» frå trussamfunnet. Lenge før whistleblower hadde fått ei norsk omsetjing (varslar) vart eg med andre ord, nærmast med PFU si velsiging, tvangsutmeldt etter Trussamfunnslova for å ha varsla om uforsvarleg medlemsregistrering.

Grunngjevinga, slik den medlemsavisa eg var med på å grunnleggja refererte saka, var at eit kyrkjelydsmøte i trussamfunnet hadde utropt meg til fiende (!) av kyrkjelyden og at forstandaren difor skreiv meg ut or kyrkjelyden.

For meg, som teologistudent, var dette svært overraskande. Eg var himmelfallen. For etter klassisk kyrkjerett er det slik at dersom du vert utkasta frå ein kyrkjelyd er du i realiteten utkasta frå alle kyrkjelydar – du er utelaten ifrå heile kyrkja. Du er ekskommunisert. Det å kasta nokon ut er or ein kyrkjelyd er difor både useriøst og potensielt kyrkjerettsstridig.

Då mine synspunkt kom forstandaren for øyra, kommenterte han at det naturlegvis var skilnad på utmelding i samsvar med Trussamfunnslova og utkasting i samsvar med kyrkjeretten. Noko eg hermed alt so seier meg formelt usamd i.

Naturlegvis er eg likevel framleis medlem i kyrkjesamfunnet mitt, men den gamle forstandaren min føretok her, etter mitt syn, ei kyrkjerettsleg usætande/ugyldig handling. Eg bed sjølvsagt ikkje om Fylkesmannen si vurdering av kyrkjeretten, men skulle gjerne sett ein kyrkjerettkunnig person vurdera saka.

For meg er dette siste det viktigaste: Kva er ein medlemsskap i eit trussamfunn? Tenk deg fylgjande: Ein ikkjereligiøs snillist vil vera grei mot den fatige, nyreligiøse venen sin som har starta eit religiøst trussamfunn der venen sjølv er forstandar. Han seier til venen: «Berre før meg opp som medlem du, for eg er ikkje medlem nokon andre stader og eg vil gjerne at du skal få offentleg stønad for min medlemskap.» Er dette lov?

Svaret er nei. Etter Trussamfunnslova kan du berre vera medlem dersom du fyller trussamfunnet sine eigne vilkor for (trus)medlemskap.

Medlemsskap i trussamfunn er kopla til samvit og samvitsfridom. For at dette skal vera meiningsfullt, må det vera ein samanheng mellom samvitet ditt og den (formelle) medlemsskapen din. Difor kravet om at du må fylla trussamfunnet sine eigne vilkor. Og samvitskravet går begge vegar – trussamfunnet må vera tru mot seg sjølv og ikkje skriva inn folk som ikkje fyller vilkora.

I Den katolske kyrkja har dei visst nok «messeplikt». Det ville òg vera rimeleg dersom trussamfunn, i Noreg, opererte med plikt til å registrera medlemsskapen sin. Merk kva eg sa: Plikt til å registrera medlemskapen sin – dvs registrerea det at ein alt frå før er medlem.

For det er slik iallfall kyrkjer bør tolka medlemsskapsspørmålet: Ein må vera medlem i trussamfunnet (etter trussamfunnet sine eigne vedteker) før ein kan reknast som medlem etter trussamfunnslova.

Det kompliserande, slik Trussamfunnslova vert praktisert, er at trussamfunnet kan oppleva det som at det offentlege krev at dei må spørja dei som alt er medlemer om dei vil vera medlemer. For den som har drive med sal og marknadsføring: Når du får eit ja, so tek det du det som eit ja. Dersom du spør meir, etter at du har fått ja, so risikerar du å få ei nei. Og dersom ein katolikk seier nei til å lata seg registerføra, kva tyder i so fall det? Er det eintydigt med at han eller ho ikkje lenger er katolikk?

Eg ser ikkje noko gale i at eit trussamfunn driv med callsenter for registrera medlemer. Dei personane Den katolske kyrkja får tak i på denne måten er alt på førehand medlemer.

So kan ein kanskje diskutera om det er gale å nytta tilgang til Folkeregisteret for å finna fram til fødselsnummeret – visst nok meiner Fylkesmannen det er feil.

Å ikkje ha sin eigen vilje er ikkje vegen å gå. På det punktet verdset eg biskop Bernt si haldning: Han vedgår feil men ikkje utan å forsvara det han meiner er ett.

Lat oss vona at trussamfunna, ikkje minst katolikkane sjølve og dei andre kristne trussamfunna, nyttar høvet til å gå i seg sjølve og opparbeida ein sunn, kritisk vilje til å oppfylla både lova og kyrkjeretten.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt