Verdidebatt

Kritisk lav høgde

Hovudproblemet med biskop Jørgensens innspel om norsk økonomisk politikk er ikkje at han sender ein bodskap med politiske konsekvensar. Etikk har utslag i samfunnet. Hovudproblemet er at han ikkje tar nok høgde i oppdraget.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dermed landar han som det moderne sosialdemokratiets forsvarar midt i ein klassisk og triviell debatt som skattemarginar mellom norsk høgre- og venstreside. Slik mister han høvet til å sette ein svært viktig dagsorden mot fattigdom og urett frå kyrkja si side.

Jørgensen har saman med fleire av oss henta impulsar frå pave Frans og hans stadige fokus på dei fattiges sak. Det etterlatne inntrykket av orda og tenesta hans er at han har løfta kyrkja si røyst på profetisk vis. Folk flest forstår at dei moralske og sosiale konsekvensane av bodskapen hans er radikale og utfordrande, sjølv om han i liten grad har lansert konkrete politiske råd. Eller kanskje nettopp derfor! Han har ikkje dukka ned i nasjonalpolitikkens detaljar men har talt på premissa til kyrkjeleg leiarskap. Er det derfor han er blitt høyrt?

Vi treng eit kyrkjeleg engasjement inn mot den store økonomiske uretten globalt og mot auka skilnader nasjonalt. Mitt inntrykk er likevel at Jørgensen blir ein slags ærendsgut for Thomas Piketty og sosialdemokratiet. Det er ein ærleg posisjon, men redaktørane Selbekk og Simonnes har naturlegvis rett i at det berre er ein av fleire fagleg mulige med tanke på å redusere fattigdom innan vårt politiske system. Biskopen unngår derimot meir systemkritiske økonomar som Thomas Sedlacek i hans avsløring av økonomi som kulturell verdikatalysator, eller Tim Jackson i hans oppgjer med den økonomiske vekstfilosofien.

På den andre sida følgjer eg ikkje redaktørane når dei brukar folkeyrkja og frykta for å støyte frå seg folk som argument mot engasjementet. Kyrkja spør ikkje etter allmenne reaksjonar og om inn- og utmelding dersom ho har ein profetisk bodskap å bere fram. Biskopen blir for tam og lite radikal. Han er ikkje for dristig men for forsiktig. Der han kunne representere ei kraftig bibelsk røyst mot urett og fattigdom, hamnar han ut i ein triviell norsk bodskap om skattenivå, ein bodskap som han innleiingsvis knyter til stasministeren frå Høgre og avslutningsvis også adresserer til henne. Agendaen er overtydeleg.

Norske kyrkjer smittast av penge- og forbrukskulturen sine verdiar. Med og utan statleg kopling er vi kulturelt knytt til ein livsstil og eit økonomisk system som bind oss når vi forkynner Jesu kall til etterfølging. Både klima, hav og jord slit tungt. Dei fattigaste betalar konsekvent den største prisen for det.

Samtidig er vi i verdas rikaste land vel fortruleg med å berre vekse vidare og stadig auke forbruket. Som kyrkje må vi påtale den auka uretten som systemet skapar og stimulere samarbeid for å snu denne utviklinga. Samtidig må vi ta i bruk det som er kyrka sitt primære mandat, å kalle menneske og folk til omvending frå materialismen avguderi. Det er ei kraftigare utfordring til liberalkapitalismen enn dei promillane som skil landets to største parti i skatteprogresjonen.

Skulle kyrkja - sauene som høyrer og følgjer gjetarens røyst - våge å bere fram ein slik bodskap, forutset det ho lever det ho lærer. Elles har ho ikkje saltets kraft. Som kristne treng vi derfor ein stor samtale om korleis vi i fellesskap kan danne ein glad motkultur mot vekst- og forbruksfilosofien slik at verda sine verkeleg fattige blir løfta til verdige liv og rettferda kan vinne.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt