Verdidebatt

40% av folket frykter islamiseringen ifølge MMI

Meiningsmåling viser at 40% av det norske folke meiner at; « - muslimsk innvandring og påvirkning fra islam utgjør en trussel for det norske samfunn.»

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ifølge ei meiningsmåling utført av Ipsos MMI på oppdrag for Dagbladet, (publisert på db.no 26/1-2015), svarer 40% av dei spurde at dei er einige eller delvis einige i utsagnet; « - muslimsk innvandring og påvirkning fra islam utgjør en trussel for det norske samfunn.» 41% er ueinige eller delvis ueinige. Altså er halve folket såkalla islamkritiske, eller høgre-ekstreme som NRK og store deler av pressa likar å kalla det.

Av dei som støttar utsagnet er fordelinga i høve til partipolitisk tilhøyring; Frp 88%, H 49%, Krf 48%, Sp 45%, Ap 33%, V 19%, Mdg 18%, Sv 15%.

På bakgrunn av tala ovanfor, bør dei fleste politiske partia i Noreg ta opp temaet og tilpasse programma sine til veljarane. Når over 45% av veljarane er einige med utsagnet i meiningsmålinga, og ca 20% er usikre som i hovudtala, tyder det på at islamkritikarar utgjer eit fleirtal både i H, Krf og Sp.

I dei fleste land i Europa har politikarane blinda att for folkemeininga og overlate alle innvandrarkritiske og islamkritiske synspunkt til parti på ytre høgre fløy. Dette har resultert i stor framgang for parti som m.a. Framstegspartiet og Sverigedemokratane, fordi mange vurderer desse sakene som viktigare enn dei fleste andre politiske saker, og dermed vel å gi si stemme til ytre høgre på tross av at dei generelt har større sympati med andre parti.

Sjølv om dette er oppsiktsvekkjande tal, har målinga og artikkelen tilsynelatande fått lite publisitet, og fortener langt større merksemd. Spesielt sett på bakgrunn av pressa si einsidige framstilling av islamkritikar som ekstremistar som utgjer eit lite mindretal i samfunnet. Dette er sannsynleggjort mellom anna utfrå talet på Pegida demonstrantar i høvet til talet på motdemonstrantar.

Meiningsmålinga slår likevel uomtvisteleg fast det mange har trudd og meint, og skulle dermed ettertrykkeleg tilbakevisa alle oppfatningar,  påstandar og propaganda om at islamkritiske synsdpunkt berre fins mellom eit fåtal på ytterste høgre fløy, rasistar og høgreekstremistar. Samtidig stadfester dette at Pegida har langt større støtte i folket for hovudbodskapen sin enn mange likar å innrømma.

Kvifor blir då dei som ytrar slike meiningar framleis stigmatiserte og stempla som rasistar, islamofobe og høgre-ekstremistar, kvifor får dei ikkje meir støtte i det offentlege rom og kvifor tek ikkje dei politiske partia folkemeininga opp i seg i større grad?

Dette er eit demokratisk problem som etter mitt syn burde få større merksemd og som burde debatterast.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt