Verdidebatt

Fødselspengar for eksport?

Fafo-forskar uroa for auka barnefattigdom i Noreg.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

NRK dagsnytt kunne i sitt første oppslag fredag morgon 6. februar (kl. 8.00) melda at kvart 4. barn som blir fødd i Noreg har utanlandsk mor. Talet er dobla på ti år, og særleg fleire litauiske og polske kvinner føder barn i Noreg. Hovudfokus i saka var at Fafo-forskar Guri Tyldum frykta auka barnefattigdom som resultat, då desse mødrene ofte er mellombels tilsette med låg inntekt (typisk reinhaldspersonell).

Det som ikkje var nemnt i det korte innslaget, var at desse utanlandske kvinnene sjølvsagt får fødselspengar frå NAV, tilsvarande full lønn i 44 veker, dersom dei har hatt løna arbeid 6 av dei 10 siste månadene før fødselen. For ein reinhaldsarbeidar vil dette utgjera ca 250.000 kroner brutto.

For ei polsk eller litauisk kvinne er dette som kjent gode pengar, og vel verd å reisa til Noreg å vaska eit halvt år for, før ein føder eit barn på eit norsk sjukehus med god standard. Mange unge par nyttar difor dette gode tilbodet frå NAV og kjem til Noreg for å etablera familie og få ein god start i livet, før dei returnerer til heimlandet med langt betre økonomi enn dei elles ville hatt. Denne og mange andre gode ordningar er velkjente og vert sett stor pris på av mange aust-europearar, som kjenner norske støtteordningar i detalj og langt betre enn nordmenn flest. Det er ikkje utan grunn at det er stor gjennomtrekk av unge kvinner i reinhaldsbransjen, og det er ingen grunn til å væra uroa over auka barnefattigdom i Noreg som følgje av dette.

Kanskje burde me heller vera langt meir uroa over at norske velferdsordningar på denne måten vert grovt utnytta, som eit resultat av EØS avtalen og naive norske styresmakter. Vel har NAV rikeleg med pengar å fordela, og helsevesenet rikeleg kapasitet, men slike «smutthol» trur eg diverre vil undergrava både velferdsordningar og skattemoral etter prinsippet; meir skatt – meir velferd.

Saka hadde kort levetid i NRK dagsnytt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt