Verdidebatt

Holocaustdagen: Dei gløymde brotsverka

Vi skal ikkje gløyme, er vårt mantra denne dagen. Motsett av kjærleik er ikkje hat, men likesæle, minna Eli Wiezel oss om. Begge utsegna slær mot meg i dag.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Denne dagen, 27. januar 2015, brukte eg dei fyrste timane til å lesa artiklar om holocaust og markeringar kring i landet. Eg fann ikkje ein einaste som nemnde funksjonshindra.

Alle nemnde jødar. Nokre nemnde rom og homofile. Dette er viktig, i ei tid der rasisme, antisemittisme og fobiar av ymse slag er på frammarsj. Jødar blir framleis drepne, fordi dei er jødar. Homofile blir drepne fordi dei er nett det. Rom blir systematisk diskriminert i ei lang rekkje europeiske land.

Funksjonshindra har blitt drepne gjennom heile 6000-årsnatta her til lands, eller kor lenge det nå har budd menneske her. Dei har vore mål for utstøyting, overgrep og fordomar. Under den humanistiske framveksten i Europa, blei funksjonshindra hengjande etter. Dei var invalide, ugyldige, verdlause, minusvariantar. Omgrepa har vore mange, sams er systematisk diskriminerande og ringeaktande. Hadde funksjonshindra vore ei etnisk gruppe, ville dei fleste europeiske statar vore rasistisk, heilt til vår tid. Ein monaleg del av norske kommunar ville framleis vore det. Eg kjenner sjølv norske internflyktningar, som har flytta frå vrange heimkommunar til kommunar med eit meir ope menneskesyn.

Ikkje nazismen åleine

Som antisemittisme er heller ikkje funksjonsrasismen ei nazistisk oppfinning. Den har vore der alltid. I mellomkrigstida gjekk sterke diskusjonar om korleis ein (i Noreg) skulle hindre at minusvariantane skulle leggje ei bør på arbeidaren, og slik hindre velferdsauke for det prioriterte fleirtalet, dei som kunne marsjere i gatene og slåss for sin rett.

Jau, holocaustdagen er for å minnast, men ikkje alle tykkjest vera verd eit minne.

Nazistane fant ikkje opp ny vondskap, dei berre reindyrka den som var. T-4-aksjonane mot funksjonshindra tente to føremål. Dei fann beste måten å avliva store folkemengder, og dei vart kvitt sine minusvariantar. Mange hundre tusen funksjonshindra vart avliva på få år i Tyskland og nærområda.

Etter frigjeringa frå verdens verste tyranni, heldt T-4-avlivinga fram på fleire tyske institusjonar.

Ingen vil forske

Korleis var så stoda i Noreg? Ikkje veit eg, for ingen vil forska på dette. I dag heldt kunnskapsministeren ei glitrande minnetale om kor naudsynt det er med frisk kunnskap om holocaust, men heller ikkje han nemnde dei gløymde brotsverka mot funksjonshindra.

Sjølv har eg to gonger spurt Holocaust-senteret om dei kunne lage eit eksternt finansiert forprosjekt om lagnaden til minusvariantane før, under og etter krigen i Noreg. Stigmavakta/eg ville bruke mine kontaktar til å finansiere forprosjektet. Korkje førre eller noverande sjef for senteret har funne det bryet verdt å svare.

I lækjarmiljøa er det fleire som fortel at ein uoffisiell avlivingspraksis av små born heldt fram ved fleire norske sjukehus etter krigen, men ingen veit kva tid dette stogga. Vi veit at terskelen var låg. Menneske som i dag er samfunnsbyggjarar og yrkesaktive i eit mangfald yrkje, var ikkje verdt å ta vare på i min eigen ungdom. I vennekrinsen min finns kvinner og menn som er nær aldersrekordar kvar dag dei går på jobb. I 1991 brukte Bioteknologinemnda bilete av ein ven og kollega som døme på kva diagnosar som naturleg høyrer inn i ordskiftet om diagnostisert abort. I dag er han ein drivande dyktig datakonsulent, der einaste utfordringa er å finne seg til rette i eit samfunn der bustader og infrastruktur framleis er utilgjengeleg for vår funksjonshindra minoritet.

Borgarrettskamp

Ingen minoritet har fått fridom utan å slåss for han sjølv. Under borgarrettskampen i USA reiste og funksjonshindra seg. Ingen norsk journalist hadde fått jobb, om dei i jobbintervju hadde mangla kunnskap om Nelson Mandela, Martin Luther King jr og Rosa Parks. Framleis kan ein finne bladfykar på redaktørnivå som ikkje kjenner til Ed Roberts, Adolf Ratzka og Bente Skansgaard. Då Bente døydde for vel eit år sidan, vart ho ikkje nemnd i ein einaste norsk mediekommentar. Berre Bent Høie i det offentlege Noreg viste vørdnad og sendte blomar.

No har funksjonshindra i Noreg reist seg. Men som i all borgarrettskamp, blir fridomsrørsla motarbeida, må tåle usaklege åtak, hets i media og vonde forvrengingar. Uloba er ei slik rørsle, eigd av ei kampgruppe der dei fleste korkje kan krype eller gå, mange kan ikkje sjå. (Den usaklege mediehetsen skal eg ikkje gå inn på, sidan eg både er deltidstilsett i Uloba og gift inn i leiinga). Dei har slåss for funksjonshindra med assistansebehov sin rett til utdanning, arbeid og samfunnsdeltaking. Alt før arbeidsliv og infrastruktur er tilrettelagt, har deira BPA-ordning, og ordningar avleida av denne, redusert arbeidsløysa i denne gruppa frå om lag 100 prosent til 75 prosent (Østlandsforskning). Ordninga har 99 prosent nøgde brukarar (Regjeringas høyringsnotat om BPA-lova).

Ikkje ein einaste gong har redaktørar eller kommentatorar nemnt denne frigjeringskampen i sine kommentarar. Ser eg likesæla som Wiesel åtvara mot?

Eg gløymde det mest. Sidan BPA ikkje er på medias agenda, så minner eg om at bokstavane står for borgar-/brukarstyrt personleg assistanse. Med BPA skal den einskilde gjennom sjølv å styre naudsynt assistanse, kunne utfordre seg på evner, interesser og kompetanse. Målet er å delta på alle samfunnets arenaer, jamstelt med andre innbyggjarar i landet.

Minusvariantar skal ikkje ...

Ser ein på innspel i lovprosessen og høyringsuttalingar, kjenner eg at haldningar frå dei mørkaste tidene i menneskeætta. Difor skal eg meg for ein gong skuld bruke det forkvakla omgrepet minusvariant i døma nedanfor:

  • Minusvariantar skal ikkje kryssa kommunegrensa med assistanse, (Vestregionen og Helse- og omsorgsdepartementet). De facto kommunale bantustanar om ikkje Uloba og deira få allierte hadde fått stogga dette.
  • Jau, minusvariantar skal få lov å krysse kommunegrensa, men berre om det skjer innanfor arbeidsmiljølova, sa Jonas Gahr Støre då departementets forslag møtte motbør. I alle andre samanhengar, særleg profittsamanhengar, blir først oppgåvene definert. Deretter ser ein om dei kan løysast innafor lova eller gjennom unntak. Ikkje ein dråpe olje hadde blitt produsert om politikarane hadde brukt Jonas syn elles i arbeidslivet.
  • Minusvariantar skal ikkje kunne nytte BPA til utdanning og arbeid (Vestregionen). Dei ville obstruere hovudmålet til dei som utvikla BPA, der og den største økonomiske vinsten med ordninga ligg.
  • Minusvariantar skal berre nytte BPA til kommunebestemte oppgåver. Vestregionen ynskjer kommunestyrt i staden for sjølvstyrt privatliv for sin funksjonshindra minoritet.
  • BPA-leverandørar skal ikkje dekkje sine tilsette assistentars jobbutgifter (Oslo). Ved å velte slike utgifter på den einskilde (ofte fattige) funksjonshindra, vil dei fleste ikkje ha råd til å nytte assistansen utanfor heimen, og slik kollapsar deira von om fritt liv. BPA blir eit klassedelt gode for dei få velståande.
  • Fleire minusvariantar vil misbruke BPA-ordninga (Vestregionen). Difor ville dei straffe funksjonshindra kollektivt ved å tilby ei oppflisa miniordning. Eg trur korkje lokal- eller rikspressa hadde tagd stilt om einskilde sitt mandagsfråvær etter ei fuktig helg, skulle ta sjukelønsordninga frå fleirtalet av ærlege arbeidarar.

Det fell for langt å kome inn på alle inngrepa det likesæle samfunnet ville påføre sin minoritet.

Er det politiske skilnader i denne herva? Nei. Rikspolitisk er det no eit samstemt storting om at ordninga skal på plass. Kommunalt er det heilt tilfeldig om motbøren kjem frå raude eller blå kommunar. Ein må likevel stille seg undrande til at Erna Solberg, Bent Høie og Siv Jensen, som alle er bautaer i funksjonshindras fridomskamp, møter sterkast motbør frå blå kommunebastionar.

Kva redaktørane meiner veit vi ikkje. Dei tykkjest likesæle.

Kven er minusvariantane?

I morgon er det kan hende deg og meg, etter at vi har skadd oss på holka. I dag er det dei hardast skadde krigsveteranane, nokre nordsjødykkarar, nokre  yrkesskadde, nokre trafikkskadde og skadde i andre ulykker, menneske med medfødt funksjonshindringar og menneske som har fått slike etter alvorleg sjukdom. Mangfaldet i minoriteten med assistansebehov er like stort som elles i folket vårt.

Eg vil runde av med desse orda frå tidlegare menneskerettsdomar (EMD): - Fyrst funksjonshindra, så jødar, så sigøynarar; eit samfunn som støyter bort einskilde grupper, kan ende opp med ikkje å  ha plass til nokon.

***

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt