Verdidebatt

Dagsnytt atten og SSB prøver påstandar frå PEGIDA (Norge)

Anne Grosvold i Dagsnytt atten kalla 13.01. inn SSB-forskarane Skardhamar og Næsheim for å avsanne to påstandar frå Max Hermansen i PEGIDA. Lykkast ho med det?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kriminalitet og yrkesaktivitet blant norske muslimar var tema i Dagsnytt atten 13.01.

Eg såg Dagsnytt atten 13.01. på nettet i går, då eg fekk nyss om at PEGIDA hadde vore tema for programmet dagen før. Redaksjonen hadde fått SSB-forskarane Torbjørn Skardhamar og Helge Næsheim til studio for å ta stilling til det initiativtakar til PEGIDA i Norge, Max Hermansen, påstod under demonstrasjonen på måndag. Han hevda der at muslimske innvandrarar er tre gonger så kriminelle som nordmenn, og at under femti prosent av muslimske innvandrarar er i jobb.

Skardhamar, som forskar på kriminalitet og er medforfattar av rapporten "Kriminalitet og straff blant innvandrere og øvrig befolkning. Rapport 2011/21", fekk spørsmål om det første var rett. Han svara at Hermansen nok viste til denne rapporten, men at dette ikkje var ein studie av religion og kriminalitet. Ein av grunnane til det er at SSB ikkje har opplysningar om religiøs tilknyting i registra sine. Men han vedgjekk at dei innvandringsgruppene som ligg på topp i kriminalitet, kjem frå muslimske land, og han nemnde særskilt Somalia, Afghanistan, Iran og Irak. Då braut Grosvold ut: "Men det sier ingenting om at det er muslimer, bare så det er understreket, de kommer fra de landene. Det kan .." Og i tråd med dette heldt Skardhamar fram: "Og i de tallene er ikke etterkommerne med, og det sier ikke noe om de som blir straffet, om de er religiøse, man kan jo tenke seg at det er de minst religiøse av denne gruppen." Og Grosvold ville så ha han til å stadfeste at "denne bruken av statistikk er problematisk". Skardhamar svara at verre er det at Hermansen hadde brukt rå-tala, som ikkje er korrigert for at desse innvandrargruppene har mange unge menn, som alltid er dei mest kriminelle.Samanliknar ein i staden likt med likt, går overrepresentasjonen vesentleg ned.

Næsheim om yrkesaktivitet blant muslimske innvandrarar

Næsheim, som er seksjonsleiar for arbeidsmarknadsstatistikk i SSB, fekk så ordet og understreka at SSB ikkje fører statistikk over folks religion. "Så igjen, kan han (Hermansen) ha rett?", spurde Grosvold. "Nei, det er andre faktorer som er mye viktigere", svara Næsheim, og nemnde at "dette er personer som kommer til Norge som flyktninger, de kan ikke norsk, de har lite utdanning eller ikke relevant utdanning.""Er det frustrerende for dere forskere hvordan tallmaterialet blir brukt i den offentlige debatt? Skulle dere ønske å være på Dagsnytt atten hver dag og få forklart hvordan det egentlig er?" spør Grosvold. "Dette eksemplet her (Hermansen) er vel noe ekstremt. De fleste vil tenke at sånn er det jo ikke", svarar Næsheim, og viser til at forskjellane er mykje mindre for dei som kjem som barn og får gå i norsk skule, og endå mindre for barn fødde i Norge med innvandrarforeldre.

Men kva har Skardhamar faktisk skrive?

Viss Hermansen har sagt noko som er direkte feil, burde det ikkje vere vanskeleg å arrestere han på det, spesielt ikkje for Skardhamar, som har skrive rapporten som første påstanden byggjer på. Kva står det faktisk i denne rapporten frå 2011 om kriminalitet i forskjellige innvandrargrupper? På side 46 finn vi ein statistikk over straffedømde i perioden 2005-2008 per 1000 innbyggjarar over 15 år, rubrisert etter landbakgrunn. Innan kategorien "øvrig befolkning" har 19.3, dvs 1.9 prosent blitt straffa for eit brotsverk på desse fire åra. Talet for folk frå Somalia 4.5 så høgt, for Kosovo, Marokko og Irak ca 3.5 gonger så høgt, Iran 3 gonger, Afghanistan og Chile 2.5 gonger, Tyrkia og Pakistan 2 gonger og Sri Lanka 1.5 gong så høgt. Bortsett frå Chile kjem personar frå muslimske land verst ut. Til samanlikning ligg folk frå India på same nivå, og Kina og Vest-Europa på omlag halve nivået til "øvrig befolkning". Men dette er rå-tala, som Skardhamar presiserte. Men i tabell 4.3 på side 35 er tala korrigert for alder, men rubrisert berre etter kontinent, og ikkje landbakgrunn. Problemet er då at somme land dreg opp og andre ned, både i Afrika og Asia. Likevel ligg tala frå Afrika frå halvannan til vel to gonger høgre enn for "øvrig befolkning" i alle aldersgrupper frå 15-40 år, og fire gonger høgre for dei over 40. For Asia, der fleire land dreg sterkt ned, er det halvannan gong så mykje kriminalitet fram til 25-årsalder, men deretter liten forskjell samanlikna med befolkninga elles.

Statistikken Skardhamar ikkje nemnde:

Men for vinnings- og valdsbrotsverk i perioden 2001-2004 inneheld rapporten Figur 6.2, på side 57, der tala både er korrigerte for kjønn og alder, og rubriserte etter landbakgrunn. For vald tronar Somalia på topp med 4 gonger fleire lovbrot enn "øvrig befolkning", og så kjem i tur og orden folk frå Iran med 3.8, Irak 3.4, Tyrkia 3.3, Afghanistan 3, Marokko 3, Chile 3, Kosovo 2.6 og Pakistan med 2.3 gonger så mange valdslovbrot som befolkninga elles. Til samanlikning ligg folk frå både Vietnam og Sri Lanka berre litt over, India og Filippinane litt under, og Polen, Russland og Aust-Europa på same nivå som befolkninga elles.

For vinningskriminalitet, korrigert for alder og kjønn, kjem innvandrarar frå Marokko på topp med 6 gonger fleire lovbrot enn "øvrig befolkning", vidare Vietnam med 4.5 gonger, Irak og Iran med ca 4.4, Somalia 4.2, Kosovo og Chile 4 og Pakistan 2.8 gonger så mange lovbrot som befolkninga elles. Men dette var før det såkalla drosjejukset blant pakistanarane vart avdekt. Her er det innvandrarar frå to land, Vietnam og Chile som, ja, kiler seg inn mellom seks muslimske. Også her kjem folk frå India, Kina og særleg Filippinane godt ut, nesten som dei norske, og Thailand, Sri Lanka og Tyrkia relativt bra med ca 2.

Så konklusjonen må bli at Hermansen har sine ord i behald når han påstod at muslimske innvandrarar er tre gonger så kriminelle som nordmenn, iallfall om ein tek for gitt at innvandrarar frå Afghanistan, Pakistan, Iran, Irak, Tyrkia, Somalia og Marokko i all hovudsak er muslimar.

Kven er muslimar, og kor stor prosent muslimar er det i muslimske land?

Så til argumentet om religion. Sjølv om hovudpoenget vel for Hermansen er at dei aktuelle innvandrargruppene kjem frå ein muslimsk kultur, veit vi også at religion spelar ei mykje større rolle for prosentvis langt fleire personar der enn det gjer her hos oss. Og at innvandrarar frå "muslimske" land ikkje nødvendigvis er muslimar, slik Grosvold så sterkt understreka og delvis fekk medhald i, er å klamre seg til eit halmstrå av eit argument, når engelsk Wikipedia gjev opp at prosenten muslimar er nær hundre i dei aktuelle landa: Irak: 95%, Pakistan: 97%, Iran, Marokko og Afghanistan, alle: 99%, og Tyrkia og Somalia: 100%. Men det er neppe den personlege trua som spelar største rolla, men heller kulturbakgrunnen. Og då kan ein ikkje berre sjå på korleis det går med etterkomarane her til lands, men må ta med i reknestykket at det årleg kjem ca 10 000 nye innvandrar berre frå muslimske land. Og i regelen er det slik at til fleire ein tek i mot frå ei land, til fleire vil kome etter, både som asylsøkjarar og familieinnvandrarar. Når det no er opna for fleire tusen kvoteflyktningar frå Syria, vil det i neste omgang gje endå fleire av desse to kategoriane.

Yrkesdeltaking rangert etter opphavsland

Når det gjeld yrkesdeltaking, gav nettopp SSB opp følgjande tal til Brochmann-utvalet, publisert som tabell 8.1 kapittel 8 i NOU 2011: 7 Velferd og migrasjon. Den norske modellens framtid. Tala for kvar land er sysselsette totalt, menn, kvinner, prosentvis totalt, menn og kvinner. Dei 8 landa nedst på tabellen har ein ting felles, dei er alle muslimske. Innvandrarane frå både Sri Lanka og Vietnam kom som flyktningar, men ikkje dei frå Pakistan, så flyktningbakgrunn, som Næsheim nemnde, held heller ikkje her som forklaring. Dei språklege problema kan dessutan ikkje ha vore mindre for folk frå Sri Lanka og Vietnam enn for personar frå Pakistan, for ikkje å snakke om dei frå Tyrkia, som brukar same alfabet som oss. Ingen vil påstå at det har med personleg tru å gjere, men at kulturelle faktorar må spele ei rolle, synest openbert. Og religionen er den einskildfaktoren som gjennom historia har forma kulturen i størst grad. Når særleg dei arabiske landa slit sosialt og økonomisk, og fleire andre muslimske land (Pakistan, Afghanistan, Somalia) held på å gå opp i liminga, er ikkje det heilt tilfeldig.

  • Sri Lanka            5 597    3 237    2 360    69,7      76,0      62,6
  • Chile                  3 845    2 093    1 752    68,8      70,1      67,3
  • Bosnia-Herc.       7 822    3 936    3 886    68,2      68,4      68,1
  • India                  3 984    2 364    1 620    65,9      73,2      57,4
  • Vietnam              7 713    3 833    3 880    65,2      68,4      62,4
  • Kina                   3 327    1 487    1 840    61,1      64,5      58,6
  • Filippinene           6 695    1 279    5 416    60,8      72,1      58,7
  • Russland             6 759    2 004    4 755    60,8      57,9      62,1
  • Thailand              6 228    572       5 656    60,5      50,2      61,8
  • Iran                    7 111    4 121    2 990    57,9      60,3      55,0
  • Kosovo               4 834    2 766    2 068    57,6      61,3      53,3
  • Tyrkia                 5 232    3 473    1 759    54,1      63,0      42,4
  • Marokko              2 164    1 382    782       48,6      54,9      40,5
  • Pakistan              7 432    5 062    2 370    48,5      64,5      31,7
  • Afghanistan         3 317    2 438    879       46,3      54,0      33,2
  • Irak                    7 442    5 037    2 405    42,9      49,7      33,4
  • Somalia               4 656    3 135    1 521    31,9      39,8      22,7

Første talet gjeld alle yrkesaktive, så yrkesaktive menn og kvinner. Dei tre siste på kvar linje gjeld det same, men i prosent av alle i arbeidsfør alder. Dessverre vart statistikken ikkje så lesbar her på Vd. Likevel er han så talande og dramatisk at fleire kommentarar er unødvendige. Men elles kan eg vise til "Innvandring og økonomi". Nokre av lenkene der fungerer ikkje lenger pga endringar på forskjellige, offentlege nettstader, men det er ikkje vanskeleg å finne rapportane att ved eit søk på Google.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt