Verdidebatt

Tru gjer blind

Det vert hevda at religiøs indoktrinering skadar inteligensen. Eit godt eksempel er indoktrinering av trua på at innhaldet i Bibelen er sanning overordna reell kunnskap.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kl. 01:20 den 18 januar 1960 kolliderte" Star Clipper" med Almøbroen mellom fastlandet og Tjørn, og deler av brospennet rasa ned på dekket til den norske bulkbåten. 8 menneske omkom ved at bilane dei sat i køyrde utfor kanten og ned i holet.

Besetningaom bord på "Star Clipper" gjorde kva dei kunne ved hjelp av lyskastarar og sirene for å gjere bilistar merksame på at noko var gale.

Dei fortalde at det var forferdele å oppleve at bilistane køyrde rett i døden. Ein av sjåførane vart var signala frå båten, soppa bilen og gjekk ut for å sjå kav som var på ferde for deretter å gå inn i bilen og køyre rett i døden. Han var så fastlåst i tilit til at brua var der at han ikkje var i stand til å oppfatte at brua var delvis borte.

Denne hendinga renn meg i hugen når Bibelfundamentalistar diskuterer det 1. mosebok fortel om korleis alt vart til på 6 dagar, Adam og Eva, Syndefloa, Josva stoppa sola og månen osv. Det er så opphengd i at Bibelen er Guds sanning frå A til Å at dei ikkje er i stand til å sjå at Mosebøkene er eventyrforteljingar. På den eine sida har ein forteljinga som er rissa i jordskaorpa og i Universet, på den andre sida har ein eit virvar av religiøse skapelsesforteljingar. Og vi ser at truande i dumskap forkastar "utviklingsprosessens" eiga forteljing om korleis det gjekk til og held fast ved dei eventyra dei vart indoktrinert med morsmjølka. Kva versjon dei blåheld på varrierer med i kva tidsrom dei vart fødd og kva for religiøs tru dei fekk i voggegave. Sjølv om ein med dagens kunnskap burde oppdage at Mosebøkene er dei reine røvarhistoriene kokt saman av kunnskapslause menneskje, så krampeheld dei på overtrua.

Dei køyrer rundt på bensin frå rundt 300 millionar år gamle sedimentlag, men tviheld på at Universet vart skapt for mindre enn ti tusen år sidan som fylgje av religiøse skylappar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt