Hans Olav Brendberg

64    1096

Paul Gottfried

Tidleg på sekstitalet var Herbert Marcuse professor på Brandeis University i Kentucky, men hadde samtidig eit kurs i politisk historie på Yale University. Kvar veke tok han toget til New Haven for å halda den faste førelesinga i sosialismens historie. Kvar veke dukka ein ung mann trufast opp. Mannen var Paul Gottfried, ein ung jødisk student med ein far som kom frå mellom-Europa. Marcuse var av disiplane til Frankfurterskulen, marxist-leninist og eit utprega døme på kontinental ”Bildung”. Gottfried var konservativ og antikommunist med ein viss sympati for McCarthy. Dette umake paret likte kvarandre med ein gong. Kanskje avdi dei hadde røter i den same sentraleuropeiske, jødiske kulturen.

Publisert: 12. nov 2014 / 540 visninger.

I sjølvbiografien sin, ”Encounters”, understrekar den gamalkonservative Gottfried at han lærde akademisk fridom av ein erklært marxist-leninist. Mot slutten av kurset spurde den grånande professoren studentane sine om nokon kunne tenkja seg å utfordra Karl Marx si tolking av opprøret i Paris mai 1848. Gottfried melde seg, og gjekk heim for å gjera leksene sine. Han bygde hovuddelen av innlegget sitt på Tocueville si tolking av same hending. Gottfried sitt poengterte innlegg var som ei energiinnsprøyting i den gamle professoren, som tok fram det tunge skytset for å forsvara Marx sin posisjon. Gottfried forsvarte seg som best han kunne – og greidde på eit vis å halda posisjonen sin. Etterpå takka professoren for verdig motstand – og gav Gottfried beste karakter. I Gottfried sine augo kjem Marcuse svært godt frå samanlikninga med dei liberale professorane på same tid som du helst skulle vera samd med, og som den unge Gottfried valde å kalla ”liberale fascistar” av mangel på betre omgrep.

Dette var byrjinga på den akademiske karrieren til ein av dei mest skarpskodde og interessante intellektuelle på amerikansk høgreside. Gottfried har heile vegen vore noko for seg sjølv. Konservativ, antikommunist – men samstundes genuint oppteken av marxistisk teori, eurokommunisme og Frankfurterskulen. Ein ung jøde som var totalt framand for den jødiske radikalismen som prega amerikanske universitet på sekstitalet, dei åra Gottfried byrja sin akademiske karriere.I akademisk samanheng har Gottfried vore ein av mennene bak Telos, tidsskriftet som vart oppretta for å spreida den kritiske teorien til Frankfurterskulen i USA. Sjølv har han brukt den kritiske teorien, og ei rad andre inspirasjonskjelder, som analyseverktøy mot det liberale hegemoniet i USA, mot feminisme, politisk korrekt tenkjing – og mot nykonservativ retorikk om demokrati og global intervensjon. Gottfried er ingen politisk visjonær; tvert om tyder mykje på at han mislikar politiske visjonar av instinkt. Men Gottfried er som sin første mentor eit døme på ”Bildung”, på omfattande kunnskapar og eit fritt sinn.

Dei siste åra har eg lese det meste som har kome frå Gottfried si hand. Så lenge du les Gottfried er du i intelligent selskap. Boka hans om den konservative rørsla i USA, ”Conservatism in America”, syner overtydande korleis den konservative rørsla i USA manglar røter i amerikansk historie. Rørsla vaks ut av femtitalets antikommunisme, og sjølv om rørsla medvite knytte seg til den konservative tradisjonen i Europa manglar det ein god del på at rørsla greidde festa røter i ein amerikansk røyndom. Det var antikommunismen som heldt rørsla saman, og då dei nykonservative i stor grad overtok rørsla på åttitalet vart desse veikskapane synlege. I staden for konservativt måtehald og respekt for historiske samfunn vart fasiten nykonservativ, væpna global misjon for det amerikanske patensvaret på alle samfunnsproblem. Denne ”konservatismen” blir av Gottfried og andre gamalkonservative avvist som ein ”ny jakobinisme”.

Jakobinarane var born av opplysningstida, rasjonalistar og fornuftsdyrkarar. Dei hadde inkje til overs for historiske samfunn og samanhengar: Dei hadde planane klar for ei verdsordning bygt på fornuft. I ei fornuftig verd ville krig, religiøse fordomar og liknande vera historie. På vegen mot ei fornuftig ordning erobra jakobinarane eit imperium i Europa. Franske armear med knappe finansar og forsyningar grunnla eit fornuftens kongerike i Italia – utgiftene til prosjektet vart dekt opp med å skattleggja dei italienarane som var ”frigjort”. Når alle til slutt var frigjort med franske bajonettar ville det bli ”fred”. Edmund Burke kalla dette ei ”væpna doktrine”, og i følgje amerikanske gamalkonservative er det mange parallellar mellom syttenhundretalet rasjonalistiske jakobinisme og nyjakobinarane i det amerikanske imperiet. Dette er hovudtemaet i svensk-amerikanske Claes Ryn sitt oppgjer med nykonservatismen – ”America the Virtous”.

Trilogien om det nye teokratiet: ”After liberalism”, ”Multiculturalism and the politics of Guilt” og ”The Strange Death of Marxism” er ei uhyre interessant drøfting av kvar det vestlege samfunnet er på veg etter at dei store velferdsstatsreformane er ferdige. Gottfried meiner vi er på veg mot eit sekulært teokrati. Dei første tiåra etter andre verdskrig kunne sosialdemokratar og andre tilhengarar av velferdsstaten bruka vekstøkonomien til å tilby ei større og større mengd reformar og velferdsgoder gjennom redistribusjon. Dette sikra eit stabilt regime. Men dei siste tiåra er ikkje dette lenger mogleg. I følgje Gottfried har ein difor byrja gå i ei ny retning: ”The politics of Guilt”, eller ”skuldkjenslas politikk”. I staden for å gje fleire velferdsgode er det sentrale prosjektet at styresmaktene må beskytta utblenkte minoritetsgrupper, og sikra at alle borgarar har dei rette haldningane andsynes desse utblenkte ofra. Ideelt sett burde ein innført sensur mot uønskte haldningar, men sidan sensur faktisk er ideologisk umogleg og i strid med dei grunnleggjande ideane i liberal tenkjing skjer dette indirekte. Skuldkjenslas politikk legitimerer ein elite som jamnt og sikkert krympar rommet for politikk og offentleg ordskifte. I ”The Strange Death of Marxism” gjev Gottfried ei svært kunnskapsrik og råkande analyse av etterkrigstida sine forsøk på å gjera marxismen relevant på europeisk venstreside. Hovudbiletet er at venstresida har forlate marxismen til fordel for ”the politics of Guilt”, og antikommunisten Gottfried er bortimot nostalgisk når han samanliknar dei arbeidarklassebaserte kommunistpartia i Italia og Frankrike med det som kom etter. Sjølv om europeisk venstreside ofte er erklært fiendtlege til USA, er den ideologiske ballasten deira meir og meir importert, amerikansk multikulturalisme. For folk som meiner at dei marxistiske partia faktisk hadde ein positiv historisk funksjon og hadde rett i viktige spørsmål er Gottfried sin kritikk heilt nødvendig å få med seg. Gottfried sin kritikk er intellektuelt redeleg og skarpsynt, og vil vera av verdi uansett kva ein elles meiner om europeisk marxisme.

Ein av grunnane til at Gottfried er bortimot nostalgisk når det gjeld dauden til dei gamle, marxistiske arbeidarklassedominerte partia i Frankrike og Italia er truleg at han sjølv vart politisk marginalisert i same periode, av liknande krefter. I utgangspunktet var Gottfried positiv til ein del sider av den nykonservative idelogien, trass usemjer. I perioden fram til Reagan vart valt av ein breid koallisjon heldt denne godviljen seg. Men på åttitalet byrja det Gottfried kallar ”dei konservative krigane”, og den eldre konservatismen vart skvisa ut av dei nye ”konservative”. Gottfried spela ei rolle i desse bysantinske korridoroppgjerdene, og var sjølv kandidat til formannsskapet i ”National Endowment for Humanities” i siste helvta av åttitalet – eit verv som i staden gjekk til Lynne Cheney. Tidleg på nittitalet kom denne gjensidige fiendskapen ope til overflata, og Pat Buchanan sitt forsøk på å bli nominert som republikansk presidentkandidat i 1992 var i hovudsak eit oppgjer med dei nykonservative. Buchanan gjekk ope ut mot den første Irak-krigen, og mot israellobbyen. Men dette opprøret kom for seint til å påverka utfallet: Dei nykonservative konsoliderte grepet om det republikanske partiet, og dei gamalkonservative vart skvisa ut. Etter den yngre Bush sin ”krig mot terror” vil ikkje Gottfried ta i det republikanske partiet med eldtong.

Etter kommunismens fall har såleis dei nykonservative vore Gottfrieds fremste politiske fiendar – fiendar han gjerne ausar polemikk og sarkasmar over. Men det er truleg også dette svært anstrengte tilhøvet som har vore drivkrafta bak Gottfrieds kanskje beste bok dei seinare åra: Boka om Leo Strauss og den konservative rørsla i USA. Strauss-elevane er den intellektuelle ryggraden i den nykonservative rørsla i USA. Dei nykonservative propagandistane arbeider rundt om i presse, tidsskrift- og tenkjetankverda: National Review, Commentary, Wall Street Journal, American Entreprise Institute m.fl. Dei straussianske akademikarane har forskansa seg på ei rad amerikanske universitet, og sidan dette er ei rørsle med tydeleg disiplin gjer straussianarane mykje av seg når det gjeld diskusjon om politisk teori og USA sin plass i verda. Claremont Institute spelar rolla som koordinator av rørsla. Dette var den nykonservative gaukungen som gjorde Gottfried politisk heimlaus i det republikanske partiet.

I sitt portrett av Leo Strauss dreg Gottfried vekslar på sitt omfattande kunnskapsfelt, og følgjer Strauss frå oppveksten som ”halbassimilant”, (halvvegs assimilert jøde)i det keisarlege Tyskland, via intellektuell mogning i eit miljø som i stor grad var jødisk og prega av mellom anna Rosenzweigs nyortodokse jødiske filosofi til Strauss sitt tilhøve til dei verkelege intellektuelle tungvektarane i tysk akademia i mellomkrigstida: Schmidt og Heidegger. Deretter flukten frå Tyskland og forteljinga om Strauss som ei amerikansk suksesshistorie med base på universitetet i Chigago. Gottfried gjergrundig greie for Strauss si politiske tenkjing – både dei sterke sidene som følgjer Strauss sin sentraleuropeiske ”Bildung”, og dei lausare funderte kjeppehestane. Gottfried løyner ikkje at Strauss sitt livsverk inneheld svært lesverdige bøker, og at nokre av ideane til Strauss er kan vera svært nyttige verktøy. Samstundes inviterer den straussianske hermenautikken til å kveste ulike epokar sin filosofi ned i den same prokrustessenga, og den straussianske visjonen blir fort ”groupthink” der naudsynt meiningsbryting blir polemisert bort i evig kamp mot ”ytre fiendar”. Slik har straussiansk ideologi nokre parallellar til liknande ideologiske svinefylkingar – som td. marxismen-leninismen eller Wilson-tidas messianske intervensjonisme i USA.

Boka om Strauss er ikkje nokon polemikk, det er ei forbilledleg skildring av samanheng mellom liv, tenkjing og historie hjå ein tysk-jødisk politisk tenkjar som var djupt prega av det tyske havariet, men som først og fremst grunnla ei etter måten stram ideologisk skule i USA. Strauss-elevar som Allan Bloom og Harry Jaffa har vore sentrale deltakarar i amerikansk samfunnsdebatt i fleire tiår, og også neste generasjon straussianarar, som Francis Fukuyama, er namn som bør vera kjent for folk som følgjer amerikansk samfunnsdebatt. Gottfried syner i detalj korleis det ideologiske fundamentet for denne rørsla vart til, forma av ein særmerkt tenkjar i ein særmerkt overgangsperiode.

USA er ein annan stad – amerikansk ideologi og politikk følgjer andre tyngdelover enn dei du finn i Europa. Samstundes har USA hatt ein enorm innverknad på europeisk tenkjing dei siste generasjonane. For europeisk venstreside har dette vore ei blanda velsigning, og vi har enda opp i eit eurokratisk regime som har slept taket i det folkelege og demokratiske grunnlaget for europeisk venstrepolitikk. Samstundes har USA slege inn på ein veg for global, militær dominans, der ein gjennom bruk av valdsmakt driv misjon for eit amerikansk ”endeleg løysing” på alle samfunnsproblem, ein ferdig modell med røysterett og frihandel som skal garantera evig fred når berre motstanden er nedkjempa.

Eg trur det verkeleg radikale venstre og det verkeleg konservative høgre har nokre sams interesser i dette biletet. Ikkje minst er desse interessene knytt til å forstå dei ideologiske drivkreftene i imperiet, både i sin europeiske og sin amerikanske variant. Hegemoni er naturlegvis vanskeleg å hanskast med: Ideologiske hegemoni er jo nett prega av at ein kan forma sjølve tankelovene i den politiske prosessen. Skal ein forstå det ideologiske hegemoniet, både i sin eurokratiske og sin imperiebyggjande, amerikanske variant trur eg Gottfried er ein viktig tenkjar å få med seg. Gamle marxistar som ønskjer intellektuell utfordring bør elles unna seg å lesa ”The Strange Death of Marxism”. Og den som ønskjer å forstå den nykonservative ideologien som gav oss ”krigen mot terror” bør lesa boka om Leo Strauss.

I ein tidlegare kommentar omtala eg den grunnleggjande boka i jødisk tradisjon, Misjna, som anti-historie. Den nykonservative epoken i vestleg historie er på same viset prega av anti-historie. Francis Fukuyamas ”End of History” er berre eitt av mange symptom på ei forarming av ideologiske ordskifte i den vestlege verda, der røynleg meiningsbryting blir erstatta av stigmatisering og utdefinering, medan dei som dominerer det offentlege rommet for det meste er middelmådige etterplaprarar av det slaget den unge Gottfried kalla ”liberale fascistar”. Lagnaden til framståande akademikarar som Ariel Toaff og Norman Finkelstein er utprega døme på dette forfallet. Medan Europa var prega av kniving mellom historisk medvitne høgre- og venstresider med røter i førmoderne stender og levande arbeidarrørsle, er USA prega av ein intolerant, liberal middelklasse av det slaget Toqueville skildra på midten av attenhundretalet. Etter kvart som tyngdepunktet i vestleg tenkjing har flytta frå Europa til USA, har amerikansk tenkjing i større og større grad vorte importvare i Europa. Etterkvart har vi fått den same ”skuldkjenslas politikk” på venstresida, og den same militaristiske, misjonerande ”konservatismen” på høgresida som ein fekk utvikla langt tidlegare i USA. I neste omgang vil den europeiske arbeidarklassen bli dumpa på same vis som den amerikanske vart på sytti- og åttital.

Det er ikkje merkeleg at venstresida har kjent seg avmektig andsynes dei mektige økonomiske, tryggjingspolitiske og sosiale kreftene som er slept laus i denne prosessen. Men på vegen har venstresida utvikla eit sett med blinde flekker, tabu og sjølvforsvarsmekanismar som like mykje er til hinder som til gagn. Skal ein bli medvitne om desse er eg heilt sikker på at dr. Gottfried har medisin som duger. Skal ein forstå sionismen sin plass i imperiet – eit spørsmål eg vil koma tilbake til – er Gottfried ein god vegleiar avdi han kjenner det jødiske USA og sin eigen religion (Gottfried er sionist, utan å vera frykteleg opphengt). Og Gottfried er ikkje redd for å anerkjenna redelege intellektuelle som Tony Judt, Norman Finkelstein, Joseph Sobran og andre som har vorte utsett for sionistisk gjørmebryting – trass i at han politisk har plattforma si ein heilt annan stad enn mange av desse.

Mennesket har føter, ikkje røter, sa ein kjend forfattar for nokre år sidan. Det er svært tøvete sagt. Mennesket har røter: Alle menneske har identiteten og sjølvforståinga si bunde til ei fortid som er knytt til stad, ei fortid som både kan gjera oss stolte og skamfulle, og som gjev oss ein målestokk for å forstå samfunnet. Det gjeld anten desse røtene er i nord-norsk småbrukarsamfunn og anleggsarbeidarkultur slik det er for underteikna, eller om desse røtene er i mellomeuropeisk, jødisk ”Bildung”, slik det er for Gottfried. Gottfried er ein tenkjar som evnar å setja politiske idear i samanheng, og gjera oss medvitne om desse røtene. Det globale liberale imperiet er i ferd med å rykka opp alle røter, stigmatisera alle avvikande referansepunkt og klemma flat historieforståinga vår. Den nyliberale verda er i ferd med å gjera oss til drivande kork, til individualiserte konsumentar som berre deler ei religionserstatning bygt på skuldkjenslas politikk og frihandelsdogme. Der det finst motstand mot denne religionserstatninga set ein inn militær makt.I denne prosessen er eg sikker på at arbeidarklassen og den historiske venstresida har ein god del sams interesser med dei verkeleg konservative.

Vi lever alle i den skodda det nyliberale prosjektet og den moderne, globale medieindustrien har lagt over det politiske landskapet. Når skodda har lagt seg, er du avhengig av kompass. Kompasset peikar ikkje alltid dit du skal, men det gjev ein fast referanse. Om venstresida ønskjer eit godt kompass, er Paul Gottfried eit godt val. Han er eit ærleg, sanningssøkande og redeleg menneske. Og han har utført livsverket sitt svært nær dyrets hjarte og hjerne.

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Njål Kristiansen

140 innlegg  18356 kommentarer

Publisert nesten 3 år siden

Jeg får lyst til å spørre etter å ha lest denne forelesningen, hvordan kan dette operasjonaliseres til noe i dag?

Svar
Kommentar #2

Ole Jørgen Anfindsen

168 innlegg  2030 kommentarer

En god og viktig artikkel

Publisert nesten 3 år siden

Takk til Brendberg for en glimrende artikkel om Gottfried! Jeg er hjertens enig med ham i at flere samfunnsinteresserte mennesker med fordel kunne utvide sin intellektuelle horisont ved å lese Gottfried.

Brendberg er tydeligvis svært mye mer belest enn meg på dette feltet, men jeg tillater meg å nevne min egen VD-artikkel Paul Gottfried - War and Democracy (med en rekke lenker til videre lesning).

Og her er et interessant sitat fra Gottfried, mer relevant enn noen gang før:

I have never shared [Larry Auster's] fierce revulsion for all Muslims as bearers of violence and hatred. I have known practicing Muslims for most of my life, and among them I have numbered personal friends. I have also never perceived any signs of violence or malice in dealing with these Muslims. [...] Although I agree with Larry about the need for a moratorium on immigration, particularly from Latin America, and although I share his view that decadent, childless Europeans are committing physical and demographic suicide by repopulating their countries with lower-class Muslims, who often incline toward Islamic Fundamentalism, I strongly dissent from his unqualified generalizations about adherents of Islam.

Svar
Kommentar #3

Arnt Folgerø

12 innlegg  247 kommentarer

Publisert nesten 3 år siden

Det er oppløftande at folk her til lands byrjar å få auga opp for Paul Gottfried's glitrande analysar av dei postmoderne, vestlige demokratia. Eg har ikkje vori borti nokon som til dei  gradar har trengt gjenom det politisk korrekte sløret som i dag ligg som ei tung skodde over den såkalla diskursen og den politiske røyndomen i dei vestlege samfunna, der indoktrineringa har nådd dei same høgdene som i totalitære regime vi ikkje ynskjer å samanlikna oss med. Kritikk av det politisk korrekte i vårt samfunn  prellar av fordi vi lever i eit samfunn der me har "valt" indoktrineringa sjølv på demokratisk vis. Med sjølvvalt indoktrinering, slik Gottfried påpeikar, stengjer ein av for demokratisk debatt, og kritikk vert avvist som umoralsk og inhuman. Dei politisk korrekte har altså sikra seg monopol på moralen og på humanismen av di dei på breid basis har fått gjenom trua på at politisk korrektskap=moral= humanisme. Gottfried syner korleis det er mogleg i det som til no er den beste analysen av korleis den politisk korrekte forståinga som har vokse fram dei vestlege, postmoderne samfunna, namnleg: "Multiculturalisme and the policy of Guilt".

Eg er samd med Brendberg i at den såkalle paleokonservative Gottried er eit godt kompass for venstresida som har gått seg heilt vill i den ideologiske slagmarka som rår i dag, men med eitt atterhald. Eg veit ikkje kva Brendberg meiner med venstresida, eg veit berre at dei som i dag definerar seg som venstreside, ikkje er det ut frå mi forståing av kva ei venstreside er og bør vera. Den økonomiske og sosiale røyndomen i dag er på eit anna nivå av kapitalismen og er skrudd samen på ein annan måte enn den var for berre 50-60 år sidan. Men det er denne forgangne tida som er utgangspunktet for den såkalte venstresida i Noreg i dag, heilt uhaldbart. Det er mi von at ei ny vensteeside veks fram, ei venstresida som ser at analysane til folk som til dømes frankfurtaren og den borgarlege idealisten, Jürgen Habermas, er heilt bak mål.

At ein kan lesa om folk som Gottfried på ein nettstad som verdidebatt, seier mykje om kor framandgjort dei utstøytte frå den såkalla venstresida i Noreg er. Verdidbatt er jo ein nettstad som dominerast av folk som nyttar Bibelen som lærebok i økonomi og som gjer individmoralen i Bibelen til statsräson, og der den borgarlege snusfornuften frå såkalla samfunnsdebattantar går amok i spaltane, samtidig som marxistar som Jørgen Sandemose og Jan Hårstad finn plass for sine analysar.   Og godt er no det, på ein måte, det gjer at ein kan ha litt von for det norske "demokratiet". For å driva med litt eigenreklame legg eg ved linkar til ein artikkel eg har skrive der eg dreg vekslar på innsikter frå den gode Gottfried, og til ei annan artikkel om møtet mitt med kan hende den mest innflytelsesrike av dei neokonservative politikarane i USA dei siste 30-40 åra, "The prince of Darkness", Richard Perle. 

 https://www.document.no/2013/10/noe-rattent-re-gjaerer-i-kongedommet-norge/

https://www.document.no/2014/06/prince-of-darkness-get-the-hell-out-of-here/

Svar
Kommentar #4

Per Steinar Runde

197 innlegg  2211 kommentarer

Interessert, men litt skeptisk

Publisert nesten 3 år siden

Takk til Brendberg for eit interessant innlegg! Eg trur gjerne Gottfrieds tankar kan gje betre forståing av samtida, men eg vil i så fall lesa han med eit kritisk blikk. For sjølv ideologikritikk kan gje oss ein forenkla modell av den samansette røyndomen. Frå studietida 1968-74 har eg ein djup skepsis til alle luftige teoriar og forsøk på å setje livet og verda på formel, slik intellektuelle har ein tendens til. Det er kanskje derfor eg er så lite skulert i samfunnsvitskapleg teori. Nettopp Marcuse og boka hans om det eindimensjonale menneske var som ein "Bibel" for mange medstudentar i slutten av sekstiåra.

Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Dag Løkke kommenterte på
Er universet evigvarende?
1 minutt siden / 182 visninger
Bjørn Blokhus kommenterte på
Venstre og KrFs sjel
4 minutter siden / 2565 visninger
Mette Solveig Müller kommenterte på
Internett gjør oss dummere
5 minutter siden / 4107 visninger
Hermod Herstad kommenterte på
Internett gjør oss dummere
10 minutter siden / 4107 visninger
Rune Holt kommenterte på
Internett gjør oss dummere
16 minutter siden / 4107 visninger
Sigmund Svarstad kommenterte på
Er universet evigvarende?
20 minutter siden / 182 visninger
Mette Solveig Müller kommenterte på
Internett gjør oss dummere
38 minutter siden / 4107 visninger
Øivind Bergh kommenterte på
Internett gjør oss dummere
rundt 8 timer siden / 4107 visninger
Sigmund Voll Ådnøy kommenterte på
Revival - fra Gud?
rundt 9 timer siden / 1483 visninger
Øivind Bergh kommenterte på
Internett gjør oss dummere
rundt 9 timer siden / 4107 visninger
Robin Tande kommenterte på
Revival - fra Gud?
rundt 9 timer siden / 1483 visninger
Hans Petter Nenseth kommenterte på
Internett gjør oss dummere
rundt 9 timer siden / 4107 visninger
Les flere