Verdidebatt

Hersketeknikker og kommunestyre

Apropos hersketeknikker i kommunestyrene - og en praksisk og teoretisk tilnæring

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I desse dagar har Kommunal-og moderniseringsdepartementet eit prosjekt. Føremålet er å auke kvinneandelen i kommunepolitikken.

Mange kommunar, som Sykkylven, har ein kvinneandel i kommunestyra på under 30%, noko som utgjer eit problem for demokratiet og likestillinga. Som eit ledd i dette prosjektet heldt forskar ved Institutt for samfunnsforskning, Guro Ødegaard, eit foredrag på kommunestyre-møtet i Sykkylven 22.9.14.

Sidan dette var eit ope møte, benytta eg sjansen til å høyre ein anerkjent forskar forelese om eit interessant tema. Lite visste eg KOR lærerikt dette skulle bli. Etter å ha vore tilskodar under foredraget og debatten som fulgte, og snakka med nokre folk der i etterkant, vil eg no dele mi oppleving av møtet med dykk. Temaet for foredraget var årsakane til at det er så få kvinner i lokalpolitikken, og korleis ein kan få fleire kvinner inn i politikken. Årsakane er sjølvsagt mange og kompliserte.

Men ein av grunnane som forskaren navnga, var uformell diskriminering, f.eks. hersketeknikker. Dette kan gi seg utslag som i to av hersketeknikkane; kvinner blir usynliggjort og latterliggjort, heilt til dei ikkje orkar meir.

Ein annan årsak er ein ukultur, der menn snakkar saman; ein slags "old boys' club». Ifølge forskninga blir også kvinners meininger i politikken i større grad tekne på kjønn og person, ikkje sak. Alle partia vart så oppfordra, og gjekk på talerstolen og snakka varmt om eit engasjement for å rekruttere fleire kvinner; Dei hadde fokus på det, men det var vanskeleg.

Etter foredraget inntok Synnøve Ramstad, representant frå Høgre, talerstolen og fortalte at ho hadde opplevd mykje av det forskaren snakka om. Ho meinte seg oftare "tatt" på kjønn og person, og snakka om ein ukultur der mennene utelet kvinnene. I eit sterkt innlegg fortalte ho om si mangeårige karriere i politikken – og etterlyste meir respekt for kvinnelege politikarar.

Ein annan kvinneleg representant sa frå talerstolen at også ho også kjende seg godt igjen i denne framstillinga. Ein mannleg representant frå FrP kom så med ein replikk til Ramstad. Når det gjaldt hersketeknikker (mot kvinner), kunne han fortelle at dette hadde i alle fall ikkje HAN kjent på (den mannlege) kroppen. Vidare meinte han at Ramstad sin kritikk nok skuldast visse karaktertrekk ved hennar person (fokus på person), og at det nok var det at Ramstad er kvinne ( fokus på kjønn), som gjorde at ho, slik andre kvinner (generalisering over kjønn), ikkje tålte kritikk så godt.

- Kvinner har rett og slett ikkje ei så rak ryggrad som menn, var denne mannlege representantens sin faglege konklusjon etter forskaren og Ramstad sine innlegg. I pausa etterpå, gjekk samtalen føre seg i meir uformelle former. Nokre menn eg snakka med, gjentok at dei slett ikkje "kjende seg igjen" i korleis kvinnene blei behandla. (Dette kan muligens tilskrivast det faktum at desse mennene faktisk ikkje ER kvinner).

Dei var heilt uenige i at Ramstad blei tatt på person og kjønn - men samstundes måtte eg jo hugse på at Ramstad (som person) jo alltid hadde vore ei av desse kvinnene (kjønn), som var "ei slik rødstrømpe" (sak?). Det faglege innhaldet i foredraget, som vi jo egentleg var der for å høyre om, vart ikkje nevnt.

Nei, når mennene snakka i lag, var dei hjartens einige i at "dette ikkje var eit problem» (usynliggjering). Det verka faktisk som om dette, og Ramstads innlegg, var beint morosamt! I alle fall vart det himla med augene og jammen fekk mennene seg ein god latter også (latterleggjering).

Sjølv om Ødegaard haldt eit veldig interessant foredrag, er det jo slik at ein lærer meir ved å sjå ting i praksis. Og når det gjeld hersketeknikkar og usynliggjering, fekk vi mange lærerike eksempel på dette etter foredraget. Det ironiske her, er at medan mennene eg snakka med, og som snakka frå ein offentleg talerstol, gjorde sitt beste for å forsikre oss at "dette ikkje var eit problem", viste måten dei gjorde det på at både forskaren og Ramstad hadde heilt rett.

Sjølvsagt kunne eg ha sagt takk, til dei aktuelle mennene, for denne praktiske innføringa i korleis lokaldemokratiet eigentleg fungerer, og for interessante innblikk i temaet "kvifor held kvinner seg unna lokalpolitikken".

Men saka er jo ikkje så ironisk eller morosam som eg skildrar her. Eigentleg er det berre trist. To kvinner går på talerstolen i kommunestyret og fortel at det er hardt å vere kvinner i lokalpolitikken. Dei fortel om ein ukultur som gjer at dei nesten ikkje orkar meir. Forskaren stadfestar at ein må anerkjenne slike vitnesbyrd for å forstå kvifor kvinner ikkje vil inn i politikken - og kvifor kvinner beviseleg gir seg i politikken etter kortare tid enn men. For her er skildra både ein stor del av årsaka - men også ei mogleg løysing. Men dessverre tok ikkje mennene dette alvorlig.

Det er kanskje ikkje så viktig i å henge seg opp i kven som sa kva, verken no eller for 20 år sidan. Det viktigaste er kva ein gjer med problemet NO. Det er enkelte som må vakne opp (kanskje spesielt dei to-tre mennene som nytta høvet til ein lur under foredraget). Dei må skjønne at dei sjølve, og deira reaksjon på Ramstads innlegg, er ein del av problemet. Det hjelp lite å melde seg på projekt og invitere forskarar, når ein ikkje høyrer på deira faglege råd. Det hjelp lite med fine ord om å ville rekruttere kvinner, når ein med kommentarar og hersketeknikkar viser at dette engasjementet ikkje stakk så djupt.

Til media vil eg seie; det er bra at dykk skriv om det, slik som forskaren anbefalte. Likestillings- spørsmål må dekkast og takast på alvor Ver bevisst det oppdraget som media har, som samfunnets vaktbikkjer.

Følg Ver-varsom-plakaten og tenk på å formidle nøytralt og ikkje bygge opp under stigma og fordommer i samfunnet. Til mennene og kommunestyret vil eg seie: Begynn med det forskaren sa; Lytt til desse historiene. Ramstad fortalte om hersketeknikkar, og ho fortalte om mangel på respekt. Ta det til dykk, dei det gjeld - om det no ER ein vilje til å auke kvinneandelen i kommunestyret.

Til kvinnene som les dette vil eg seie: Sei ja, om du blir spurt om å stille på ei liste. Bli med å gjere det lettare å vere kvinne i politikken. Dess fleire kvinner det blir, dess lettare kan vi snu denne ukulturen. For slik som det eg observerte på dette møtet, slik kan vi ikkje ha det i Sykkylven.

Til slutt vil eg rette ein stor takk til Ramstad for alle desse åra ho har vore aktiv i politikken; for alt ho har tørt og alt ho har tålt for andre kvinner. Det kan ikkje ha vore lett.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt