Verdidebatt

Ansvarslaust av Dagbladet

Fleire namngjetne politikarar og embetsmenn blir skulda for spionasje i Dagbladet. Soga skulle lært avisa at KGB frå Stalin-tida og dei svartaste åra av den kalde krigen ikkje er dei ein skal stole mest på.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg ringeaktar sjefredaktør John Arne Markussen si avgjerd om å skulde kjente nordmenn for spionasje på grunnlag av Mitrokhin-arkivet. Dette er ikkje eit arkiv, men notat som avhopparen Vasilij Mitrokhin skreiv medan han var arkivar i KGB.

Mitrokhin kan godt ha vore ein ærleg mann, men notata hans har ein strukturell mangel som burde få Dagbladet til å visa varsemd.

  • Det er kjent at KGB-offiserar gjerne pynta på rapportane sine for å auke eigen posisjon i systemet. Difor kan det stillast spørsmål ved arkivarens kjeldegrunnlag. Vi veit ikkje om han skreiv om fakta eller fiksjon.
  • Førebels har ikkje Dagbladet vist til originaldokument eller kopi av desse. Mitrokhin sjølv er ei sekundærkjelde, som ikkje var nær hendingane han har skrive om.
  • Personane som Dagbladet trekkjer ned i søla er daude, og har ingen til å verne sine interesser.
  • Fleire skal ha vore overvaka, utan at det er funne grunnlag for påtale, disiplinære tiltak, omplassering eller avskil frå stilling. Det fins heller ikkje no prov på at dei har gjort dei grove brotsverka som Dagbladet skuldar dei for.

For levande, og truleg for daude, gjeld den såkalla skuldlaus-presumsjonen. Til brotsverk er provd utanfor rimeleg tvil, er ein person skuldlaus. Moderne Dagbladet bryr seg lite om dette. Dei lærer heller ikkje av sine eigne feil.

Verst gjekk det med Tore Tønne som tok sitt eige liv etter at Dagbladet og saueflokken bak dei dreiv han utfor stupet, på eit grunnlag som smuldra heilt etterpå. Daude får vi ikkje tilbake, sjølv om sanninga endrar soga. Mest like ille gjekk det Erik Schjenken, som vart berga av miljøet kring seg, og som slo attende. Denne saka fylgde eg sjølv på nært hald og har skrive om i tekstboks Mediemobben.

Fleire gonger har avisas journalistar vore uærlege. Teknikken som mellom anna ein av forfattarane i spion-saka har nytta tidlegare, er å ta informasjon ut av samanhengen, hausse han opp med sterke adjektiv, setje informasjonen inn i ein ny samanheng som gir lesaren skeivt inntrykk. Deretter nyttast skeiviunformasjon som grunnlag for kommentarar frå samfunnstoppar. Dette er fusk som ein gjerne ser i propaganda, men som ikkje sømer seg i opplysande journalistikk.  (Eg vil sjølv prove dette for moderator, om han finn påstanden for sterk for verdidebatt. Men både journalisten og førre redaktør Lars Helle vart konfrontert med dette, og eg er klar for å informere Dagbladets noverande redaktør om han skulle ynskje det. Mi skulding her er likevel ikkje så alvorleg som Dagbladets eigne skuldingar opp gjennom åra, slik at moderator bør syne takhøgd for mi ytring her). No skal og seiast at det i dette teamet fins journalistar eg høgaktar for integritet gjennom mange. Eg vonar dei kan halde kvarandre i øyro. Hovudkritikken min går på publiseringa i seg sjølv.

Eit anna eksempel på liknande fusk er Schjenken-saka der Dagbladet vart dømt til erstatning. 
Dagbladet har på leiarplass tidlegare teke avstand frå  tilsvarande det dei sjølve no lagar sensasjon av. 14.mars 2014 kritiserte dei at folk som var mistenkte for landssvik på Liste nr 1 skulle hengjast ut på mistanke. Eg og problematiserte dette i kommentaren Ein bauta på Liste nr 1. No gjer dei same synda sjølv.

Dette handlar ikkje om skuld eller uskuld, men om skitkasting utan at prov fins, og utan  at dei uthengte kan svare for seg. Då er det berre born, borneborn og oldeborn som får svi. Dette er ikkje i tråd med human handtering av medmenneske. Sensasjon utan omsyn til sensasjonens pris er ikkje ein verneverdig del av pressefridomen, tvert om, det er misbruk av pressemakt.

Terje Marøy

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt