Verdidebatt

Bibelen for dummies

Mange påstår at Bibelen er innfløkt og uforståeleg og at Gud er mystisk og uransakeleg. Tåkelegging kallar vi slikt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dette er som eit ekko frå Edens hage: Har Gud VIRKELIG sagt at dere ikke skal spise av noe tre i hagen?  Dette er første spørsmålet i Bibelen  og impliserer at det er viktigare å «tolke» (problematisere?) kva Gud har sagt enn å stole på at han er artikulert nok til å uttrykke seg forståeleg. Den listige slangen lanserte ideen om at det ikkje er uproblematisk å berre stole på  det Gud har sagt. Den vakne bibellesar vil legge merke til sitatfusket som avviker frå Guds «klare ord»: Du kan spise av alle trærne i hagen (…). Du har misforstått, Eva! seier slangen. Du skal slett ikkje dø! Du skal bli lik Gud. Og det kan vel ikkje vere så ille? Hadde kanskje Eva misforstått Adam (som var den som tok imot instruksen frå Gud) i og med at Adam vart sekundærkjelde for Eva? Kanskje Adam var litt slumsete då han informerte Eva og skulle gjengi Guds ord? I så fall ikkje rart at slangen valde Eva som bytte. No big deal å få på kroken ein som berre har ei omtrentleg forståing av kva Gud har sagt.

Bibelen er heldigvis meir forståeleg enn mange synest å meine. Men vi bør stille oss dei følgjande tre spørsmåla når vi les:

1. Er det vi les talt inn i ein GT-leg eller ein NT-leg kontekst? For eksempel: Når Elia i 2. Kongebok 1 befaler eld å fare ned frå himmelen og gjere ende på hundre mann, er det noko som er utenkeleg for Jesus i Luk 9. Jakob og Johannes får så hatten passar for berre å nemne ideen. Dere vet ikke hva ånd dere er av, refsar han dei. For Menneskesønnen er ikke kommet for å ødelegge menneskeliv, men for å frelse (v. 55) Med andre ord skulle disiplane i den nye tidsalder (pakt) ikkje ta med seg GT-leg tankegods inn i det nye paradigmet. Alt til sin tid. Bibelen har loggført Guds progressive openberringshistorie og er sin eigen kritikar. Bibelen hevdar nemleg at GT er som ein «skygge» i forhold til the real thing som begynte etter (sic!) Jesu død.

2. Les vi med hjartet?  Ønskjer vi seriøst å finne ut kva Gud «meiner» om dette og hint, vil vi garantert finne ut av det. Augustin sa at porten inn til Guds ord er så lav, at vi må bøye oss for å komme inn. Men først må du bli «født på nytt», bli ein «ny skapning», for då får du Heilaganden på innsida. Han skal lære dere alt, står det. Viss ikkje denne forutsetninga blir oppfylt, kan du like gjerne studere andre «religiøse» skrifter eller nyttige skriverier som «Veien til båtførerprøven». For det evige livet er å kjenne Deg, den eneste sanne Gud, og Han du utsendte, Jesus Kristus. Dette er ikkje kognitiv kunnskap, men inneber eit intimt og erfarbart forhold til han som skapte deg  og held deg i live. I Ham er det vi lever, beveger oss og er til.

3. Les vi verset i sin sammenheng? Les versa både før og etter. Ver rasjonell, grundig og etterretteleg. Ikkje berre leit etter argument «for eller mot homofili». Det finst viktigare ting i livet enn «meiningar» vi kan bruke som ammunisjon for å skyte med. Bibelen er ei farleg bok. Du kan alltid finne noko i Bibelen som kan bekrefte eit hvilket som helst synspunkt og legitimere ein hvilken som helst livsstil. Derfor er Bibelen berre av relativ interesse viss du ikkje les han som ei billedbok, der du ser Jesus på kvar ei bladside.

Han er jo «navet» som alle «spilene» peikar inn mot. Viss det ikkje er Jesus som er «prosjektet» for all lesing av Bibelen, så kan vi like godt lese Pondus som Paulus. For viss det er skattekartet vi let oss fascinere av og ikkje skatten, så er vi på bærtur. Om det var Betlehemsstjerna dei vise menn knelte for, så ville det ha vore fullstendig skivebom. Dere gransker skriftene (…). Men dere vil ikke komme til meg slik at dere kan ha liv, sa Meisteren irettesettande til dei sprenglærde som kunne store delar av GT utanboks. Det viktigaste vi kan hente ut av Bibelen, er at Gud vil at alle menneske skal bli frelste og ha nærkontakt med sin Skapar, men at dessverre dei fleste sjølvforskyldt går fortapt. Men ingen homse går fortapt på grunn av sine «skeive synder» og ingen klerus blir frelst på grunn av sin bibelkunnskap. Begge ligg derimot tynt an om dei klarer seg utan Jesus. Det einaste vettuge for lek og lærd, uansett fil, er derfor å respondere på evaggelion (den gledelige overraskinga, som nesten er for god til å vere sann) og invitere Jesus inn i sitt liv. Så banalt. Så naivt. Så livsviktig.

Det er ikkje dei velutdanna, kloke og forstandige, men dei enkle og lettare møblerte som forstår Bibelen og har tilgang til Guds rikes skattar og løyndomar (Luk 10,21).

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt