Verdidebatt

La kjerkene brenne

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kjerka er gammal, men ho er ikkje lenger Hans hus. God has left the building. For Den høgste bur ikkje i hus som er laga med hender, men slår seg til inne i kroppen  til kvar den som inviterer han inn. Dette er den nye pakts vidunderlige mysterium. Vet du ikke at det er DU som er Guds tempel og at Guds Ånd bor i DEG?Dei fjonge fjørene som kjerka i fleire hundreår har pynta seg med har lenge nok gjort nytten som fikenblad.Kanskje oppfatninga av Guds «hus» er ei tankebygning vi før jo heller skal la gå opp i røyk? Kjerkebrannane på 90-talet var brutale ut ifrå eit kulturskattperspektiv. Rå kriminalitet. Men om Gud også kan tale gjennom andre kanalar enn Bibelen og skaparverket, kunne han hatt noko å melde til sitt folk i kongeriket gjennom desse brannane?

Kjerka har blitt ein størrelse som eksisterer uavhengig av Bibelen, ein satellitt, ein konstruksjon med sin eigen agenda. Vi er i ferd med å miste ein generasjon fordi kjerka har gjort den gamle boka irrelevant.  Har Gud virkelig sagt? betyr lite og inkjevetta for dei fleste. Er det ikkje ekkoet frå slangen i hagen vi høyrer også i dag? Eller kva har Paulus å stille opp med når bispekollegiet har sagt sitt, eller lærde på MF og TF, eller kongregasjonskomiteen i Roma? Anemisk og utvendig gudsdyrking er som brekkmiddel for Vårherre. Konfirmanten får sin bibel, men Boka er usynleg når kjerkefolket kjem saman. Er det dette ein kallar hykleri, skal tru?

Er forresten kultus nødvendig? For kva skal vi med religion og heile kostebinderiet i og med at Jesus oppfylte alle bud og all meir eller mindre kreativ religionsutfalding (Det er fullbragt!)? Kor lenge skal løva burast inne og temmast av tomme  pontifikaliar som heller jublar over at kjerka snart får sitt digitale bibliotek med ei sing-a-long-øvingsplattform for liturgar enn brennhug etter å få gjere det umoglege, plyndre helvete og befolke himmelen?  Swing it i våpenhus og sakristi! Kor lenge skal vi leve i den gammaltestamentlege skyggen før vi kjem ut i det nye paradigmets underfulle lys og gjer dei same gjerningane som Han gjorde og befalte oss å gjere? Helbred syke, vekk opp døde, gjør spedalske rene og driv ut onde ånder! For intet har dere fått det, og for intet skal dere gi det!

Guds vreide fekk sitt endelege utløp og punktum på Golgata, som innleia den nye tidsalder. Før eller etter korset blir no alle tings målestokk. Jesus var ingen religionsstiftar, snarare ein religionsdödare og stod for ein irreligiøs og anti-institusjonell spiritualitet. Dere vil ikke komme til meg slik at dere kan ha liv, sa han til den teologiske ekspertisen. Går det an å snakke om Bibelens Jesus utan ved hjelp av religiøs innpakning? Kvifor slå «kristendommen» i hartkorn med «religion» når sistnemnde omgrep har vore ein anakronisme i snart to tusen år? Ein kategorifeil, spør du meg. «Kristendom» står det ingenting om i Bibelen, men har blitt ei ytre erstatningsgreie. Ingen var kristne på Jesu tid. Herren gjer ingen religiøs! Det er ille med bygningar som brenn. Verre er det likevel om det blir dei einaste flammane. Tunger som av ild viste seg for dem. Da ble de alle fylt av Den hellige ånd. Den dagen ble det lagt til omkring tre tusen mennesker.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt