Verdidebatt

Når sangen har stilna

Bunadskledde og glade barn, vaiande flagg og nydeleg korpsmusikk. Årets 17. mai og grunnlovsjubileum fekk ei aldeles strålande ramme. Vêret var for ein gongs skuld på vår side her på Vestlandet. Ein nydeleg dag vart det.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Likevel sat eg att med same kjensla i går, som eg har sete att med dei siste åra. Noko som plagar det sangglade og litt nasjonalromantiske menneske som eg er. Kvart år vrir det seg innvendig på eit tidspunkt på dagen eg før har vorte fylt med ære og stoltheit. Eg er glad i nasjonalsongen vår- ”Ja vi elsker dette landet”. For eg er faktisk oppriktig glad i landet mitt. Eg er utruleg glad og stolt av dette lille landet.

Difor vrir eg meg innvendig når sangen har stilna, når stemmene som skulle fylle skuleplassen ikkje høyres lengre, når lyden som fyller plassen er småprat framfor rungande song. Bryr vi oss ikkje lengre? Eller er det noko anna som ligg bak? Skuleelevane har øvd og øvd på nasjonalsongane. Likevel er ikkje stemmene deira sterke nok til å bryte gjennom småsumminga frå dei vaksne.

Dagen i går var strålande vakker. Likevel er eg uroleg for framtida. Ungane lærer på skulen at vi skal ha respekt for nasjonalsongen. På 17.mai ser dei vaksne som ikkje bryr seg. Er vi ikkje takksame? Gjev vi eigentleg berre blaffen? Kostar det oss så mykje å stemme i? Eg berre undrar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt