Leif Halvard Silli

69

Bandera og dagens Ukraina

Eg vågar påstanden at Bandera er mykje nærare kjernen i Ukraina-konflikten enn det mange i Vesten likar å gå ved. Utan at Vesten konfronterer den nasjonalistiske sida på dette. Heller ikkje Øyvind Strømmen har skjøna kor sentral Bandera er.

Publisert: 12. mai 2014

Øyvind Strømmen, nyhenderedaktør i «Hate Speech International», hadde 5. mars innlegget «Drømmen om Eurasia» i VG. Temaet i artikkelen er Aleksander Dugin, ein mann som representerer «ny-Eurasianisme» — ein slags motivasjonsidelogi for å støtta noko (nemleg Den russiske føderasjonen) som tilhengjarane vonar skal munna ut i noko anna (nemleg ein ny og større russisk føderasjon av meir eller mindre kommunist-fascistisk merke).

Etter mitt syn er Dugin si innflyting over den russiske opinionen overvurdert. Men Strømmen skriv eigenleg ikkje so mykje om Dugin. Den rolla Dugin spelar i Strømmens tekst er fyrst og fremst som diskreditør av Russlands posisjon andsynes «juntaen i Kiev»: Russland har her, i fylgje Strømen, mykje det same synet som Dugin, noko som viser — vil vel Strømmen seia — kor stor påverkand Dugin har.

Og der er me ved temaet for dette innlegget, nemleg kva Strømmen seier om «de nye regjeringsmedlemmene i Ukraina». Eg siterer:

  • Noen av de nye regjeringsmedlemmene i Ukraina kommer fra partiet Svoboda - som også spilte en ikke uvesentlig rolle i det ukrainske folkeopprøret mot Viktor Janukovitsj. Det er et parti som faktisk er tilhengere av Stepan Bandera, og som har røtter i ren nynazisme, røtter man ikke trenger å grave særlig dypt for å finne. Det er parti som inntil nylig - til liks med Dugin - også hadde et godt forhold til nettopp ungarske Jobbik.

Til dette er det berre å seia at hate speech-eksperten tek heilt feil: Fagninga av Stepan Bandera kan på ingen måte isolerast til partiet Svoboda eller Høgresektoren.

Kor sentral Bandera-ismen er i Ukraina-konflikten kan ein få ein glimt av ved å sjå på koss dei ulike delene av lander ser på fenomenet. I fylgje undersøkjingar Wikipedia viser til, er over 60% av av innbyggjarane i Galitsia (det gresk-katolske, vestlegaste Ukraina) svært positive eller stort sett positive til Bandera. I Sentral-Ukraina, irekna Kiev, utgjer dei same gruppene kring 13%. Medan det i Aust- og Sør-Ukraina berre er 1 – ein – prosent som er svært eller for det meste positive til Bandera.

Ein annan måte å forstå kor godteken Bandera-ismen er for dei nye Kiev-maktene er det faktum at vinnaren av «Oransjerevolusjonen», president Viktor Jusjenko, den 22. januar 2010 tildelte Bandera ordenen «Helt av Ukraina». Utnemninga vart kritisert av Europarådet. Og den nye presidenten, Janukovitj, lova å raskt få oppheva utmerkinga. Offisiellt vart heltestatusen teken bort i januar 2011. Dette var vanskeleg for mange å svelja fordi, som «Kyiv post» skreiv, Bandera for mange har «nær helgenstatus».

Jusjenko si blokk i parlamentet, Vårt Ukraina-Sjølvforsvars-blokka, gjekk heilt av skaftet for dette og omtala det som ein freistnad på å omskriva historia. Partifolka sette òg spørjeteikn ved den rettsavgjerda som danna grunnlag for å fjerna heltestatusen: «I don't know anymore if the country's legal system is Ukrainian».

Og rettsavgjerda må seiast ha vore ei heller salomonisk løysing på problemet ettersom Bandera vart frådømd statusen på reint formelle grunnar: han var ikkje ukrainsk statsborgar.

Likevel er reaksjonen mot det ukrainske rettssystemet svært interessant med tanke på det som skjedde våren 2014, før Janukovitsj gjekk av: Då sette Høgresektoren i gang eit reint pøbelvelde mot domstolane og andre i maktposisjon. Jamvel om det var ekstremistane som slo, trur eg mange å den meir høviske nasjonalistsida såg på rettstellet som illegitimt – «uukrainsk» – noko som i sin tur legitimerte framferda til ekstremistane.

Eg veit likevel ikkje om det er sant når same artikkelen hevdar at Ukraina-katolikkane har starta ein prosess får å få saligkåra Bandera. Men at ukrainsk-katolske prestar gjerne pyntar i heimen med portrett av Bandera, det bør ein kunna seia er dokumentert.

So dersom ein ynskjer å finna hylling av Bandera, er Ukraina framleis rette plassen å dra. Landet hyser fleire minnesmerke over honom. Og ikkje berre stytter og merkesteinar — russisk Wikipedia listar opp ikkje mindre enn 4 museum i Ukraina pluss eitt i London. Gater, mellom anna i Lvov, er òg oppkalla etter Bandera. Og Lvov fylkeskommune vedtok i mars 2012 å oppretta «Banderaprisen», som er ein (hald dykk fast) «nasjonsbyggjingspris»!

Hyllinga er absolutt sterkast i dei vestlegaste fylka i Ukraina — det vil seia vest for Kiev. Likevel, i 2008 i TV-prosjektet «Store Ukrainarar», fekk Bandera ikkje mindre enn 16,12% av telefonrøystene.

Kva so med den nye regjeringa? Har denne synt Bandera-revisjonistiske tendensar?

Russisk Wikipedia (som byggjer på ITAR-TASS) fortel at Ukrainas faste representant i SN, ambassadør Jurij Sergeev, måndag 3. mars påstod at den sovjet-russiske sida, under Nürnberg-prosessane, kom med falske fakta om Bandera-folka. Sergeev har vore SN-ambassadør sidan 2007 – under skiftande regjeringar – og tykkjest soleis å vera ein sers lydhøyr ambasssadør – alltid i stand til å framføra den sitjande regjeringa sitt syn på sakene. Eg går difor utifrå at han her framførde den nye regjeringa sitt syn.

Alt i alt synest eg difor det er liten grunn til å festa lit til Strømmen si forsikring om at det einast er ein liten og uviktig del av dei nye Kiev-maktene — partiet Svoboda — som hyser godhug for Bandera.

Strømmen treng i det heile ikkje å avgrensa seg korkje til ukrainske eller vestlege høgreekstremistar for å finna folk som sympatiserer med Bandera. Eg vil råda honom til å utvida horisonten. Jamvel om det ikkje finst nokon nåde for våre eigne Quislingar — for ikkje å snakka om våre norske, kommunistiske «menn i mørket» — vil eg hevda at norske militære, diplomatar og politikarar har ein hang til å sjå litt mellom fingrande på det når dei støyter på aust-europearar som hyllar figurar av Bandera-typen: kommunistmotstandarar med nærleik (eller «proximity» som engelsk Wikipedia seier om Dugin) til fascismen.

Frigjeringsdag eller Banderadag?

I russiske media/bloggar vart det, før 9. mai, meldt at feringa av Frigjeringsdagen 2014 offisielt vart avlyst i Kiev. I tillegg vart det sagt at ein i det vestlegaste Ukraina i staden skulle hylla Bandera. Den USA-sponsa «Radio Svoboda» presenterte desse rykta som ei avisand og lo av alt saman. Og rett nok: Jamvel om feiringa i Kiev vart i kraftig nedtona, skal den offisielle grunngjevinga ha vore redsle for sokalla «prorussiske» provokasjonar (og ikkje avlysing av dagen). Og det er ikkje umogeleg at dette var grunnen til at feiringa vart nedtona.

Men ein annan grunn som er mogeleg er at mange oppfattar det slik, etter kvart, at Russland/Putin har fått eit slags eigarskap til dagen slik at det å feira dagen er å feira Russland. Elles kan ein og ha vore redde for reaksjonar etter 1. mai-feiringa i Odessa, og nedbrenninga av fagforeiningsbygget der.

Og nett difor – slik stemninga er i Russland og i Aust-Ukraina – er det etter mitt syn neppe noko som kunne hatt ei meir neddempande effekt på konfliktnivået, eller som hadde hatt ein større «in your face»-effekt på Putin – enn ei storslegen Frigjeringsfeiring i Kiev.

Men spørsmålet er om det hadde lege til rette for ei slik feiering. For som radio Svoboda i ovannemnde artikkel innrømer, har den fungerande presidenten tidlegare ytra ynskje om å snu dagen frå sigersdag til minnedag. Og KyivPost — ofte sitert på Twitter i desse dagar – rådde i si tid Janukovitsj til, i staden for å strippa Bandera for heltestatus, å poengtera at Frigjeringsdagen, 9. mai, ikkje berre var ein siger over tyskarane men òg ei konsolidering av Sovjetmakta.

Slike ting gjer det lett å tru at det òg låg politiske motiv til botnar for nedtona Frigjeringsdagen dette året.

Bandera og protestane mot Janukovitsj

So kvifor braut protestane mot Janukovitsj ut rundt årsskiftet? Til Dagsnytt 18 og andre aktualitetsprogram på NRK, vart i vinter ei ung ukrainsk dame frå Den ukrainske foreininga i Noreg ofte invitert. På spørsmål om det at Janukovitj eventuelt skreiv unnder på ei avtale med EU ville vera nok til å få slutt på protestane, svara ho at nei, han måtte – same kva – gå.

Kvifor måtte Janukovitsj gå same kva? Dette var trass alt ting ho sa før den store drapsdagen på Maidan.

NRK skulle spurd henne om korleis ho såg på Bandera. Det som er heilt klårt er at Janukovitsj provoserte mange med å fjerna heltestatusen hans. Og kven veit? Kanskje var det også difor Jusjenko gav Bandea offisiell heltestatus, fordi han forstod at Janukovitsj ikkje kunne godta dette. Og at Jusjenko vidare såg føre seg at so snart Janukovitsj rørde ved heltestatusen, kunne den oppøste stemninga rundt dette nyttast til å samla motstand mot Janukovitsj.

Dette er er iallfall, etter mitt syn, ein minst like truverd teori som dei mange teoriane om korleis Putin har lege bak og styrd alt saman.

Eg vågar difor den påstanden at Bandera er mykje nærare kjernen i Ukraina-konflikten enn det mange i Vesten likar å gå ved. Utan at Vesten konfronterer den nasjonalistiske sida på dette. Heller ikkje Strømmen konfronterer seg sjølv eller lesarane sine når han framstiller «Bandera-ismen» som ei marginal sak på den mest yttarlegåande høgresida i ukrainsk politikk.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Mons Henrik Slagsvold

160 innlegg  2436 kommentarer

Nyanser.

Publisert nesten 6 år siden

Alltid befriende med nyanseringer og alternative forståelser slik jeg leser ditt innlegg. Ser aldri Dugin nevnt på russiske medier, men det kan selvfølgelig være av taktiske grunner.

La også merke til at Jan Otto Johansen mente i et av sine innlegg at Dugin ikke har noen innflydelse på russisk politikk. Hvis så var tilfelle ville han mistet nattesøvnen hevdet han.

Kommentar #2

Jan Hårstad

1125 innlegg  2300 kommentarer

Oppsiktsvekkende artikkel.

Publisert nesten 6 år siden

 En helt oppsiktsvekkende god artikkel av Silli. Jeg trodde nesten ikke det fantes så  kunnskapsrike folk i Norge på dette temaet.

 Dugin er jo en slik filosof-fantast som koker og drømmer. Folk som tror det russiske Sikkerhetsrådet og Generalstaben lar seg veilede av noe sånt,kan ikke være riktig kloke. Glem nå ikke at Russland var dypt involvert i første og annen verdenskrig. 90% av krigingen i annen verdenskrig fant sted i Russland og ØstEuropa,mange kaller den en tysk-russisk krig. De lar seg ikke veilede av selvutnevnt flogvit fra akademia.

Kommentar #3

Leif Halvard Silli

69 innlegg  589 kommentarer

Meir om Dugin og Bandera

Publisert nesten 6 år siden

Takk for hyggjelege innspel.

Til Slagsvold: Eg har det litt som du – eg har høyrd fint lite om Dugin. Det er iallfall ikkje nokon Dugin-feber i Russland. Han var jo med å starta det nasjonalbolsjevistiske partiet, som arrangerer denne «russisk marsj» – som ikkje akkurat har nokon Kreml-tilslutnad, det eg veit. Eg var ikkje klar over at t.o.m. Jan Otto Johansen avviser at Dugin er viktig. Eg tenkjer vel at ein ekpspert på Hate speech og nazisme i Tyskland, Italia, Nederland og Sverige gjerne ikkje veit all verda om Russland og Urkaina.

Til Hårstad: Det er mykje som handlar om (u)vilje til å sjå ting frå visse synsvinklar.

Noko av det viktigaste for meg med denne artikkelen var å syna kor diamentralt motsett folk i Ukraina ser på si nære soge. For ein liten, men viktig, del av Ukraina - Galitsia – er Bandera ein stor helt. For mesteparten av resten av landet er han ein forrædar. På nettsida til den Ukrainsk-katolske kyrkja er det t.d. lett å finna stoff om Bandera. (Til samanlikning finst det ikkje ein einaste setning om Bandera under www.katolsk.no.

I — orsak — Kiev-propagandaen vert det sagt at folk i Aust- og Sør-Ukraina lid under mangel på info. Dei fær berre russisk TV, stakkars. Kor mykje som er i dette veit eg ikkje. Men når ukrainske media helst er på ukrainsk – og ikkje på russisk, skjer ein vel av greina der ein ville at Aust- og Sør-Ukrainane skulle sitja.

Det er sagt at konflikten har førd til samling av landet. I norske media har ukrainar t.d. skrive om at ein i Vest har sendt bodskapar på russisk til aust, for å syna at ein kjem dei i møte. Greitt. Flott. Men dette provar jo og kor stort gap det er mellom dei ulike delene av landet – når ein må driva dialogarbeid inne i landet sjølv! Men er det dialogarbeid? Eller er det misjonering?

Og når det gjeld Bandera, so er ikkje dette noko som dukka opp i februar. Det er ikkje dagens propaganda frå Kreml som gjer at folk er skeptiske til Bandera. Dette har dei i seg frå før. Slik at det går ikkje - det er ikkje truverd - å skulda på propagandaen.

Når det gjeld temaet kyrkje og religion, så har nasjonlistane i Kiev som prosjekt å få bort den Ukrainske Ortodokse kyrkja som tilhøyrer Moskvapatriarkaet. Dei vil i staden at den meir eller mindre sekteriske Kievpatriarkatet som einaste, nasjonale kyrkje. Strevet deira for dette fører til at dei omtalar Moskvapatriarkaet si kyrkje som femtekolonne og spionar. Kva er det, om ikkje eit slag religiøs forfylgjing?

Eg vil gjerne at Ukraina skal vera eitt land. Men med den politikken som nasjonalistane fører er det stor fare for at det kjem til ei grense der det ikkej lenger er mogeleg.

Kommentar #4

Njål Kristiansen

158 innlegg  20651 kommentarer

Publisert nesten 6 år siden
Jan Hårstad. Gå til den siterte teksten.
En helt oppsiktsvekkende god artikkel av Silli. Jeg trodde nesten ikke det fantes så kunnskapsrike folk i Norge på dette temaet.

Jeg kan bare istemme. Det er bra det finnes innsiktsfulle folk med føttene trygt plantet på jorden som kan sørge for at verifiserbar og ordentlig informasjon kommer inn i debattene. 

Mest leste siste måned

Muskuløs kristendom
av
Hilde Løvdal Stephens
rundt 1 måned siden / 1219 visninger
Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
18 dager siden / 1183 visninger
Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
12 dager siden / 1173 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
4 dager siden / 792 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 1 måned siden / 714 visninger
Eit ansvarslaust Europa
av
Emil André Erstad
27 dager siden / 646 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere