Verdidebatt

Gimme Jesus, Constantine!

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Gimme Jesus, Constantine!

1700 years a slave. Lenkene forvitrar.  Dette har tært på. Kjerka er skral og skrantar. Gikta gir peikepinn på korleis ver og vind har sett sine spor. Kjerka er gammal, men ho er ikkje lenger Hans hus. God has left the building. For Den høgste bur ikkje i hus som er laga med hender, men slår seg til inne i kroppen  til kvar den som inviterer han inn. Vet du ikke at det er DU som er Guds tempel og at Guds Ånd bor i DEG? Dei fjonge fjørene som kjerka i fleire hundreår har pynta seg med har lenge nok gjort nytten som fikenblad. Vår åndelige gudstjeneste  føregår mellom øyrene på oss. La dere forvandle ved at sinnet fornyes! Kanskje oppfatninga av Guds «hus» er ei tankebygning vi før jo heller skal la gå opp i røyk? Kjerkebrannane på 90-talet var brutale ut ifrå eit kulturskattperspektiv. Rå kriminalitet. Men om Gud også kan tale gjennom andre kanalar enn Bibelen og skaparverket, kunne han hatt noko å melde til sitt folk i kongeriket gjennom desse brannane? Da så han på alle omkring seg i synagogen, harm og bedrøvet over deres harde hjerter. Og han undret seg over deres vantro.

Kjerka har blitt ein størrelse som eksisterer uavhengig av Bibelen. Vi er i ferd med å miste ein generasjon fordi kjerka har gjort den gamle boka irrelevant.  Har Gud virkelig sagt? Er det ikkje ekkoet frå slangen i hagen vi høyrer også i dag? Eller kva har Paulus å stille opp med når bispekollegiet har sagt sitt, eller lærde på MF og TF, eller kongregasjonskomiteen i Roma? Anemisk og utvendig gudsdyrking er som lakserolje for Vårherre. Eller brekkmiddel. Konfirmantar får sin bibel, men Boka er usynleg når kjerkefolket kjem saman. Er det dette ein kallar hykleri, skal tru? Bibelen har i dag ein autoritet på linje med Ikea-katalogen og Donald Duck.

Jesus var ingen religionsstiftar, snarare ein religionsdödare og stod for ein irreligiøs og anti-institusjonell spiritualitet. Dere vil ikke komme til meg slik at dere kan ha liv. Går det an å snakke om Bibelens Jesus utan ved hjelp av religiøs innpakning? Er kultus nødvendig? Han gjer jo ingen religiøs! Kvifor slå «kristendommen» i hartkorn med «religion» når sistnemnde omgrep har vore ein anakronisme i snart to tusen år? Ein kategorifeil, spør du meg. For kva skal vi med religion og heile kostebinderiet i og med at Jesus oppfylte alle bud og all meir eller mindre kreativ religionsutfalding (Det er fullbragt!)?  Guds vreide fekk sitt endelege utløp og punktum på Golgata, som innleia det nye paradigmet. Før og etter korset. «Kristendom» står det ingenting om i Bibelen, men har blitt ei ytre erstatningsgreie. Ingen var kristne på Jesu tid. Etter Påskedag kan ingen lenger unnskylde seg å seie: Eg visste ikkje. For uvitenhetens tider har Gud båret over med, men nå befaler han alle mennesker at de må vende om. Ikkje mykje dvask dialog på Areopagos, nei.

Kva skal vi eigentleg med jul, påske og pinse og alskens høgtider? Han døydde og stod opp att ein gong for alle. Det bør halde. Utan alle desse repetisjonane som verkar som ei from form for intervall-trening. Er ikkje Han like levande og tilgjengeleg i dag som før – sjølv om vi skulle kome i utakt med kjerkeårets rytme? Viss dei første disiplane hadde nok med Jesus, når melde behovet seg for eit supplement, for «nogo attåt»? Når begynte krafta etter Pinsedag å bli fasa ut? Det jeg har, gir jeg deg. I Jesu Kristi namn: Stå opp og gå! Er du født på nytt, så skal du «sjå» Guds rike, og er du døypt med Heilaganden, så er det på tide å forvente det umoglege. Etter kvart måtte kraft og rett vike for makt. Men game over, Constantine! Vedgå ditt bruderov! Tvangsekteskapet må avviklast! Kostelege glasmåleri, stor takhøgde og god akustikk velsigna du oss med. Det skal du ha! Men i sum kosta dette meir enn det smakte.

Meisteren prata på tampen av sitt jordeliv om at det var ein fordel (sic!) for disiplane at han forsvann.  På rekordtid fekk pinglen (Jeg kjenner ikke denne mannen) erfare åndskraft  (for at iallfall skyggen av Peter kunne falle på dem når han gikk forbi … og alle ble helbredet). Det var oppdraget då. Og i dag. Impossible! Og nettopp det er poenget. Kjerka skal flytte fjell og ikkje papir.

Disiplane opplevde i løpet av få timar ein total make-over, som hadde fortent ei Guinnes-notering. Men så falda termodynamikkens andre lov seg ut. Slusene som opna seg på Pinsedag, vart smått om senn skrudd att nedanfrå. Kraft og kjærleik måtte vike for religion og fasade. I dag sit vi på død kapital, har tørr og god ved som kan gi varme, men vi har rota bort fyrstikkene og fått ei kjerke med like mykje åndeleg pondus som Norges Kaninhoppforening.

Kor lenge skal Matrix skiple gangsynet vårt? «The answer is out there, Neo. It's looking for you », seier Morpheus i filmen "The Matrix".  Matrix er den verda som har tåkelagt synet ditt så du ikkje ser sanninga. Kva for ei sanning? spør Neo. At du er ein slave, seier Morpheus. Som alle andre blei du født til fangenskap, eit mentalt fengsel. The Matrix har kontrollen på oss. Paulus bruker krigerske metaforar for same realitet: Vi må kjempe mot denne verdens gud og usynlige mørke makter i himmelrommet rundt oss og ta på oss Guds fulle rustning og bruke Guds ord som er Åndens sverd. Vi skal ta hver tanke til fange som yppar seg mot kunnskapen om Gud. Vi skal rive ned tankebygninger og legge festninger i grus. Og dersom vi står djevelen imot, skal han flykte fra oss med halen mellom beina.

Har vi å gjere med subtile  kosmiske dødskrefter som manipulerer og narrar oss til å tru at alt er «på stell», så vi berre ser det synlige, som snart skal forgå?  Kven er det som har klart å setje dagsorden siste mannsalder, om ikkje han som er listigere enn alle ville dyr og er kjent for sine lumske angrep? Kva er til dømes forskjellen på kullos, zyklon B, machete, strikkepinnar og vakumsug når du blir ribba for menneskeverdet og vert nekta å bli født? Makt over rett. Estetikk og nyting over etikk. Like så sikkert som at aborttala må ned, må trusa opp. Seksualismen har gått over alle støvleskaft. Du får knapt kjøpt ein skiftenøkkel lenger utan at ein barmfager bimbo poserer som blikkfang. Men det er neppe behov for å hyre storken igjen.

Kva med timing og klassiske dygder som forplikting og sjølvtøyming? Slike verdiar vil gi ryggrad og framtid for dagens unge og vere eit bolverk mot føleri og forbigåande kjemiske prosessar. Dette børogså vere eit apropos til feiringa av Kongeriget Norges Grundlov. Viss der ikkje er forankra moralitet i eit demokrati, så går det utforbakke. Som John Adams, USAs andre president uttrykte det: «Our Constitution was made only for a moral and religious people. It is wholly inadequate to the government of any other.» Finst det meir vektige skrift som vår moralitet bør forankrast i enn den eldgamle Boka?

Kva var det til dømes som kunne få tyske småbarnsfedre til å lage lampeskjermar av jødehud på dagtid og synge «Kjære Gud, jeg har det godt» på kveldstid for barna sine? Har djevelskap alltid ytre observerbare kjenneteikn eller har vondskapen meir subtile måtar å manipulere oss på? Darwinistisk tankegods ga nazismen ryggdekning for djevelskapen. Når klerus og den gemene hop parar seg med slikt grums, må det gå gale. Det materialistisk-naturalistiske menneskesynet er moralsk bankerott. Kven har knabba keisaren sin garderobe?

Når ein stryk tidsånda medhårs, kan sjølv bestialitet og nyheidenskap bli stuereint. Heroldane gjeng arbeidslause medan akademia kalibrerer teologien til motetankar, og evaggelion, den makelause gladnyheita, den gledelege overraskinga som nesten er for god til å vere sann, i beste fall får status som fotnote i Luthersk Kirketidende. Men dette står fast: Guds Sønns blod renser oss for all synd. Med en evig kjærlighet har han elsket deg. Herren er nær hos dem som har et nedbrutt hjerte. Han vil gi deg framtid og håp.

Der er tilgjeving i strie straumar å hente for den som har behov for Han som ingen ser, men som er nærmare deg enn din eigen pust. Han som alle ein gong i framtida må knele for. Kvar har det forresten blitt av Fortellinga, denne narrativen som er så absurd at det einaste «fornuftige» er å tru det, utan å forstå det eller å bevise det? Om livet før byrjinga begynte, utanfor tid og rom. The greatest story (n)ever told.  Han som jublar over deg med fryderop og omgir deg på alle kantar! Han som kjente deg før (sic!) han forma deg i mors liv. Gled dere med meg, for jeg har funnet igjen sølvpengen som jeg hadde mistet.  Han som går over lik, sitt eige, for å redde oss tilbake, for at vi skal bli med i den trefoldige dansen vi vart skapte for.  Kor lenge skal løva burast inne og temmast av tomme  pontifikaliar som heller jublar over at kjerka snart får sitt digitale bibliotek med ei sing-a-long-øvingsplattform for liturgar enn brennhug etter å få gjere det umoglege, plyndre helvete og befolke himmelen?  Swing it i våpenhus og sakristi! Kor lenge skal vi leve i den gammaltestamentlege skyggen før vi kjem ut i det nye paradigmets underfulle lys og gjer dei same gjerningane som Han gjorde og befalte oss å gjere? Helbred syke, vekk opp døde, gjør spedalske rene og driv ut onde ånder! For intet har dere fått det, og for intet skal dere gi det!

Mange engasjerer seg heller i «det muliges kunst». Men er der ingen raringar der ute som trur at Jesus meinte det han sa?  Sannelig, sannelig, jeg sier dere: Den som tror på meg, skal også gjøre de gjerninger jeg gjør.Og om han ikkje meinte det, kvifor sa han ikkje det han meinte? VISS det var Gamlefar som tok initiativet til dei eldgamle skriveria, korfor skulle ikkje han kunne klare å kommunisere sitt hjarte og sin vilje til oss gjennom Boka, gjerne kryptisk, men dekoda av Heilaganden, som skulle lære oss alt og rettleie oss til heile sanninga og forherlige meisteren? Ein som har skrudd saman eit molekyl og eit univers så finstemt, klarer også å uttrykke seg like presist i Boka.

Er der ingen esel der ute som kan skrike? Eller oksar som kan raute? Er der ingen steinar som kan rope? Kvar er jesusnerdane som vågar å gjere dei same gjerningane som han gjorde, ikkje for å lage show, men i teneste for andre og i lydnad mot Han som bad oss om å gjere det umogelege? Mission impossible! Naturleg overnaturlege.  Uten meg kan dere ingenting gjøre. «Ingenting» er vel eigentleg nokså lite.

Kva om dei vise menn frå Austerland hadde blitt så fascinert av Betlehemsstjerna at dei begynte å tilbe henne? Vi granskar skriftene (og knapt nok det), men kjem ikkje til han som gir liv. Kva om vi blir så forelska i skattekartet at vi ikkje bryr oss om å leite etter skatten? Skriftene vitner om MEG ! Den som drikker av det vann som JEG vil gi, skal aldri mer tørste! Men så få vil komme til han å drikke. Så er jo også Bibelen som ei billedbok der vi møter Jesus på kvar ei side.Forstandige og kloke skjønar ikkje dette, berre den som er einfaldig og lettare møblert. Neppe dei lærde med svart belte i teologi. Paulus meinte at alle vekttala hans, studiepoenga og den akademiske anseelsen berre kunne skrotast. Samanlikna med hans nye liv var dette å rekne som søppel (sic!). Han hadde slutta å drikke av sprokne brønnar som ikkje held vatn og rusa seg heller på spirit fra oven. Augustin sa at porten inn til Guds Ord er så låg, at vi må bøye oss for å komme inn.

I samme stund jublet Jesus i Den hellige ånd og sa: Jeg priser deg, Far, fordi du har skjult dette for vise og forstandige og åpenbart det for barn og umyndige.Det evige liv er å kjenne deg, og Ham du utsendte, Jesus Kristus.

Går det framleis til helvete utan Jesus, skal tru?Kanskje følgjande påstand har litt å gjere med den ultimate meininga med livet: Ein personleg og intim relasjon til vår Skapar og Herre er meir tilfredsstillande enn nokon orgasme, kulinarisk nyting eller kunstoppleving.

Rabbuni ruler!Slepp løva fri!

“Aslan is on the move!”

Men du ser det ikkje før du trur det!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt